Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Stortinget

Spørsmål til regjeringen

Representantene kan stille statsrådene skriftlige spørsmål, spørsmål i spørretimen og interpellasjoner, som debatteres i Stortinget. Her er spørsmålene med begrunnelse og statsrådens svar, slik de står hos Stortinget.

Spørsmål stilt eller besvart av Anne Grethe Hauan ·

73 spørsmål

  1. 1. nov. 2026Kva vil statsråden gjera for å sikra eit forsvarleg og likeverdig helsetilbod til personar med alvorleg og svært alvorleg ME som ikkje toler transport til sjukehus eller poliklinikk, og vil statsråden ta initiativ til å kartleggja omfanget av og kvaliteten på dagens tilbod og vurdera etablering av …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  2. 1. nov. 2026Kvifor må Vitality i Vestfold planleggja vidare drift utan rekrutterings- og samhandlingstilskotet når evalueringa viser gode resultat, og kva vil statsråden gjera for å sikra forutsigbarhet og hindra at tilbodet blir svekka eller avvikla når denne støtta tar slutt?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  3. 25. okt. 2026Korleis meiner statsråden at Hjernerådet skal kunna etablera og drifta den nasjonale forskingshuben innanfor dagens økonomiske rammer, utan at det går ut over organisasjonen sitt eksisterande arbeid, og kva konsekvensar meiner statsråden manglande finansiering vil få for gjennomføringa av oppgåva …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  4. 25. okt. 2026Korleis vil statsråden ta vare på personar med alvorleg høyrselstap som treng cochleaimplantat, i den vidare satsinga på høyrselshelse i Noreg?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  5. 18. okt. 2026Kvifor har ikkje statsråden sørga for opprydding i feilaktig eigenbetaling for tryggleiksalarm trass i tidlegare regelavklaringar og kjennskap til ulik praksis, kva ansvar vil statsråden ta for å sikra ei samordna opprydding, og har statsråden oversikt over korleis kommunane skal handtera dei …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  6. 18. okt. 2026Vil statsråden sørgja for at innlegging og behandling på sjukehus blir hovudregelen ved abort og behandlingskrevjande svangerskapstap, både når kvinna sjølv ønskjer abort og når behandling er nødvendig av medisinske årsaker, medan medikamentell behandling heime blir eit alternativ for kvinner som …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  7. 11. okt. 2026Kan statsråden gjera greie for om det dei siste åra er gjort endringar i regelverk, førarkortrettleiar eller praksis for pasientar som brukar cannabisbaserte legemiddel, og kva som eventuelt var grunngjevinga for desse endringane?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  8. 4. okt. 2026I svar på Dokument 15:3939 (2025–2026) viser statsråden til at apoteka har nødprosedyrar, at Apotekforeningen arbeider med ein tiltaksplan ved bortfall av digitale løysingar, og at apotek kan nytta nødekspedisjon. Meiner statsråden at dette er tilstrekkeleg for å sikra lik tilgang til nødvendige …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  9. 27. sep. 2026Vil statsråden gjera greie for kvifor Noreg ikkje har nytta høvet til å gjera unntak for sigarar og sigarillos etter artikkel 11 i EUs tobakksdirektiv, og vil statsråden vurdera å utsetja iverksetjinga av dei nye krava for sigarar medan saka blir vurdert, slik at små norske importørar og …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  10. 27. sep. 2026Kva vil statsråden gjera for å sikra at alle apotek har ei robust og fungerande reserveløysing når dei nasjonale resept- og ekspedisjonssystema sviktar, slik at pasientar får nødvendige reseptpliktige legemiddel også på kveldar og i helger, og vil statsråden sørga for tydelege og like nasjonale …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  11. 20. sep. 2026Har regjeringa vurdert kostnadane og dei samfunnsøkonomiske gevinstane ved å innføra refusjon for førebyggjande behandling hos autorisert fotterapeut for personar med diabetes som har moderat eller høg risiko for fotsår, og dersom dette ikkje er vurdert, vil statsråden ta initiativ til ei slik utgreiing?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  12. 20. sep. 2026Kva konkrete resultat har kome ut av dialogen statsråden varsla med Helsedirektoratet og dei regionale helseføretaka etter funna ved Sykehuset i Vestfold HF, jf. Dokument 15:2341 (2025–2026), og kva nye nasjonale tiltak vil statsråden setja i verk etter dei alvorlege funna om langvarig beltebruk ved Sandviken?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  13. 17. aug. 2026Vestfold står framfor ein kraftig vekst i talet på eldre. Samtidig aukar behovet innan psykisk helse, rus, rehabilitering, kroniske sjukdommar og avansert medisinsk behandling. Regjeringa forventar kortare ventetider og høgare aktivitet, medan den økonomiske langtidsplanen til Sykehuset i Vestfold …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  14. 16. aug. 2026Korleis vil statsråden sikra at spesialiteten i psykoterapi for barn og unge blir vidareført og tatt vare på i arbeidet med ei eventuell offentleg spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for psykologspesialistar, slik at barn og unge med komplekse og langvarige vanskar framleis får tilgang til …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  15. 16. aug. 2026Kva vil statsråden gjera for å sikra tilstrekkeleg fagkompetanse og forsvarleg bemanning i døgnbaserte tenester innan psykisk helsevern, og kva tiltak vil statsråden setja i verk for å redusera bruken av ufaglærte og hindra at fleire sjukepleiarar sluttar i tenesta?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  16. 29. juni 2026Kva krav gjeld til lysbehandlingsutstyr hos avtalespesialistar som behandlar pasientar med psoriasis på vegne av den offentlege spesialisthelsetenesta, og meiner statsråden at dagens krav sikrar eit likeverdig behandlingstilbod, mellom anna tilgang til lyskam for pasientar med psoriasis i hovudbotnen?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  17. 28. juni 2026PMOS (tidlegare PCOS) er ei av dei vanlegaste kroniske hormonforstyrringane hos kvinner og rammar om lag 300 000 kvinner i Noreg. Likevel finst det ingen eigne medisinar, kunnskapen er framleis mangelfull, og mange blir behandla med legemiddel utvikla for andre sjukdomar. Kva vil statsråden gjera …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  18. 28. juni 2026Meiner statsråden det er akseptabelt at pasientar i Noreg framleis får lungekreft oppdaga for seint, etter sju år med utgreiing utan resultat – eller tek statsråden no ansvar og sørgjer for at dette ikkje blir endå ei sak som blir liggjande medan tida går og folk døyr i påvente av handling?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  19. 22. juni 2026Menneske med migrene, klasehodepine og andre alvorlege hodepinesjukdomar skal ofte leva med sjukdomen resten av livet. Vil statsråden ta initiativ til å etablera eit rehabiliteringstilbod som gir desse pasientane kunnskap om sjukdomen, meistringsstrategiar og hjelp til å handtera kvardagen?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  20. 15. juni 2026Korleis meiner statsråden at pasientane skal kunna skilja mellom ein akupunktør med fireårig NOKUT-godkjent utdanning og andre alternative behandlarar, når dei blir regulerte etter den same lova, og vil statsråden ta initiativ til ei ny vurdering av autorisasjon eller anna regulering av akupunktørar?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  21. 14. juni 2026Kor mykje tid og ressursar meiner statsråden at helsevesenet brukar på attestar og dokumentasjon for personar med medfødde, varige eller livslange tilstandar, og vil statsråden ta initiativ til at slike personar som hovudregel berre treng å dokumentere diagnosen sin éin gong?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  22. 11. juni 2026Vil statsråden sette arbeidet med strengere regulering av solariebransjen i bero, og i stedet sikre at eventuelle videre endringer bygger på et oppdatert og bredt kunnskapsgrunnlag, med dialog med relevante fagmiljøer og bransjen om hvordan regelverket kan innrettes og hvordan befolkningen best kan …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  23. 5. juni 2026Meiner statsråden at Stortinget si føresetnad om eit likeverdig behandlingstilbod til pasientar med sjeldne sjukdommar er oppfylt når pasientar med same diagnose kan få ulik tilgang til behandling avhengig av om dei fekk behandling før eller etter at finansieringsansvaret vart flytta frå …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  24. 2. juni 2026Vil statsråden sørge for en oppdatert vurdering i Nye metoder for hypoglossal nervestimulering (HGNS/Inspire), slik at pasienter som ikke tolererer CPAP får et reelt og tidsriktig behandlingstilbud i Norge?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  25. 31. mai 2026Kor mange pasientar ved Sykehuset i Vestfold har i kvart av dei siste fem åra blitt registrerte som utskrivingsklare, men blitt verande på sjukehus fordi kommunen ikkje kunne ta imot dei, kor mange overliggjardøgn utgjer dette per år, og kva har vore dei vanlegaste årsakene til at pasientane ikkje …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  26. 31. mai 2026Kva veit statsråden om kva hjelp personar med atypisk parkinsonisme, Huntingtons sjukdom og andre sjeldne og alvorlege nevrologiske sjukdommar faktisk får, og om tilgangen til rehabilitering, logoped, fysioterapi og annan nødvendig oppfølging varierer avhengig av kvar i landet dei bur?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  27. 24. mai 2026Kvifor har regjeringa framleis ikkje funne pengar til ei ordning for Varhaug-ofra, og meiner statsråden verkeleg at dette er ei god nok oppfølging av menneske som staten svikta for nærmare 50 år sidan?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  28. 11. mai 2026Noreg har visst om eldrebølga i fleire tiår, men fødselstala er framleis låge og helse- og omsorgstenestene manglar allereie folk mange stader. I Vestfold er utviklinga særleg tydeleg, med fleire eldre og færre barn og unge framover. Samtidig opplever mange unge dyrtid, høge bustadprisar, skattar …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  29. 5. mai 2026Kva vil det kosta å innføra statleg dekning av TBE-vaksine for innbyggjarar i område med høg smitterisiko, som Vestfold og Telemark, vil statsråden fremja forslag om å innføra ei slik ordning, kva tid kan ei slik ordning eventuelt vera på plass, og kva blir gjort for å utvikla behandling eller …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  30. 19. apr. 2026Riksrevisjonen slår i Dokument 3:8 (2025–2026) fast at barn og unge ikkje får hjelp i tide, at bustad avgjer tilbodet, og kallar manglande styring og kapasitet kritikkverdig. I praksis står barn i lange køar, også gjennom PP‑tenesta, utan reelt høve til å velja type behandling. Me i …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  31. 12. apr. 2026I svar på skriftleg spørsmål nr. 15:2103 viser statsråden til auka henvisningar og kapasitetsauke, men svarar ikkje på kvifor ventetidene framleis kan vera opp mot 80 veker, eller kva konkrete tiltak som er sette inn for dei som ventar no. Kan statsråden svara direkte på dette?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  32. 12. apr. 2026Korleis kan statsråden forsvara at det framleis skjer alvorlege svikt i bruk av tvang i norsk psykiatri, slik Sivilombudet dokumenterer ved Sykehuset i Vestfold HF, kva konkrete tiltak vil statsråden setja i verk for å rydda opp, når vil dei vera på plass, og kva meiner statsråden er årsaka til at …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  33. 5. apr. 2026Korleis har utviklinga i beslag av tobakksfri snus på veg inn til Noreg vore sidan produkta kom på marknaden rundt 2017?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  34. 5. apr. 2026På kva grunnlag kan regjeringa halda fram eit forbod mot e-sigarettar, når Stortinget har vedteke at dei skal bli tillatne når tobakksdirektivet trer i kraft?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  35. 29. mars 2026Når regjeringa vil at folk skal bu heime lengst mogleg, kvifor opplever mange at hjelpa frå kommunen først og fremst handlar om medisinar, medan det som held kvardagen i gang – som mat, reinhald, klesvask og handling – i liten grad blir tilbydd, sjølv om litt hjelp kunne gjort at fleire klarte seg …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  36. 29. mars 2026Med bakgrunn i svaret til skriftlig spørsmål nr. 15:117280 (2025–2026), der statsråden både viser til kapasitetsproblem og legg ansvaret til helseføretaka, stadfestar statsråden då at pasientar i praksis kan få ulik CT-oppfølging etter kreftoperasjon avhengig av kvar dei bur, og kvifor grip han i …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  37. 22. mars 2026Vil statsråden ta ansvar for at alvorleg psykisk sjuke ikkje blir fanga opp i tide dersom manglande kapasitet, døgnplassar og oppfølging i psykisk helsevern kan føra til alvorlege valdshendingar eller drap, og kva konkrete tiltak vil statsråden setja inn no for å styrkja behandlingstilbodet og den …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  38. 22. mars 2026Helsemyndigheter har lagt til grunn at barn med mistanke om autisme bør få starta utgreiing innan rundt 12 veker. Samtidig er det rapportert ventetider på opptil rundt 80 veker enkelte stader. Regjeringa har også avvikla fritt behandlingsval utan at kapasiteten fullt ut er erstatta. Kva vil …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  39. 15. mars 2026Kan statsråden gjera greie for om kapasitet, tilgang på utstyr eller mangel på fagfolk innan CT (bildediagnostikk) kan påverka oppfølginga av kreftpasientar, og kva som blir gjort for å sikra at pasientar får like god tilgang til nødvendige undersøkingar og kontrollar uansett kvar i landet dei bur?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  40. 15. mars 2026Kven har fatta avgjerda om å avvikla alle døgnplassane ved DPS Tynset, er saka behandla og vedtatt i styret i helseføretaket, og meiner statsråden det er forsvarleg å gjennomføra nedlegginga frå 1. april 2026 når nytt behandlingstilbod ikkje er avklart og pasientar frå fleire kommunar vil få …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  41. 10. mars 2026om statsråden vil legge frem en erstatningsordning og en statlig unnskyldning for ofrene etter Varhaug-saken, og sikre fremdrift i arbeidet.Interpellasjon fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  42. 10. mars 2026om statsråden vil ta initiativ til en gjennomgang av regelverk, kunnskapsgrunnlag og praksis for medisinske cannabispreparat i Noreg, og i den samanhengen vurdere å nytte erfaringane og kunnskapsgrunnlaget frå Danmark.Interpellasjon fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  43. 8. mars 2026Kva vil helseministeren gjera for å sikra at kvinner med rusproblem som er utsette for vald faktisk får eit trygt tilbod, og meiner statsråden at dagens kapasitet og organisering gir denne gruppa eit reelt vern?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  44. 8. mars 2026Kan statsråden avklara om Helse Sør-Øst RHF eller Sykehuset i Vestfold HF arbeider med planar om å redusera, flytta eller avvikla smertebehandlingstilbodet i Tønsberg, og kva vil statsråden gjera for å sikra at pasientar i Vestfold ikkje mistar eit viktig behandlingstilbod?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  45. 1. mars 2026Norge har i dag eit høgt forbruk av sovemedisin og andre avhengigheitsskapande legemiddel. Kva meiner statsråden bør gjerast for å redusere langvarig bruk av slike legemiddel, og for å sikre at pasientar med søvnproblem eller kroniske plager får behandling som gir betre livskvalitet og mindre risiko for avhengigheit?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  46. 1. mars 2026Kva er anslått nivå på avgiftsinntektene frå snussalet i 2026 basert på framskrivingar av tal frå Skatteetaten, og kan finansministeren gjera greie for kva provenyverknader regjeringa ventar av forslaget om ei ny maksgrense for nikotin i snusposar, inkludert anslag for bortfall av særavgift og …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til finansministeren
  47. 26. feb. 2026Størstedelen av den vaksne befolkninga har overvekt eller fedme, seier Folkehelserapporten til FHI. Fedme er ein sjukdom som rammar ulikt, til dømes geografisk og sosio-økonomisk. Ofte er det dei med høg betalingsevne, god helsekompetanse og dei mest ressurssterke som får mest hjelp. Kva vil …Spørretimespørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  48. 20. feb. 2026Kva tid vil regjeringa leggje fram den varsla planen for gjennomføring og evaluering av forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet, og når kan Stortinget forvente å få planen til behandling?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  49. 20. feb. 2026Korleis vil statsråden sørgja for at OUS byggjer skulefasilitetar ved Nye Rikshospitalet som oppfyller opplæringslova sitt krav til eit forsvarleg opplæringstilbod, ivaretek prinsippet om barnets beste og Noregs plikter etter Barnekonvensjonen, og korleis vil statsråden sikra at flyttinga ikkje …Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren
  50. 7. feb. 2026Korleis vil statsråden sikra at ordninga med fritt val av behandlingsstad faktisk fungerer i praksis for ruspasientar, når fleire aktørar melder at økonomiske omsyn i sjukehusa i realiteten avgrensar pasienten sitt val?Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Bare besvarte spørsmål. Skriftlige spørsmål besvares skriftlig, og svaret står her. Spørretimespørsmål og interpellasjoner besvares muntlig i Stortinget, og svaret står i referatet på stortinget.no.