Skriftlig spørsmål nr. 2937 · 2024-2025
Vil statsråden nytta høvet før valet og krevja ein miljøtunnel til fordel for hubro, kystlynghei og friluftsliv på Karmøy?
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Kjersti Stenseng, 17. august 2025. Svaret kom 22. august 2025.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Kjersti Stenseng
- Datert
- 17. august 2025
- Besvart
- 22. august 2025
Spørsmål
Vil statsråden nytta høvet før valet og krevja ein miljøtunnel til fordel for hubro, kystlynghei og friluftsliv på Karmøy?
Begrunnelse
Fylkesveg 547 Åkra sør - Veakrossen på Karmøy vart stansa av den raudgrøne regjeringa allereie i 2012, men på grunn av ein omkamp etter regjeringsskiftet i 2013 er prosjektet nå for femte gong til behandling hos departementet.
Konsekvensutgreiinga frå 2023 er tydeleg på at ein lang miljøtunnel samla sett er det beste alternativet. Dette - i tillegg til at dette er femte gong saka er til behandling hos departementet - tilseier at dette er ei motsegnssak som ikkje krev ei lang saksbehandlingstid.
Fylkeskommunen fekk i 2023 også laga ein mogleghetsstudie som viser at oppgradering av eksisterande veg vil vera eit godt alternativ til å bygga ny veg på den aktuelle strekninga. Dette viser altså at det heller ikkje er behov for dette kostbare vegprosjektet som vil ha omfattande negative konsekvensar for fleire trua fugleartar, store jordbruksareal og friluftslivsområda aust for Åkra.
Regjeringa har nå høve til å ta motsegna frå Statsforvaltaren til følgje, og dermed støtta kravet om ein miljøtunnel dersom prosjektet skal gjennomførast.
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Kjersti Stenseng, 22. august 2025
Kommunal- og distriktsdepartementet fikk oversendt den aktuelle saken med de gjennomførte tilleggsutredningene fra Karmøy kommune i brev av 1. juli 2025.
Departementet vil behandle saken så raskt det lar seg gjøre, men jeg kan ikke si noe om når det vil bli fattet et vedtak.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.