Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1862 · 2025-2026

USA og Israel har gått til folkerettsstridig angrep på Iran. Statsministeren har sagt at Noreg ikkje skal bli ein del av krigen. Kan forsvarsministeren forsikra om at dette også betyr at norsk …

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Tore Onshuus Sandvik, 6. mars 2026. Svaret kom 13. mars 2026.

Til
Forsvarsministeren · Tore Onshuus Sandvik
Datert
6. mars 2026
Besvart
13. mars 2026

Spørsmål

USA og Israel har gått til folkerettsstridig angrep på Iran. Statsministeren har sagt at Noreg ikkje skal bli ein del av krigen.
Kan forsvarsministeren forsikra om at dette også betyr at norsk etterretningsteneste verken direkte eller indirekte støttar eller gir informasjon til dei krigførande partane?

Begrunnelse

Statsministeren sa prisverdig på NRK Politisk kvarter måndag 2. mars at dette ikkje er ein krig Noreg skal bli ein del av.
Tilsvarande har tidlegare statsministrar sagt, til dømes under Irak-krigen frå 2003. Likevel støtta norsk etterretning USA og Storbritannia si krigføring, gjennom det nære samarbeidet med desse landa sine etterretningstenester. Til dømes ga ein lyttestasjon i Nord-Noreg detaljert informasjon om hendingar i Irak til USA. Saka vart omtalt i Nationen 31. mars 2003. Også i dag er det eit tett samarbeid mellom e-tenestene i USA og Noreg.

Svar

Forsvarsministeren Tore Onshuus Sandvik, 13. mars 2026

La meg understreke at eg stiller meg bak at den pågåande konflikten i Midtøsten er svært alvorleg. Regjeringa har vært tydelege på at folkeretten må respekterast av alle parter. Noreg skal ikkje delta i denne krigen.
Noreg har fleire gode etterretningssamarbeid med nære allierte. Offentlegheit kring konkrete sider ved etterretningssamarbeid kan skade tillitsforholdet ovanfor den gjeldande samarbeidspart. Etter reglane i tryggingslova om skjerming av informasjon er dette sikkerheitsgradert informasjon.
Det er viktig for meg å påpeike at Lov om Etterretningstenesta er tydeleg på at det skal vere nasjonal kontroll med all informasjon som delast med internasjonale samarbeidspartnerar, og delinga skal vere i norsk interesse. Etter lova skal etterretningsinformasjon ikkje utleverast dersom det er ein reell risiko for at informasjonen kan medverke til at nokon utsettast for tortur eller annan umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.
Lova har klare reglar for informasjonsutveksling og Etterretningstenesta overheld desse.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.