Skriftlig spørsmål nr. 2025 · 2025-2026
Kva konkrete oppfølging har statsråden hatt mot underliggjande etatar, gjennom tildelingsbrev eller andre styringssignal, for å sikre utviklinga av eit meir heilskapleg og grundig kunnskapsgrunnlag …
Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 16. mars 2026. Svaret kom 24. mars 2026.
- Fra
- Erling Sande (Sp)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
- Datert
- 16. mars 2026
- Besvart
- 24. mars 2026
Spørsmål
Kva konkrete oppfølging har statsråden hatt mot underliggjande etatar, gjennom tildelingsbrev eller andre styringssignal, for å sikre utviklinga av eit meir heilskapleg og grundig kunnskapsgrunnlag for havbrukets miljøpåverknad, herunder næringa si faktiske og relative påverknad på den norske villaksbestanden, jf. oppmodingsvedtak 1041 i havbruksforliket?
Begrunnelse
I Meld. St. 24 (2022–2023) Framtidas havbruk – berekraftig vekst og mat til verda omtalar regjeringa påverknaden frå lakselus på villaks. Målet er å ivareta dyrevelferd, omsynet til villaksen og vidare vekst i oppdrettsnæringa.
Næringskomiteen har i si handsaming av meldinga understreka at framtidig regulering skal vere kunnskapsbasert og byggje på faktisk miljøpåverknad. Vidare fatta Stortinget oppmodingsvedtak 1041, der regjeringa blir beden om å sørgje for eit meir heilskapleg og grundig kunnskapsgrunnlag om havbrukets miljøpåverknad, herunder næringa si faktiske og relative påverknad på villaksen. Eit viktig premiss i vedtaket er at arbeidet skal sikre brei deltaking frå forskarar og fagfolk, samt openheit om metodar og modellar.
Svar
Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 24. mars 2026
Eg svarer på spørsmålet ut frå ansvaret mitt for miljøpåverknad frå havbruk, inkludert påverknad frå lakselus på ville laksebestandar. Det er klima- og miljøministeren som har det heilskaplege ansvaret for vill laksefisk.
Vi har i dag eit godt kunnskapsgrunnlag når det gjeld miljøpåverknad frå havbruk, særleg knytt til påverknad frå lakselus, men eg er oppteken av at dette stadig må verte utvikla. Dette kjem mellom anna til uttrykk i tildelingsbrevet til Havforskingsinstituttet, der eit prioritert tiltak er at instituttet kontinuerleg skal forbetre kunnskapsgrunnlaget og utvikle risikorådgivinga for påverknad frå akvakulturproduksjon, slik at rådgivinga blir meir dekkjande og tek omsyn til samla påverknad.
For 2026 er det eit prioritert tiltak at Havforskingsinstituttet skal bidra inn i arbeidet med oppfølginga av Meld. St. 24 (2024–2025) Fremtidens havbruk. I Meld. St. 24 (2024–2025) blir det skissert ulike alternativ for regulering av utslepp av lakselus, med sikte på å nå miljømålet. I den samanhengen har Nærings- og fiskeridepartementet bedd Havforskingsinstituttet utarbeide eit naturfagleg råd om storleiken på eit akseptabelt utsleppsnivå av luselarver. Det går fram av bestillinga at instituttet skal involvere relevante forskingsinstitusjonar i arbeidet. Det skal gjerast greie for relevante og tilgjengelege modellar som kan nyttast i utrekningane, om fleire modellar kan nyttast i kombinasjon, samt i kva grad bruk av fleire modellar reduserer uvisse. Rådet vil bli publisert og inngå i grunnlaget for avgjerder om framtidig regulering av utslepp av lakselus, og medverke til utvikling av eit stadig meir heilskapleg og grundig kunnskapsgrunnlag for miljøpåverknaden frå havbruk.
Havforskingsinstituttet nytta 346 mill. kroner til akvakulturforsking i 2025. Miljøpåverknad frå havbruk utgjer hovuddelen av dette. I tillegg blir forsking på havbruk og berekraft finansiert gjennom Forskingsrådet sine program.
Det følgjer av tildelingsbrevet til Veterinærinstituttet for 2026 at også dei skal bidra inn i oppfølginga av Meld. St. 24 (2024–2025). Vidare går det fram at Veterinærinstituttet skal utarbeide ei oversikt over helsestatus hos villfisk, og der det er relevant, synleggjere samanhengen mellom alvorlege sjukdommar hos villfisk og oppdrettsfisk. Instituttet skal auke kunnskapen om smittestoff og dei viktigaste drivkreftene for utvikling av sjukdom og dødelegheit hos både oppdrettsfisk og villfisk. Vidare skal instituttet vidareutvikle kunnskapen om korleis lakselus frå oppdrett påverkar vill laksefisk.
Tildelingsbreva til både Fiskeridirektoratet og Mattilsynet presiserer at dei skal prioritere å bidra inn i oppfølginga av Meld. St. 24 (2024–2025). Det blir òg understreka at vidareutvikling av digital samhandling mellom havbruksnæringa og styresmaktene, og mellom forvaltings- og tilsynsmyndigheiter, vil vere viktig. Mattilsynet arbeider med utvikling av regelverk for automatisk luseteljing, medan Fiskeridirektoratet arbeider med biomassekontroll. Desse tiltaka vil styrkje datagrunnlaget, og betre tal for både fisk og lus vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag.
Avslutningsvis vil eg understreke at sjølv om kunnskapsgrunnlaget kan og skal vidareutviklast, har vi tilstrekkeleg kunnskap til å tillate drift og regulere havbruk i Noreg. Eg ser samstundes eit behov for å kommunisere tydelegare korleis det noverande kunnskapsgrunnlaget knytt til lakseluspåverknad på vill laksefisk blir til. Mykje tyder på at ordningane for innhenting og vurdering av kunnskap om lusepåverknad ikkje er tilstrekkeleg kjende. I den samanhengen viser eg til mitt svar på spørsmål nr. 1927 til skriftleg svar om å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag for havbruket sin miljøpåverknad, sendt til Stortinget 18. mars 2026.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.