Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Stortinget

Spørsmål til regjeringen

Representantene kan stille statsrådene skriftlige spørsmål, spørsmål i spørretimen og interpellasjoner, som debatteres i Stortinget. Her er spørsmålene med begrunnelse og statsrådens svar, slik de står hos Stortinget.

Spørsmål stilt eller besvart av Ingrid Fiskaa ·

216 spørsmål

  1. 27. okt. 2026Stortinget har lagt sterke føringar for Forsvarets anskaffing av 28 nye standardiserte sjøfartøy. Det er brei semje om at denne historisk store anskaffinga skal tilfalla norske verft og at fartøya skal byggast i Noreg. Men Forsvarsmateriell opnar no opp for at skroga kan byggast i utlandet. Vil …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren
  2. 13. okt. 2026Kva vil helse- og omsorgsministeren gjera for å sikra det livsviktige behandlingstilbodet for kvinner med underlivskreft og unngå å rasera eit velfungerande fagmiljø på Universitetssjukehuset i Stavanger (SUS)?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til helse- og omsorgsministeren
  3. 9. okt. 2026To år har snart gått sidan Manal og mora Tamara vart evakuerte frå Gaza til medisinsk behandling i Noreg. To år sidan dei såg far og veslebror. Familien har fått innvilga familiegjenforeining, men utan bistand maktar dei ikkje å bli gjenforeint. Kva vil utanriksministeren gjera for at denne og dei …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren
  4. 7. okt. 2026Kva vil landbruksministeren gjera for å hindra at Tine sentraliserer og legg ned anlegga sine i distrikta, slik dei har planar om i eksempelvis Ørsta og Tresfjord i Møre og Romsdal, og dermed svekkjer matberedskapen vår i ei tid då me treng det motsette?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til landbruks- og matministeren
  5. 1. okt. 2026EU-presidenten har lansert ideen om eit europeisk/internasjonalt sikkerheitsråd, der også Noreg blir nemnt som mogleg medlem. Korleis vil dette forhalda seg til Noregs posisjon som medlem av FN og NATO, og kan det koma til å utfordra norsk suverenitet?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren
  6. 25. sep. 2026Regjeringa har som mål at 80 % av offentleg sektor skal bruka kunstig intelligens. Meiner regjeringa framleis at slike prosentmål er ein god måte å styra offentleg sektor etter, og kor stor er bruken av KI i offentleg sektor nå?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren
  7. 11. sep. 2026Kva er årsaka til at ein så stor del av dei kjemikalieskadde oljepionerane får avslag på søknaden om kompensasjon?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren
  8. 11. sep. 2026Kan statsråden gi eit oppdatert anslag over kor mange søknader regjeringa forventar at blir fremma og innvilga under kompensasjonsordninga for kjemikalieskadde oljepionerar, og kva den samla budsjettkostnaden av ordninga då blir i 2026?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren
  9. 5. aug. 2026Vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av regelverket og samordninga mellom Folkeregisteret, Skatteetaten og andre aktuelle etatar, slik at barn fødde av internasjonale foreldre busett på Svalbard blir sikra ein rettsleg avklart foreldrestatus både i Noreg og internasjonalt?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren
  10. 30. juni 2026Meiner statsråden at matjorda, naturområda og lokalsamfunna i Bokn, Tysvær og Sveio er så lite verdt at det er tilrådeleg å gå vidare med planane om firefelts motorveg med 110 km/t på E39 mellom Bokn og Bømlafjorden?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren
  11. 24. juni 2026Riksrevisjonen kritiserte i 2020 mangelfulle konsekvensutgreiingar av endringar i kvotesystemet, særleg knytt til effektar for kystsamfunn, geografisk fordeling og eigarkonsentrasjon. I Fiskeridirektoratet si høyring om fordeling av kvotar når strukturkvotane går ut har fleire organisasjonar peikt …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til fiskeri- og havministeren
  12. 22. juni 2026Vil statsråden sørga for at den livsviktige behandlinga av eggstokkreft og det tilhøyrande fagmiljøet ved sjukehuset i Stavanger ikkje blir lagt ned?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til helse- og omsorgsministeren
  13. 19. juni 2026Korleis har regjeringa tenkt å hindra at rakettoppskyting og militær øvingsaktivitet rammar fiskerinæringa og lokalsamfunnet på Andøya uforholdsmessig hardt, og sikra reell sameksistens mellom ulike næringar?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren
  14. 17. juni 2026Korleis stiller regjeringa seg til EU-kommisjonens forslag om skyleverandørar, og vil regjeringa arbeida for å påverka den vidare lovgivingsprosessen i EU/EØS for å styrka nasjonal og europeisk digital suverenitet?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren
  15. 12. juni 2026Kva vil regjeringa gjera for å aktivt bidra til å hindre at Israel øydelegg verdsarv, både materiell og immateriell, i Libanon, Syria, Iran og Palestina?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren
  16. 5. juni 2026Meiner justis- og beredskapsministeren at den ukrainske familien i Nordreisa kommune, med to døtrer på 6 og 9 år som har budd ein stor del av livet sitt i Noreg, går på skule og snakkar norsk, har det betre i Ukraina enn i Nordreisa?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren
  17. 5. juni 2026Kan statsråden gi eit oppdatert anslag over kor mange søknader regjeringa forventar at blir fremma og innvilga under kompensasjonsordninga for kjemikalieskadde oljepionerar, og kva den samla budsjettkostnaden av ordninga då blir i 2026?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren
  18. 29. mai 2026Kva inneber den totale omlegginga av teleinfrastrukturen dersom Statkraft får lov til å bygga Moifjellet vindkraftverk, kor skal nye master byggast, og kva for naturinngrep vil det medføra?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til energiministeren
  19. 8. mai 2026Sist gong matmomsen vart vesentleg sett ned var i 2001. Korleis har konkurransen i daglegvaremarknaden endra seg frå 2001 og fram til i dag, og kva innverknad trur regjeringa konkurransesituasjonen vil ha for prisane i daglegvaremarknaden dersom matmomsen blir sett ned nå?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren
  20. 6. mai 2026Spørsmålet mitt går til digitaliseringsministeren. Historia om BankID er historia om ein naiv og kortsiktig digital strategi. Det er eit eksempel på at politikk blir redusert til formaningar og forventningar i staden for styring og handlekraft. Har BankID-historia òg blitt historia om eit selskap …Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren
  21. 29. apr. 2026Korleis vil landbruksministeren få fart på den økologiske mjølkeproduksjonen for å nå dei statlege måla om 10 % økologisk innan 2032 og imøtekoma den auka etterspurnaden, når bønder som ynskjer å leggja om til økologisk mjølk blir avvist av Tine v/Norsk Melkeråvare?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til landbruks- og matministeren
  22. 24. apr. 2026Stortinget har vedtatt at den reelle sjølvforsyninga skal opp til 50 prosent innan 2030. Kvifor er ikkje dette nemnt i regjeringa sine føringar for Landbruksdirektoratet i 2026?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til landbruks- og matministeren
  23. 22. apr. 2026Kan statsråden gi eit oppdatert anslag over kor mange fleire søknader regjeringa forventar at blir fremma og innvilga under kompensasjonsordninga for kjemikalieskadde oljepionerar, og kva den samla budsjettkostnaden av ordninga då blir i 2026?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren
  24. 17. apr. 2026Fiskarane i Oslofjorden har i praksis fått yrkesforbod i minst ti år, og i statsbudsjettet er det sett av pengar for å kompensera for bortfall av inntekt. Det er også sett av 100 millionar kroner til naturrestaurering, og i samband med dette har klima- og miljøministeren uttalt at alle fiskarar som …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til klima- og miljøministeren
  25. 10. apr. 2026Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) har på oppdrag frå regjeringa laga planar for eit senario om bruk av atomvåpen i eller nær Noreg, det såkalla Senario 7. Rapporten med råd og tiltak vart levert i fjor sommar. DSA seier at det viktigaste er å sikra at folk veit kva dei skal gjera, …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til helse- og omsorgsministeren
  26. 8. apr. 2026Det er vår, og det er lønsforhandlingar. Fellesforbundet og Norsk Industri er no til mekling om årets lønstillegg for arbeidsfolk. Håpet er at den komande lønsauken ikkje straks blir nulla ut av at vanlege utgifter er høgare enn før. Den bekymringa har ikkje landets toppleiarar. Eit anna sikkert …Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren
  27. 7. apr. 2026Vil det vera i samsvar med statsstøtteregelverket og EØS-avtalen å selja Haugesund lufthamn Karmøy til bokført verdi dersom denne er lågare enn marknadspris, og kan eit eventuelt krav om sal i den opne marknaden for å sikra marknadspris sameinast med behovet for å hindra at uønskte selskap eller …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren
  28. 27. mars 2026Meiner statsråden det er noko i vegen for å be om å overføra ein norsk statsborgar som er pågripen etter ønske frå norsk politi, og som har blitt etterforska av norsk politi i samband med ei sak som går i det norske rettsystemet, frå fengsel i Storbritannia til eit fengsel i Noreg?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren
  29. 20. mars 2026Vil forsvarsministeren informera Stortinget om norsk etterretningsteneste direkte eller indirekte støttar eller gir informasjon til USAs krigføring i Midtausten?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren
  30. 20. mars 2026Det norske CO₂-lageret, Northern Lights, er dimensjonert for stordrift, samtidig som mange norske utsleppskjelder har små og mellomstore volum og ligg spreidd langs kysten. Meiner statsråden at dagens modell ivaretar behova til norske industriaktørar, kva for konkrete tiltak vil regjeringa setta i …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til energiministeren
  31. 10. mars 2026Korleis vil regjeringa sikra at endringar i tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk ikkje fører til auka utflagging av norske skip, svekt rekruttering til maritime yrke og redusert nasjonal beredskap, og vil regjeringa gjennomføra ei grundig konsekvensutgreiing av verknadene for norsk flagg …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til fiskeri- og havministeren
  32. 6. mars 2026USA og Israel har gått til folkerettsstridig angrep på Iran. Statsministeren har sagt at Noreg ikkje skal bli ein del av krigen. Kan forsvarsministeren forsikra om at dette også betyr at norsk etterretningsteneste verken direkte eller indirekte støttar eller gir informasjon til dei krigførande partane?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren
  33. 24. feb. 2026Kva er det konkrete rettslege grunnlaget for at ein firebarnsfar frå Karmøy framleis er fridomsrøva ved Politiets utlendingsinternat på Trandum, trass i at Borgarting lagmannsrett – som Oslo tingrett før – har kome til at utvisinga er ugyldig og i strid med EMK artikkel 8 (retten til familieliv), …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren
  34. 20. feb. 2026Sårbare barnefamiliar på Haugalandet ser ut til å mista eit svært viktig hjelpetilbod fordi Bufdir ikkje vil forlenga avtalen med CRUX Foreldre og barn - Solstrand. Vedtaket vil innebera at eit kompetansemiljø bygd opp over mange år vil bli avvikla, og at familiane må reisa langt for å få hjelp i …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til barne- og familieministeren
  35. 20. feb. 202627. januar endra Innovasjon Norge (IN) søknadsfristen for landbrukets IBU-middel frå 1. april til 15. februar. Konsekvensen er at prosjekt ikkje blir gjennomført, mindre mjølk og kjøtt blir produsert, mindre areal blir utnytta, og i siste instans at fleire bruk blir lagt ned. Vil ministeren pålegga …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til landbruks- og matministeren
  36. 30. jan. 2026Kva vil regjeringa gjera for å hjelpa norske laukbønder som blir ramma av innføringa av EU-forordninga om grenseverdiar av kadmium, i 2026?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til landbruks- og matministeren
  37. 14. jan. 2026Eg vil gjerne utfordra næringsministeren på industripolitikk. Noreg har vore ein industrinasjon i meir enn 100 år. Det har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv industripolitikk. Vasskrafta og olja skulle koma fellesskapet til gode og vera grunnlaget for industriproduksjon i …Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren
  38. 8. jan. 2026Kva ansvar meiner statsråden staten har for å sikra akutt- og ambulanseberedskap ved Haugesund lufthamn Karmøy, når drifta er sett bort til eit privat selskap utan økonomisk bereevne til å ivareta samfunnskritiske funksjonar, og vil statsråden ta initiativ til å sørgja for at nødvendig beredskap …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren
  39. 22. des. 2025Manal og mora Tamara som vart evakuert frå Gaza til Noreg for medisinsk behandling i desember i fjor ventar framleis på gjenforeining med far og veslebror. Samtidig er tilstanden deira ytterlegare forverra. Kva vil utanriksministeren gjera for å sikra Manal og Tamara - som Noreg har påtatt seg …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren
  40. 22. des. 2025Kva er det rettslege grunnlaget for dispensasjonar som slepp havgåande fartøy inn bak fjordlinjene, og vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av dispensasjonspraksisen for å sikra at han er i tråd med Stortingets intensjonar knytt til sjøsamiske interesser, kystfiskarar og vern av sårbare bestandar?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til fiskeri- og havministeren
  41. 7. nov. 2025Regjeringa føreslår å fasa ut ordninga «Noregskunnskap i utlandet», som finansierer utanlandslektorane. Utanlandslektorane underviser i norsk språk, litteratur og kultur, i tillegg til å vera sentrale i kulturarbeid i dei landa dei arbeider i. Korleis vil statsråden grunngi å fasa ut ei ordning som …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsknings- og høyere utdanningsministeren
  42. 24. okt. 2025Kva er grunngivinga for regjeringas skambod på 8G som kompensasjon til oljepionerane?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren
  43. 17. okt. 2025Eg viser til statsrådens møte med Zambias president Hakainde Hichilema i juli, der tema var djupare samarbeid mellom landa. Som ledd i dette arbeidet, vil regjeringa ta initiativ til å gjenopna ambassaden i Lusaka slik Zambia ønskjer?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren
  44. 3. okt. 2025UDI har nekta visum til 15 palestinske studentar som er tatt opp ved Universitetet i Stavanger. Visumnekten har også råka andre institusjonar, som dermed har sett seg nøydd til å slutta med utveksling av studentar og tilsette. Slik utveksling er avgjerande for å kunna bidra til kunnskap og …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren
  45. 12. sep. 2025Kontraktsignering for tunnelprosjektet frå Lovraeidet til Rødsliane i Suldal skulle skje 15. september. Strekninga er mellom dei mest rasutsette i landet. 11. september meldte Statens vegvesen at både signering og byggestart er utsett, og forklarer det med at den avsette økonomiske ramma for …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren
  46. 1. sep. 2025Regjeringa annonserte nyleg at dei har landa på britiske BAE Systems i val av nye fregattar, der ein israelsk underleverandør skal levera teknologi for elektronisk krigføring. Israel har ei av verdas største etterretningar, og det er kjent at dei til og med spionerer på USA. Det vil dermed vera …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren
  47. 1. sep. 2025Regjeringa annonserte nyleg at dei har landa på britiske BAE Systems i val av nye fregattar. Israelske Elbit Systems leverer teknologi for elektronisk krigføring til desse fregattane. Forskar ved Sjøkrigsskulen Tor Ivar Strømmen seier til Teknisk Ukeblad at det er snakk om eit lite undersystem som …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren
  48. 23. aug. 202536 lokaltogsett skulle vera oppgradert innan utgangen av 2025. Nyleg vart det kjent at Norske tog AS har heva kontrakten om oppgraderinga, og at ingen av togsetta er ferdig oppgradert. Kontrakten vart inngått i 2021, og det må ha vore klart i lang tid at planen ikkje let seg gjennomføra. Kva er …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren
  49. 20. aug. 2025Telenor har utlevert sensitive persondata om demokratiforkjemparar til militærjuntaen i Myanmar i lang tid etter kuppet i 2021. Selskapet medverka på denne måten til juntaen si forfølging av motstandsfolk. Kva visste Nærings- og fiskeridepartementet om denne verksemda, og gjorde regjeringa noko …Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren
  50. 17. aug. 2025Vil statsråden nytta høvet før valet og krevja ein miljøtunnel til fordel for hubro, kystlynghei og friluftsliv på Karmøy?Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Bare besvarte spørsmål. Skriftlige spørsmål besvares skriftlig, og svaret står her. Spørretimespørsmål og interpellasjoner besvares muntlig i Stortinget, og svaret står i referatet på stortinget.no.