Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1292 · 2025-2026

Kva vil justisministeren gjere for å sikre at kommunar og andre partar, som Vest politidistrikt si potensielle omorganisering får konsekvensar for, får innsyn i og delta meir aktivt med innspel i den prosessen Vest politidistrikt no har gåande?

Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Astri Aas-Hansen, 25. januar 2026. Svaret kom 27. januar 2026.

Fra
Erling Sande (Sp)
Til
Justis- og beredskapsministeren · Astri Aas-Hansen
Datert
25. januar 2026
Besvart
27. januar 2026

Spørsmål

Kva vil justisministeren gjere for å sikre at kommunar og andre partar, som Vest politidistrikt si potensielle omorganisering får konsekvensar for, får innsyn i og delta meir aktivt med innspel i den prosessen Vest politidistrikt no har gåande?

Begrunnelse

Vest Politidistrikt har varsla at dei arbeider med ein omfattande prosess som mellom anna vedrører organisering av politidistriktet. Polititenestene er av stor viktighet for innbyggarar, lokalsamfunn, kommunar og andre institusjonar. Det er svært lite involvering i prosessen som no vert køyrt og media får heller ikkje innsyn i dei ulike modellane som vert drøfta. Det er aukande uro for at ting vert avgjort utan at endringane vert tilgjengeleg for debatt og innspel frå dei som politiet trass alt er til for.

Svar

Justis- og beredskapsministeren Astri Aas-Hansen, 27. januar 2026

Vest politidistrikt greier for tida ut korleis de kan utnytte ressursane sine best mogleg, slik at dei får mest mogleg kriminalitetsbekjemping og beredskap for midlane dei blir tildelte. Dette er i tråd med regjeringas politikk for staten generelt og for arbeidet med å utvikle ein langsiktig plan for politiet. For å kunne ta gode avgjerder, treng ein eit godt beslutningsgrunnlag. Før politiet tek større avgjersler, vil dei berørte kommunane vert involverte i det eksisterande kommune-politi-samarbeidet, dei tillitsvalde gjennom etablerte prosessar for medverknad, og andre berørte partar på egna vis.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.