Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3536 · 2025-2026

Kva er gjort og kva vil statsråden gjere vidare for å følgje opp fleirtalsmerknaden frå næringskomiteen ved behandlinga av ny minerallov som slo fast at Hub for Minerals må løftast opp og vidareutviklast innanfor rammene av ei samla nasjonal satsing?

Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 18. august 2026. Svaret kom 26. august 2026.

Fra
Erling Sande (Sp)
Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
18. august 2026
Besvart
26. august 2026

Spørsmål

Kva er gjort og kva vil statsråden gjere vidare for å følgje opp fleirtalsmerknaden frå næringskomiteen ved behandlinga av ny minerallov som slo fast at Hub for Minerals må løftast opp og vidareutviklast innanfor rammene av ei samla nasjonal satsing?

Begrunnelse

Hub for Minerals AS er etablert som nasjonal innovasjonsklynge for mineralnæringa, med utgangspunkt i avtalen frå 2011 mellom Nordic Mining, vertskommunane Sunnfjord og Askvoll og fylkeskommunen. Klynga arbeider med kompetansebygging, forskingsbasert innovasjon og nye verdikjeder basert på restmassar frå mineralproduksjon, saman med industri, utdannings- og forskingsmiljø og forvaltning.
I innstillinga om ny minerallov uttalte fleirtalet i næringskomiteen, alle medlemmene med unntak av medlemmet frå Raudt: «Det er viktig at dette prosjektet blir løftet opp og videreutviklet, innenfor rammene av en samlet nasjonal satsing på framtidens norske bærekraftige mineralvirksomhet.» (Innst. 521 L (2024-2025).)
Den regionale innsatsen er på plass. Vestland fylkeskommune vedtok i april 2026 ein samarbeidsavtale med vertskommunane og Nordic Mining som utløyser inntil 5 millionar kroner til eit treårig klyngeprosjekt. Kompetansen som no blir bygd, har overføringsverdi til mineralprosjekt i heile landet.
Regjeringa sin mineralstrategi, den nye minerallova og EU si forordning om kritiske råvarer føreset meir nasjonal foredling, betre samordning og sterkare kompetansemiljø.
Det er difor behov for avklaring av kva departement og verkemiddelaktørar som får ansvar for oppfølginga, kva tidsplan regjeringa legg opp til, og om oppfølginga får budsjettmessig verknad frå 2027. Utan slik avklaring blir kostnaden ved å byggje eit nasjonalt kompetansemiljø for mineralnæringa liggjande på regionale aktørar åleine. Det var ikkje føresetnaden til komitéfleirtalet.

Svar

Næringsministeren Cecilie Myrseth, 26. august 2026

Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for ei berekraftig og framtidsretta mineralnæring i Noreg. Den nye minerallova, som trådde i kraft 1. juli, understøtter dette målet ved å løfte fram god og berekraftig ressursutnytting som eit sentralt formål.

Eg har merka meg næringskomiteens merknad om Hub for Minerals og den rolla initiativet kan spele i utviklinga av kompetanse, samarbeid og innovasjon i mineralnæringa. Det er positivt at regionale aktørar har teke initiativ til å vidareutvikle samarbeidet gjennom etableringa av eit klyngeprosjekt. Erfaring og kompetanse frå arbeidet i Sunnfjord, både når det gjeld næringsutvikling, lokal forankring og samhandling mellom ulike aktørar, kan vere relevante også for andre delar av landet. Eg er kjend med at DMF har hatt dialog med Hub for Minerals gjennom det siste året, og ser positivt på at direktoratet vurderer korleis kunnskapen og erfaringane frå initiativet kan skape synergieffektar og styrke andre relevante satsingar.

Det er fleire initiativ og samarbeidsarenaer som skal bidra til auka utnytting av overskotsmassar og styrka ressurseffektivitet i mineralnæringa. Eg vil særleg framheve Gruveforum, som vart lansert av Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) tidlegare i år. Forumet skal fungere som ein møteplass for aktørar som har ansvar i utviklinga av mineralprosjekt.

Eventuelle prioriteringar og budsjettmessige konsekvensar må vurderast innanfor dei ordinære budsjettprosessane. Dersom det er aktuelt med statleg medverking til konkrete prosjekt, kan dei ansvarlege aktørane fremje søknader som vil vurderast på ordinær måte.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.