Stortinget
Spørsmål til regjeringen
Representantene kan stille statsrådene skriftlige spørsmål, spørsmål i spørretimen og interpellasjoner, som debatteres i Stortinget. Her er spørsmålene med begrunnelse og statsrådens svar, slik de står hos Stortinget.
Spørsmål stilt eller besvart av Erling Sande ·
289 spørsmål
- 27. okt. 2026Kva vil statsråden gjere for å sikre at kommunane ikkje let vere å utnytte potensialet i det nye naudnettet, på grunn av høge brukskostnadar for kommunane?
- 26. okt. 2026Meiner justisministeren det er akseptabelt at eit drivstofftjuveri på 2500 liter i Gloppen vert henlagt av politiet i Bergen, utan nærare undersøking og utan at lokalt politi har fått beskjed?
- 21. okt. 2026Kan statsråden gje eit oversyn over kva verktøy og opplæringstilbod vi idag har for å sikre elevar i vidaregåande opplæring med psykiske vanskar eit godt opplæringstilbod. Og kva vil statsråden gjere framover for å betre situasjonen for denne gruppa?
- 13. okt. 2026Vil statsråden respektere det tydelege fleirtalsvedtaket i Stortinget frå 6.oktober 2026 om å legge eksisterande reguleringsplan til grunn for E 39 Storehaugen - Førde (Hafstadfjelltunnelen) og snarast gje Statens Vegvesen beskjed om å stoppe det påstarta arbeidet med alternativ tunneltrasè?
- 25. aug. 2026Vil det ved NRK sitt nye hovudkontor på Ensjø vere plass til alle funksjonar som i dag er på Marienlyst og vil til dømes den samla studiokapasiteten for TV-produksjon (antal studio, samla antal kvadrameter mv) bli større eller mindre, eller vil NRK måtte ha fleire lokasjonar etter flyttinga frå Marienlyst?
- 18. aug. 2026Kva vil statsråden gjere for å sikre fleire skulehagar eller liknande tilbod for å styrke kunnskap om mat og matberedskap og for å sikre fleire elevar meistring gjennom praktisk læring?
- 18. aug. 2026Kva er gjort og kva vil statsråden gjere vidare for å følgje opp fleirtalsmerknaden frå næringskomiteen ved behandlinga av ny minerallov som slo fast at Hub for Minerals må løftast opp og vidareutviklast innanfor rammene av ei samla nasjonal satsing?
- 11. aug. 2026Kva har blitt gjort for å følgje opp stortingsfleirtalet sin merknad og kva vil regjeringa gjere framover for å løyse denne krevjande flaskehalsen på E39?
- 7. aug. 2026Vil statsråden sjå på om omsetningskravet i Merkurordninga kan knytast konkret til daglegvarer, eller på annan måte sikre at lokale verksemder sine initiativ for å etablere utsal av andre produkt eller aktivitetar ikkje vert stansa på grunn av utforminga av forskrifta.
- 7. aug. 2026Kva vil statsråden gjere for å leggje sunn fornuft til grunn i namnesakene og redusere konfliktene rundt namnesaker, og er statsråden samd i at der det lokalt er semje om namnevalet skal staten ikkje innføre nye namn?
- 16. juni 2026Kan statsråden gjere greie for kor stor andel av NRK sitt programbudsjett for TV som har vorte lagt ut til eksterne produksjonsselskap i 2023, 2024 og 2025 og kor stor andel av NRK sitt programbudsjett for TV som gjekk til å produsere TV, utanom ordinære nyheiter, ved NRK sine distriktskontor i åra 2010 og 2025?
- 12. juni 2026Meiner statsråden at Statped si avgrensing av tilgangen til tilrettelagde skolelydbøker er i tråd med målet om ein inkluderande skule, der alle elevar har tilgang til nødvendige læremiddel, og vil statsråden gripe inn for å sikre at elevane også har dette tilbodet til hausten?
- 11. juni 2026Kan statsråden gjere greie for det totale antall tilsette i NRK i åra 2000, 2010 og 2025 og antall tilsette ved NRK sitt hovudkontor på Marienlyst dei same åra?
- 29. mai 2026Vil statsråden ta grep for å sikre elevgruppen tilknyttet spesialsykehuset for epilepsi i Sandvika et likeverdig opplæringstilbud når tilbudet flyttes over til Nye OUS?
- 18. mai 2026Vil departementet snarast rette opp i misforståingane som gjer at fjernbetente butikkar framleis får avslag på søknad om alkoholsal?
- 29. apr. 2026Spørsmålet går til kommunal- og ikkje minst distriktsministeren. For Senterpartiet er det viktig at vi har levande lokalsamfunn over heile det flotte landet vårt, og det handlar jo om at folk skal ha ein reell valfridom for kvar dei vil busetje seg hen. Likevel handlar det ikkje berre om det, for …
- 29. apr. 2026Kor mange unge med behov for ekstra bistand har per 1. mai 2026 søkt NAV om stønad til å gå på folkehøgskule i skuleåret 2026–2027 etter folketrygdlova §§ 10‑6 og 10‑7, og kor mange av desse har fått innvilga eller fått avslag på søknad om stønad til høvesvis første og andre år på folkehøgskule?
- 16. apr. 2026Kva vil statsråden gjere for at fleire ungdommar rundt om i landet kan få tilbod om tilrettelagt praktisk utdanning tilsvarande "fremtidens skole" i Vikersund?
- 3. apr. 2026Kan statsråden gje ei oversikt over fordeling av nye VTA-plassane i 2026 fordelt fylkesvis og mellom VTA og VTO, samt kor mange av dei som har fått tildelt plass som har ei utviklingshemming?
- 3. apr. 2026Kan statsråden lage eit oversyn over dei 10 største kommunane i landet som er vertskap for utdannings- og forskingsinstitusjonar og kor mykje som blir overført til institusjonar som ligg i desse kommunane?
- 27. mars 2026Når vil regjeringa sende ut det varsla brevet til kommunane, statsforvaltarane og Helsedirektoratet, slik at Stortingets vedtak – og føresetnadane for Merkur-butikkane – vert følgd opp i praksis?
- 27. mars 2026Kva vil statsråden gjere for å sikre tilstrekkeleg veterinærdekning og tenkjer statsråden det er rimeleg at tap av dyr ikkje vert erstatta til tross for at dyreeigar har gjort det den kan for å få veterinær til det sjuke dyret?
- 24. mars 2026Kart frå mellom anna Noregs vassdrags- og energidirektorat gjev kommunane nyttig kunnskap om naturfare ved planlegging av busetnad og næringsaktivitet, sjølv om detaljnivået i kartgrunnlaget ikkje alltid er nok til å fastslå konkret risiko. No melder fleire at krav om ekstra naturfarekartlegging …
- 21. mars 2026Korleis vil statsråden følgje opp Stortinget sitt vedtak frå februar om å sikre skadepoliklinikktilbodet ved lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn, og kva styringssignal har statsråden gjeve helseforetaket med bakgrunn i stortingsvedtaket?
- 16. mars 2026Kva konkrete oppfølging har statsråden hatt mot underliggjande etatar, gjennom tildelingsbrev eller andre styringssignal, for å sikre utviklinga av eit meir heilskapleg og grundig kunnskapsgrunnlag for havbrukets miljøpåverknad, herunder næringa si faktiske og relative påverknad på den norske …
- 21. feb. 2026Har regjeringa dokumentasjon av grunnforholda som tilseier at eit påbygg av dagens Nationaltheater mot vest, slik det er skissert i planane til initiativtakarane, er umulig eller svært kostnadskrevjande?
- 18. feb. 2026Korleis vil statsråden sikre avgangselevane ved Jotunheimen privatistskule rett til førstegongsvitnemål i tråd med Stortinget sitt vedtak?
- 11. feb. 2026Er statsråden samt i at det framstår urimeleg strengt at eit selskap som både har vore og framleis er i front for å etablere utsleppsfri transport og reiseopplevingar ikkje vert innvilga dispensasjon i ein kort periode på grunn av hendingar som ligg utanfor selskapet sin kontroll?
- 5. feb. 2026Kan statsråden gje eit oversyn over korleis dei tildelte statlege forskingsmidlane fordeler seg på mottakarar i dei 19 valkrinsane i Norge?
- 4. feb. 2026Kan statsråden gi en oppdatert oversikt på kommune- og fylkesnivå over hvor mange som har søkt om sletting av studiegjeld etter den nye ordningen med sletting av studielån i 189 distriktskommuner samt Nord-Troms og Finnmark per 1. februar 2026?
- 29. jan. 2026Ein fersk rapport frå Menon Economics peikar på språkbarrierar som ei særleg utbreidd utfordring for utanlandske forskarar. Dette var ei av årsakene til at Senterpartiet i regjering innførte krav om norsk språkopplæring for utanlandske stipendiatar og postdoktorar. Dette set statsråden si avgjerd …
- 26. jan. 2026Ser ikkje statsråden at måten Riksantikvaren og statsråden her tolkar og praktiserer regelverket svekker legitimiteten til lovgjevinga og skapar politikarforakt?
- 25. jan. 2026Kva vil justisministeren gjere for å sikre at kommunar og andre partar, som Vest politidistrikt si potensielle omorganisering får konsekvensar for, får innsyn i og delta meir aktivt med innspel i den prosessen Vest politidistrikt no har gåande?
- 22. jan. 2026Eit fleirtal på Stortinget slo i november fast at også fjernbetente butikkar skal kunne selje alkoholhaldige varer. Statsråden lova å finne løysingar raskt. Det sa statsråden også i samband med spørsmål i Stortinget tilbake i 2024. No skriv vi 2026 og vi får framleis meldingar om butikkar som ikkje …
- 20. jan. 2026Vil statsråden ta grep for å sikre at elevar som fullfører skuleløpet sitt denne våren ved Jotunheimen privatistskule får rett på førstegongsvitnemål?
- 18. jan. 2026Vil statsråden gripe inn og hindre nedlegging av Førdekontoret og andre sentraliserande grep som Innovasjon Norge no varslar?
- 4. jan. 2026Kva er grunnen til at utdanningsdirektoratet på kort varsel bryt sine tidlegare lovnader til Nordland fylkeskommune og kva vil statsråden gjere for at forsøket med friluftsfag med studiekompetanse kan halde fram til prosessen med ny fag- og timefordeling er ferdig?
- 15. des. 2025Det er stor avstand mellom vurderingane til mediebransjen og Finansdepartementet knytt både til konsekvensar, avgrensingar og proveny av eit plattformnøytralt momsfritak for redaktørstyrte nyhende- og aktualitetsmedia. Vil finansministeren ta initiativ til at bransjen får møte departementet og …
- 5. des. 2025Meiner statsråden det er aktuelt for Økokrim sitt skattekrimprosjekt å sjå på om praksisen med provisjonar i norsk reiseliv vert praktisert i tråd med norske skattereglar?
- 5. des. 2025Når forventer statsråden å legge frem den nye søknadsordningen for dekning av reelle pensjonsutgifter i private barnehager?
- 3. des. 2025Eg skal stille spørsmål om energi, for høg straumpris er no ei utfordring for næringslivet vårt. Tradisjonelt har låg straumpris vore ein stor konkurransefordel for norsk næringsliv, særleg for delar av industrien – god tilgang på energi til låg pris har vore sjølve bakgrunnen for at vi har …
- 1. des. 2025Viser til spørsmål om ordningen for sletting av studielån stilt av Trygve Slagsvold Vedum og besvart av statsråd Sigrun Aasland 10.06.2025. Kan statsråden gi en oppdatert oversikt på kommune- og fylkesnivå over hvor mange som anslagsvis vil falle inn under ordningen med sletting av studielån i 189 …
- 28. nov. 2025Korleis vil regjeringa vil følgje opp Innst. 55 S (2024-2025), der Stortinget peikar på at dei regionale vitensentera bør styrkjast for å gje fleire elevar og lærarar tilgang til framtidsretta læringstilbod i sine lokalmiljø?
- 27. nov. 2025Regjeringa har foreslått å innføre grunnrenteskatt på småkraftverk under 10 MW og sende tidlegare i haust eit slikt framlegg på høyring. Framlegget har møtt massiv motstand. Eit representantforslag fremja av parti som samla har fleirtal i Stortinget, gjer det klart at regjeringa ikkje har fleirtal …
- 6. nov. 2025Verdal kommune vedtok en forskrift om skolekretsgrenser hvor kapasitetshensyn også vektlegges. I forarbeidene til ny opplæringslov slår regjeringen fast at kommunene har mulighet til å vektlegge kapasitetshensyn i tillegg til avstand til nærmeste skole. Samtidig har Statsforvalteren besluttet å …
- 6. nov. 2025Arbeiderpartiet sin ordførar i Lærdal uttalte i 2023: «No slepp folk på denne sida av fjorden å ta fri frå jobben ein heil dag for å ordna seg pass». 24. mars i år sende justisministeren eit brev til Politidirektoratet som handla om strukturtiltak i politiet, innan pass og ID. Nedleggingsavgjerda …
- 30. okt. 2025Kan statsråden svare på kva som vart resultatet av møte mellom Statens Vegvesen og Helsedirektoratet i august 2025 om regelverket knytt til førarkort for personer med synsfeltutfall, korleis det vidare arbeidet er tenkt og kva tid regelverkendringar kan forventast?
- 16. okt. 2025Ifølgje Helsedirektoratet var ambulansen i grisgrendte strøk knytt til AMK-sentralen i Førde framme innan målet på 25 minutt i 77,7 prosent av tilfella i 2024. Ofte er det dei pasientane som opplever lang responstid, som også har lengst reiseveg til sjukehus. Likevel føreslår Helse Førde HF ein …
- 30. sep. 2025Kva vil statsråden gjere for å sikre at jerv som kjem inn i områder der beitedyra har prioritet vert tatt ut og at det skjer raskt slik at det ikkje vert store tap av beitedyr?
- 12. sep. 2025Kva har statsråden tenkt å gjere for å hindre nedlegging av viktige funksjonar ved lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid, og vil statsråden gje eit tydeleg signal til helseforetaket at dei foreslåtte strukturendringane ikkje kan aksepterast?
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Bare besvarte spørsmål. Skriftlige spørsmål besvares skriftlig, og svaret står her. Spørretimespørsmål og interpellasjoner besvares muntlig i Stortinget, og svaret står i referatet på stortinget.no.