Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 3 · 2025-2026

Eg vil gjerne utfordra næringsministeren på industripolitikk. Noreg har vore ein industrinasjon i meir enn 100 år. Det har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv industripolitikk. …

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 14. januar 2026.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
14. januar 2026
Besvart
14. januar 2026

Næringsliv · Industri

Spørsmål

Eg vil gjerne utfordra næringsministeren på industripolitikk. Noreg har vore ein industrinasjon i meir enn 100 år. Det har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv industripolitikk. Vasskrafta og olja skulle koma fellesskapet til gode og vera grunnlaget for industriproduksjon i norske lokalsamfunn – ikkje bli selde uforedla ut av landet.

Dei ti oljeboda tidleg på 1970-talet stilte krav om lokalt innhald, teknologioverføring og lokale ringverknader, og sånn skapte me den leverandørindustrien som sysselsette størstedelen av dei som jobbar i olja. Fellesskapet tok gjennom staten ansvar for å sikra verdiskaping og skapa arbeidsplassar.

Så blei den aktive industripolitikken lagt i skuffen. Dei siste tiåra har mantraet både i Noreg og i andre vestlege land vore at marknaden, frihandelen og lågast mogleg pris skal bestemma kvar og korleis industriproduksjonen skal skje. Resultatet ser me: EU er i ferd med å bli avindustrialisert, Asia har teke over, og plutseleg oppdagar me at me er sårbare. Både leverandørindustrien og fastlandsindustrien har tøffe tider no. Rosenberg i Stavanger har allereie gjennomført ei stor nedbemanning. Ved Aker i Verdal kan 300 mista jobben, og jernlegeringsindustrien er i ein dobbelt skvis på grunn av høge straumprisar og EU-toll.

For å sikra og styrkja den norske industrielle ryggrada treng me meir enn frihandel og det å la marknaden rå. Norsk industri kan ikkje alltid tilby den lågaste prisen, men kan gje god kvalitet, låge klimautslepp og vera med på å byggja samfunn og velferd.

Spørsmålet mitt er: Vil regjeringa opna skuffen med alle reiskapane i den aktive industripolitikken og sørgja for at Noreg framleis skal vera ein avansert industrinasjon?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.