Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3940 · 2025-2026

Vil statsråden gjera greie for kvifor Noreg ikkje har nytta høvet til å gjera unntak for sigarar og sigarillos etter artikkel 11 i EUs tobakksdirektiv, og vil statsråden vurdera å utsetja …

Anne Grethe Hauan (FrP) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Jan Christian Vestre, 27. september 2026. Svaret kom 7. oktober 2026.

Til
Helse- og omsorgsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
27. september 2026
Besvart
7. oktober 2026

Spørsmål

Vil statsråden gjera greie for kvifor Noreg ikkje har nytta høvet til å gjera unntak for sigarar og sigarillos etter artikkel 11 i EUs tobakksdirektiv, og vil statsråden vurdera å utsetja iverksetjinga av dei nye krava for sigarar medan saka blir vurdert, slik at små norske importørar og forhandlarar ikkje blir påførte store kostnader før regelverket er endeleg avklart?

Begrunnelse

Noreg har vedteke å innføra nye krav til helseåtvaringar på tobakksvarer, mellom anna sigarar og sigarkassar. Krava inneber mellom anna at sigarar frå 11. mars 2027 skal ha kombinerte bilet- og tekståtvaringar som dekkjer 65 prosent av både framsida og baksida av emballasjen.

Artikkel 11 i EUs tobakksdirektiv 2014/40/EU opnar for at medlemslanda kan gjera unntak for sigarar, sigarillos og pipetobakk frå kravet om kombinerte bilet- og tekståtvaringar, så lenge emballasjen framleis har tydelege tekståtvaringar som dekkjer høvesvis 30 og 40 prosent av dei aktuelle flatene. Noreg har likevel valt ei strengare løysing enn det som følgjer av minstekrava i direktivet.

Det har kome uro for om den norske gjennomføringa er godt nok vurdert opp mot konsekvensane, særleg fordi sigarar utgjer ein liten marknad i Noreg og ofte blir selde i emballasje som skil seg vesentleg frå sigarettpakkar. Sigarkassar finst i mange storleikar, materiale og utformingar, mellom anna trekassar, kabinetter, tubos, gåvepakningar og spesialutgåver. For fleire av desse produkta kan det vera praktisk krevjande å oppfylla eit standardisert krav om at 65 prosent av både framsida og baksida skal dekkjast av bilet- og tekståtvaringar.

Krava kan òg få utilsikta konsekvensar: mindre lovleg vareutval, høgare kostnader for små importørar og spesialforretningar, mindre lønsam lovleg omsetning og større risiko for at handelen blir flytta til privatimport eller uregulerte kanalar. Der har norske styresmakter mindre kontroll med aldersgrenser, avgifter og vareflyt.

Svar

Helse- og omsorgsministeren Jan Christian Vestre, 7. oktober 2026

I Norge har det vært bildeadvarsler på all røyketobakk siden 2009. Departementet foreslo derfor i 2016 å videreføre dette også etter de nye direktivreglene.
Jeg mener at det er svært viktig at også de som røyker sigarer og pipe får best mulig informasjon om den alvorlige helserisikoen dette innebærer.
I tobakksdirektivet går det fram det at det kan fastsettes en overgangsperiode på inntil ett år for merkekravene, og Norge kan ikke utvide overgangsperioden utover dette.
Departementet har tidligere hatt møte med aktører fra sigarbransjen der de forklarte at det var vanskelig for dem å påføre helseadvarslene før innførsel til Norge. Departementet vil vurdere å foreslå forskriftsendringer som åpner for unntak fra kravet om at helseadvarslene skal være påførte når varene blir ført inn i Norge. Det kan ta noe tid å få dette på plass. Regelverket åpner i dag for at det kan gis dispensasjon fra dette kravet, og det er Helsedirektoratet som behandler slike søknader.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Anne Grethe Hauan →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.