Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 123 · 2026-2027

To år har snart gått sidan Manal og mora Tamara vart evakuerte frå Gaza til medisinsk behandling i Noreg. To år sidan dei såg far og veslebror. Familien har fått innvilga familiegjenforeining, men …

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 9. oktober 2026. Svaret kom 19. oktober 2026.

Til
Utenriksministeren · Espen Barth Eide
Datert
9. oktober 2026
Besvart
19. oktober 2026

Spørsmål

To år har snart gått sidan Manal og mora Tamara vart evakuerte frå Gaza til medisinsk behandling i Noreg. To år sidan dei såg far og veslebror. Familien har fått innvilga familiegjenforeining, men utan bistand maktar dei ikkje å bli gjenforeint.
Kva vil utanriksministeren gjera for at denne og dei andre svært få familiane dette gjeld, blir gjenforeinte?

Begrunnelse

Viser til tidlegare spørsmål om same sak spørsmål nr. 2131 (2024-2025) og 975 (2025-2026).

Svar

Utenriksministeren Espen Barth Eide, 19. oktober 2026

Norske styresmakter har over lang tid bistått personar som kan få konsulær bistand frå Noreg med å reise ut av Gaza. Norske borgarar og utanlandske borgarar som var busette i Noreg, har fått tilbod om assistert utreise. Det same tilbodet fekk enkelte nære familiemedlemmer av desse som hadde gyldig opphaldsløyve i Noreg og som reiste saman med dei. Til saman har vi bistått i overkant av 300 personar med å reise ut.

For å kunne bistå denne gruppa med assistert utreise frå Gaza, har ein i praksis òg måtte sørgje for vidare transport ut av regionen og til Noreg. Norske styresmakter har ytt omfattande praktisk bistand i desse sakene, både i samband med sjølve grensepasseringa og med den vidare reisa til Noreg.

Ordninga med assistert utreise frå Gaza er avslutta, og norske styresmakter har ikkje planar om nye assisterte utreiser derifrå.

I sakene representanten viser til, er mor og dotter komne til Noreg gjennom Medevac-ordninga, medan far og eitt barn framleis er i Gaza. Medisinsk evakuering frå Gaza gjer det mogleg for alvorleg sjuke eller skadde pasientar å få nødvendig behandling utanfor Gaza når slik behandling ikkje er tilgjengeleg lokalt. Noreg har gjennom ordninga teke imot pasientar og følgjepersonar frå Gaza. Utveljinga av pasientar og dei registrerte følgjepersonane deira er basert på lister frå Verdshelseorganisasjonen. Dessverre kan familiar bli splitta når pasientar får tilbod om medisinsk behandling i Noreg eller andre land gjennom Medevac-ordninga.

I sakene representanten viser til, dreier det seg om å hjelpe utanlandske borgarar som har fått opphaldsløyve i Noreg, men som ikkje er busette her, med grensepassering og vidare reise til Noreg. Norske styresmakter kan dessverre ikkje gi same type bistand til denne gruppa som til norske borgarar. Eit innvilga opphaldsløyve i Noreg gir rett til innreise i riket, men norske styresmakter kan ikkje ta på seg ansvaret for å sørgje for at alle som har fått eit slikt løyve, kan kome seg hit og ta løyvet i bruk. Det gjeld både personar som oppheld seg i Gaza, og personar andre stader som det kan vere vanskeleg å reise til Noreg frå.

Eg har tidlegare svart på spørsmål om bistand til utreise frå Gaza for personane det gjeld i desse sakene, samt andre personar i tilsvarande situasjon. Eg viser mellom anna til svara mine til representanten Ingrid Fiskaa 12. januar 2026 (nr. 975 (2025–2026)) og 13. mai 2025 (nr. 2131 (2024–2025)), samt til svaret til representanten Hege Bae Nyholt 26. november 2025 (nr. 551 (2025–2026)).


Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.