Muntlig spørsmål nr. 6 · 2025-2026
Spørsmålet går til kommunal- og ikkje minst distriktsministeren. For Senterpartiet er det viktig at vi har levande lokalsamfunn over heile det flotte landet vårt, og det handlar jo om at folk skal ha …
Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Bjørnar Skjæran, 29. april 2026.
- Fra
- Erling Sande (Sp)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Bjørnar Skjæran
- Datert
- 29. april 2026
- Besvart
- 29. april 2026
Lokalforvaltning · Distriktspolitikk · Samferdsel · Luftfart
Spørsmål
Spørsmålet går til kommunal- og ikkje minst distriktsministeren.
For Senterpartiet er det viktig at vi har levande lokalsamfunn over heile det flotte landet vårt, og det handlar jo om at folk skal ha ein reell valfridom for kvar dei vil busetje seg hen. Likevel handlar det ikkje berre om det, for det handlar også om at den største verdiskapinga – tru det eller ei – ikkje skjer i denne byen, men langs kysten vår og i industrisamfunna våre spreidde ut over heile landet. Skal denne verdiskapinga halde fram, må næringslivet kunne rekruttere den kompetansen og dei folka dei treng. Då må vi leggje til rette for at det er attraktive lokalsamfunn å busetje seg i for den arbeidskrafta, og på same måte som vi har tiltak, særskilde tiltak, for storbyproblematikken, må vi også ha ein aktiv politikk for å utvikle lokalsamfunna våre over heile landet.
Dessverre har Arbeidarpartiet dei siste åra gått til angrep på nokre av dei viktige verkemidla for å få dette til. Ein har føreslått å ta frå folk rett til nedskriving av studielån, ein føreslo auka kostnad for mange av ferjestrekningane langs kysten, og denne veka fekk vi også melding om at Arbeidarpartiet vil auke prisen med 20 pst. utover prisveksten for dei mange som er avhengige av flya på kortbanenettet. Og ikkje nok med det: Ein skal også byggje ned rutetilbodet, noko som gjer at lokalsamfunn som Florø, Førde og Røros får både eit dårlegare tilbod og ein høgare pris på flyrutene sine.
Mitt spørsmål er: Kvar var eigentleg distriktsministeren då Arbeidarparti-regjeringa bestemte seg for å byggje ned flytilbodet og auke prisen for folk langs kysten vår?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.