Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 376 · 2025-2026

Arbeiderpartiet sin ordførar i Lærdal uttalte i 2023: «No slepp folk på denne sida av fjorden å ta fri frå jobben ein heil dag for å ordna seg pass». 24. mars i år sende justisministeren eit brev til …

Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Astri Aas-Hansen, 6. november 2025. Svaret kom 11. november 2025.

Fra
Erling Sande (Sp)
Til
Justis- og beredskapsministeren · Astri Aas-Hansen
Datert
6. november 2025
Besvart
11. november 2025

Spørsmål

Arbeiderpartiet sin ordførar i Lærdal uttalte i 2023: «No slepp folk på denne sida av fjorden å ta fri frå jobben ein heil dag for å ordna seg pass». 24. mars i år sende justisministeren eit brev til Politidirektoratet som handla om strukturtiltak i politiet, innan pass og ID. Nedleggingsavgjerda tok regjeringa ein månad før dei visste kor mange som brukte dei nye passkontora.
Meiner justisministeren det er god samfunnsøkonomi i at folk i Lærdal i framtida på nytt må ta seg fri en hel dag for å få seg pass?

Svar

Justis- og beredskapsministeren Astri Aas-Hansen, 11. november 2025

Med om lag 1 million ID-dokument kvart år, er utferding av pass og ID-kort ein relativt stor del av politiet si oppgåveportefølje. Det er viktig at vi prøver å tilby tenesta på ein så ressurseffektiv og føremålstenleg måte som mogleg, samstundes som vi tek vare på eit best mogleg tilbod. Løyvingane til politiet skal gi oss den polititenesta som innbyggjarane og samfunnet har behov for.
Regjeringa meiner at eit godt tilbod om pass og ID-kort kan givast både gjennom passkontor og passbussar. På bakgrunn av dei politifaglege tilrådingane foreslår vi difor å leggje ned 14 av dei 15 nye passkontora og erstatte dei med eit tilbod om passbussar. Vurderingane er mellom anna basert på oppdaterte besøkstal for dei nye kontora frå 2024 og 2025.
I framlegget til statsbudsjett er vi tydelege: kontora skal ikkje stengjast før eit tilsvarande eller betre tilbod gjennom passbussar er på plass.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.