Skriftlig spørsmål nr. 3476 · 2025-2026
Kva har blitt gjort for å følgje opp stortingsfleirtalet sin merknad og kva vil regjeringa gjere framover for å løyse denne krevjande flaskehalsen på E39?
Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. august 2026. Svaret kom 18. august 2026.
- Fra
- Erling Sande (Sp)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 11. august 2026
- Besvart
- 18. august 2026
Spørsmål
Kva har blitt gjort for å følgje opp stortingsfleirtalet sin merknad og kva vil regjeringa gjere framover for å løyse denne krevjande flaskehalsen på E39?
Begrunnelse
Den korte strekninga gjennom Gullkista på E39 i Gloppen har svært dårleg standard og det oppstår jamnleg trafikkfarlege situasjonar og vegstengingar på strekninga. SVV har peika på at ein ny tunnel på 650 meter og omlag 850 meter veg i dagen er svaret på utfordringane. Stortinget viste så tidleg som i 2015 til følgjande i merknad «komiteens flertall har merka seg behovet for utbetring av strekningen Sandane -Byrkjelo på E 39. Flertallet ber regjeringen arbeide for at planarbeidet ferdigstilles slik at utbetring av flaskehalser kan igangsettes."
I dokumentet Handlingsprogram 2018 til 2023 frå SVV står det: « Det settes også av midler til å gjennomføre utbetring av delstrekninger på E 39 mellom Sandane og Byrkjelo i Sogn og Fjordane»
I mars 2021 varsla regjeringa at det var sett av 5 mill i statsbudsjettet for 2021 til arbeidet på utbetring av vegen Sandane - Byrkjelo og at SVV ville starte reguleringsarbeidet i 2021 i tråd med føringane i statsbudsjettet.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 18. august 2026
Reguleringsplan for E39 Gullkista i Gloppen kommune er under utarbeiding av Statens vegvesen i samarbeid med kommunen. Løysinga er, som representanten omtalar i spørsmålet sitt, ein relativt kort tunnel, og tilhøyrande dagsoner for å knyte seg til eksisterande veg på ein trafikksikker og elles god måte. Det er snart klart for å legge planforslaget ut til offentleg ettersyn.
Prosjektet har ein venta kostnad under 1 mrd. kroner. For slike mindre prosjekter er det ikkje krav om omtale av kostnadsramme for Stortinget, og Statens vegvesen vil difor vurdere prosjektet innanfor tildelte økonomiske rammer og fullmakter i det enkelte budsjettår.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.