Skriftlig spørsmål nr. 2568 · 2025-2026
Kor mange unge med behov for ekstra bistand har per 1. mai 2026 søkt NAV om stønad til å gå på folkehøgskule i skuleåret 2026–2027 etter folketrygdlova §§ 10‑6 og 10‑7, og kor mange av desse har fått innvilga eller fått avslag på søknad om stønad til høvesvis første og andre år på folkehøgskule?
Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til arbeids- og inkluderingsministeren, Kjersti Stenseng, 29. april 2026. Svaret kom 7. mai 2026.
- Fra
- Erling Sande (Sp)
- Til
- Arbeids- og inkluderingsministeren · Kjersti Stenseng
- Datert
- 29. april 2026
- Besvart
- 7. mai 2026
Spørsmål
Kor mange unge med behov for ekstra bistand har per 1. mai 2026 søkt NAV om stønad til å gå på folkehøgskule i skuleåret 2026–2027 etter folketrygdlova §§ 10‑6 og 10‑7, og kor mange av desse har fått innvilga eller fått avslag på søknad om stønad til høvesvis første og andre år på folkehøgskule?
Begrunnelse
Den siste tida har fleire folkehøgskular meldt om at unge med behov for ekstra bistand får avslag på søknader om stønad frå NAV til å gå på folkehøgskule i skuleåret 2026–2027. Tilbakemeldingane tyder på at delen som får avslag kan vere høgare enn tidlegare år. Samstundes viser NAV sjølv til at praksisen i hovudsak er uendra, og at om lag 60 prosent av søkjarane får innvilga stønad, medan rundt 40 prosent får avslag.
Sommaren 2021 vedtok Stortinget Meld. St. 25 (2020–2021) Likeverdsreformen. I meldinga blir det understreka at opphald på folkehøgskule kan vere eit viktig og verdifullt tilbod for unge med utviklingshemming og andre med behov for ekstra bistand. Det går fram at folketrygda gir stønad til ekstrautgifter ved eit slikt opphald i eitt år, med moglegheit for forlenging i enkelte tilfelle, og at dersom heimkommunen ikkje har eit betre tilrettelagt tilbod, kan vidare stønad til folkehøgskule også utover eitt år vere eit godt alternativ.
Gitt opplysningane om at mange får avslag frå NAV, er det grunn til å undersøkje om dagens praksis samsvarer med måla i Likeverdsreformen om likeverdige moglegheiter og reell tilgang til utdanning og utvikling for unge med behov for ekstra bistand.
Svar
Arbeids- og inkluderingsministeren Kjersti Stenseng, 7. mai 2026
Jeg har fått følgende informasjon fra Arbeids- og velferdsdirektoratet. Per 1. mai har Arbeids- og velferdsetaten behandlet 59 søknader om stønad til folkehøgskole for kommende skoleår. Av disse er 28 søknader innvilget og 31 søknader er avslått. To av avslagene og ingen av innvilgelsene gjaldt søknad om tilskudd til et andre år på folkehøyskole. Resten av søknadene gjaldt tilskudd til et første år på folkehøgskole.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.