Skriftlig spørsmål nr. 1788 · 2025-2026
Kva er anslått nivå på avgiftsinntektene frå snussalet i 2026 basert på framskrivingar av tal frå Skatteetaten, og kan finansministeren gjera greie for kva provenyverknader regjeringa ventar av …
Anne Grethe Hauan (FrP) stilte spørsmålet til finansministeren, Jens Stoltenberg, 1. mars 2026. Svaret kom 9. mars 2026.
- Fra
- Anne Grethe Hauan (FrP)
- Til
- Finansministeren · Jens Stoltenberg
- Datert
- 1. mars 2026
- Besvart
- 9. mars 2026
Spørsmål
Kva er anslått nivå på avgiftsinntektene frå snussalet i 2026 basert på framskrivingar av tal frå Skatteetaten, og kan finansministeren gjera greie for kva provenyverknader regjeringa ventar av forslaget om ei ny maksgrense for nikotin i snusposar, inkludert anslag for bortfall av særavgift og meirverdiavgift dersom 50 prosent av snusprodukta og 60 prosent av snussalet fell bort?
Begrunnelse
17. desember 2025 sende regjeringa på høyring eit forslag til endringar i tobakksskadelova med forskrifter. Eitt av forslaga er å innføra ei ny maksgrense for nikotininnhald i snusposar.
Bransjetal anslår at om lag 50 prosent av snusprodukta og rundt 60 prosent av snussalet som i dag skjer i Noreg vil bli ulovleg dersom endringa blir vedteken.
Det er allereie i dag ein betydeleg uregulert handel frå utlandet, som er anslått til om lag 21 prosent basert på undersøkinga Empty Can Survey (ECS).
Svar
Finansministeren Jens Stoltenberg, 9. mars 2026
I statsbudsjettet for 2026 er inntektene frå avgift på tobakksvarer mv. anslått til 7,7 mrd. kroner. Inntektsløyvinga for avgift på tobakksvarer mv. blir vedteke samla på kapittel 5531, post 70. Departementet publiserer difor ikkje separate anslag på inntektene frå avgift på snus. Dei siste åra har avgiftsinntektene frå snus utgjort om lag 30 pst. av avgiftsinntektene frå tobakksvarer.
Regelverksendringar om nikotininnhald i snus og vekt for porsjonssnus er ikkje teke omsyn til i provenyanslaget for 2026, sidan forslag verken var sendt på høyring eller vedteke på det tidspunktet anslaget vart gjort.
Det er uansett ikkje sannsynleg at all omsetnad som vil vere forbode med reglane som er foreslått i høyringa, vil falle bort dersom desse reglane vert vedtekne. Det same gjeld for staten sine avgiftsinntekter. Produsentar vil truleg tilpasse produkta sine til nytt regelverk, og avgifta på snus vert berekna med utgangspunkt i pakninga si nettovekt, ikkje nikotininnhald.
Verknaden på grensehandel og anna uregistrert omsetnad er usikker. At snus kjøpt i Sverige med høgare nikotininnhald enn 12 mg/g vil være forbode å innføre til Noreg, kan trekke i retning av redusert grensehandel og auka registrert omsetnad av snus i Noreg. På ei anna side kan etterspurnaden etter snus med nikotininnhold over lovleg grense i Noreg føre med seg auka smugling og redusert registrert omsetnad i Noreg.
Eg vil òg visa til helse- og omsorgsministeren sitt svar på spørsmål nr. 1755 frå representanten Tage Pettersen. Framlegget om nikotingrense i Noreg er no på høyring. Regjeringa har ikkje teke stilling til vidare oppfølging, og vil først avvente høyringsinnspela.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Anne Grethe Hauan →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.