Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3069 · 2024-2025

Regjeringa annonserte nyleg at dei har landa på britiske BAE Systems i val av nye fregattar. Israelske Elbit Systems leverer teknologi for elektronisk krigføring til desse fregattane. Forskar ved …

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Tore Onshuus Sandvik, 1. september 2025. Svaret kom 9. september 2025.

Til
Forsvarsministeren · Tore Onshuus Sandvik
Datert
1. september 2025
Besvart
9. september 2025

Spørsmål

Regjeringa annonserte nyleg at dei har landa på britiske BAE Systems i val av nye fregattar. Israelske Elbit Systems leverer teknologi for elektronisk krigføring til desse fregattane. Forskar ved Sjøkrigsskulen Tor Ivar Strømmen seier til Teknisk Ukeblad at det er snakk om eit lite undersystem som det bør vera heilt greitt å erstatte med eit anna.
Kan forsvarsministeren stadfesta at det finst alternative leverandørar på marknaden, og at Elbit ikkje er einaste produsent av slik teknologi for elektronisk krigføring?

Svar

Forsvarsministeren Tore Onshuus Sandvik, 9. september 2025

Vi skal kjøpe fregattar frå Storbritannia. Britane har tilbydd oss identiske fartøy, og det er det britiske eksport- og importregelverket som gjeld. Eit grunnleggjande premiss er at fregattane våre skal skaffast, driftast og vedlikehaldas i eit strategisk partnarskap. Dette gir synergiar på drifts- og utdanningssida, og Noreg unngår ulemper ved å vere einaste brukar av eit komplisert, høgteknologisk kampsystem. Ved å bytte ut delar og komponentar mistar vi fordelar ved systemlikskap, og dette er difor ikkje noko Forsvaret eller Forsvarsmateriell har utgreidd nærare. Vi ønskjer den beste fregatten for Noreg, og vi søkjer å oppnå alle fordelane eit partnarskap gir gjennom heilt like system om bord. Fartøya blir vidareutvikla innanfor ramma av partnarskapet.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.