Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 187 · 2026-2027

Vil statsråden respektere det tydelege fleirtalsvedtaket i Stortinget frå 6.oktober 2026 om å legge eksisterande reguleringsplan til grunn for E 39 Storehaugen - Førde (Hafstadfjelltunnelen) og snarast gje Statens Vegvesen beskjed om å stoppe det påstarta arbeidet med alternativ tunneltrasè?

Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Kamzy Gunaratnam, 13. oktober 2026. Svaret kom 20. oktober 2026.

Fra
Erling Sande (Sp)
Til
Samferdselsministeren · Kamzy Gunaratnam
Datert
13. oktober 2026
Besvart
20. oktober 2026

Spørsmål

Vil statsråden respektere det tydelege fleirtalsvedtaket i Stortinget frå 6.oktober 2026 om å legge eksisterande reguleringsplan til grunn for E 39 Storehaugen - Førde (Hafstadfjelltunnelen) og snarast gje Statens Vegvesen beskjed om å stoppe det påstarta arbeidet med alternativ tunneltrasè?

Begrunnelse

Statens Vegvesen sitt framlegg om å starte eit nytt planarbeid til erstatning for den vedtekne reguleringsplanen for E39 Storehaugen - Førde har skapt sterke reaksjonar både frå Sunnfjord Kommune, Regionrådet Fjordane og Vestland Fylkeskommune. Strekninga ligg inne med oppstart i første del av nasjonal transportplan og nærmar seg anleggsstart.
Den vil vere ei sårt tiltrengt oppjustering til 2 felts veg for deler av E39 i Sunnfjord, erstatte den ulukkesutsette Haldbrenslia og sikre betre framkomst for den viktigaste vegåra langs vestlandet. Eit breitt fleirtal i Stortinget gjorde i samband med trontalen vedtak som gjorde det klart at den gjeldande planen for vegtraseen skal leggast til grunn. Til tross for vedtaket i Stortinget har Statens Vegvesen i dagane etter vedtaket, tydeleg halde fram arbeidet i med å starte arbeidet alternativ plan som kommunen og fylkeskommunen har motsett seg, og som Stortinget har eit klart vedtak mot. Det er oppsiktsvekkjande.

Svar

Samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam, 20. oktober 2026

Vedtaket som representanten viser til, betyr å gå vidare med et forslag som anslagsvis kostar 460 mill. 2025-kr kr meir enn alternativet som blir stoppa før det er ferdig utgreia. Dei auka kostnadene vil mellom anna bety høgare bompengar. Dei førebels berekningane til Statens vegvesen viser at bompengetakstane, dersom den opphavlege løysinga vert lagd til grunn, vil bli 105 kr (med 75 pst. takst på sideveg). Dersom den nye løysinga til Statens vegvesen vert lagd til grunn, viser dette ein bompengetakst på 67 kr (med 50 pst. takst på sideveg).

Statens vegvesen opplyser samstundes at omreguleringa av den nye løysinga ikkje ville ha ført til nokre forseinkingar for oppstarten av prosjektet, og byggjetida med den nye løysinga vil bli kortare. Den nye løysinga vil òg krevja mindre beslag av dyrka mark. Medan den opphavlege løysinga legg beslag på over 50 dekar, vil den nye løysinga reduserast til under det halve. Den nye løysinga vil òg ha lågare klimagassutslepp, førebels berekna til 2000-3000 tonn mindre CO2 utslipp i byggjeprosessen.

Eg vil vise til at Samferdselsdepartementet gjennom fleire år og under ulike regjeringar har arbeidd med å effektivisere vegutbygginga i Noreg, med sikte på å få meir att for pengane. Eit viktig verkemiddel for å oppnå dette er mellom anna etableringa av porteføljestyring i Statens vegvesen, som delvis er basert på Nye Veier-modellen. Føremålet med porteføljestyring er meir effektiv ressursutnytting, auka samfunnsnytte og større fleksibilitet til å tilpasse prosjekt undervegs. Porteføljestyring inneber mellom anna moglegheita til å optimalisere, skalere ned eller endre omfanget av prosjekta i tråd med ny teknologi, ny kunnskap, endra behov og oppdaterte krav før spaden blir sett i jorda.

Statens vegvesen presenterer kvart år sitt forslag til rekkefølgje for gjennomføring av planporteføljen (porteføljeprioritering). Som omtala i Prop. 1 S (2024-2025) for Samferdselsdepartementet har Statens vegvesens planportefølje ei samla referanseramme og skal sørge for at prosjekta kan verte realisert innan denne ramma. Ved kostnadsauke i eit prosjekt under planlegging skal Statens vegvesen vise mogleg inndekning gjennom kutt i andre prosjekt i porteføljen. Dersom eit prosjekt opplever forseinkingar i planlegginga eller får vesentlege kostnadsaukar, vil andre prosjekt i porteføljen kunne rykke fram i køen.

Når Statens vegvesen har sett kostnadsauke i prosjektet E39 Storehaugen – Førde og vurderer om prosjektet kan bli endra for å få kostnadene ned att, er det altså heilt i tråd med systemet som blei utvikla i arbeidet med Meir for pengane til NTP 2022-2033. Da med Jon Georg Dahle frå FrP var statsråd, lagt fram for Stortinget av statsråd Knut Arild Hareide frå KrF og som blei lagt til grunn i NTP 2025-2036 av Ap/Sp-regjeringa der Erling Sande sjølv var statsråd. Det har altså vore brei politisk semje om ordningane vi har for porteføljestyring.

Statens vegvesen har identifisert løysingar som vil redusere kostnadene, betre klima- og miljøavtrykket og redusere byggjetida for E39 Storehaugen – Førde. Etter mi vurdering ville det difor vore naturleg at Statens vegvesen hadde fullført planlegginga av alternativet som ser ut til å ha lågast kostnad og best samfunnsøkonomi.

Eg merkar meg likevel Stortingets vedtak og vil følgje opp dette.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.