Skriftlig spørsmål nr. 150 · 2025-2026
Eg viser til statsrådens møte med Zambias president Hakainde Hichilema i juli, der tema var djupare samarbeid mellom landa. Som ledd i dette arbeidet, vil regjeringa ta initiativ til å gjenopna ambassaden i Lusaka slik Zambia ønskjer?
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til utviklingsministeren, Åsmund Aukrust, 17. oktober 2025. Svaret kom 24. oktober 2025.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Utviklingsministeren · Åsmund Aukrust
- Datert
- 17. oktober 2025
- Besvart
- 24. oktober 2025
Spørsmål
Eg viser til statsrådens møte med Zambias president Hakainde Hichilema i juli, der tema var djupare samarbeid mellom landa. Som ledd i dette arbeidet, vil regjeringa ta initiativ til å gjenopna ambassaden i Lusaka slik Zambia ønskjer?
Svar
Utviklingsministeren Åsmund Aukrust, 24. oktober 2025
Den norske ambassaden i Lusaka vart stengd 1. juli 2016. Ansvaret for forholdet til Zambia blei samstundes lagt til ambassaden i Lilongwe. Denne beslutninga var del av ein samla gjennomgang av stasjonsstruktur og ressursbruk i utanrikstenesta med mål om meir effektiv prioritering av ressursar.
Regjeringen har per i dag ikkje planar om å gjenopne ambassaden i Lusaka. Relasjonane mellom Noreg og Zambia er gode både i bilaterale spørsmål og i multilateral samanheng. olk- Samarbeidet folk-til-folk er aktivt gjennom frivillige organisasjonar, det samme gjeld kontakten mellom universitet og høgskular. Norsk næringsliv er engasjert innan fleire områder, mellom anna fornybar energi.
Norske interesser og norske borgarar som trenger bistand blir fulgt opp frå ambassaden i Lilongwe, med støtte av det honorære konsulatet i hovudstaden Lusaka. Denne løysinga gjev erfaringsmessig god dekning og naudsynt nærvær i lys av dei oppgåvene vi har i landet.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.