Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3070 · 2024-2025

Regjeringa annonserte nyleg at dei har landa på britiske BAE Systems i val av nye fregattar, der ein israelsk underleverandør skal levera teknologi for elektronisk krigføring. Israel har ei av verdas …

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Tore Onshuus Sandvik, 1. september 2025. Svaret kom 9. september 2025.

Til
Forsvarsministeren · Tore Onshuus Sandvik
Datert
1. september 2025
Besvart
9. september 2025

Spørsmål

Regjeringa annonserte nyleg at dei har landa på britiske BAE Systems i val av nye fregattar, der ein israelsk underleverandør skal levera teknologi for elektronisk krigføring. Israel har ei av verdas største etterretningar, og det er kjent at dei til og med spionerer på USA. Det vil dermed vera risiko for at det kan tilflyta informasjon til Israel gjennom israelske komponentar i norske skip.
Kan forsvarsministeren garantera at Israel ikkje vil bruka utstyret levert til framtidige norske fregattar til å spionera på Noreg?

Svar

Forsvarsministeren Tore Onshuus Sandvik, 9. september 2025

Straffelova forbyr ulovleg etterretningsverksemd mot Noreg og politiet og Forsvaret arbeider med å avdekkje forsøk på spionasje mot Noreg. Sjølv med målretta innsats er det ikkje mogleg å gi nokon absolutte garantiar for at andre statar ikkje vil drive spionasje mot Noreg i framtida. I dei fleste moderne våpensystema Noreg tek i bruk, vil det nødvendigvis vere komponentar og delar frå andre nasjonar. Det er ikkje mogleg å eliminere all risiko, men det blir gjennomført grundige mottakskontrollar og tryggleiksgodkjenning av nye system før dei blir tekne i operativ bruk av Forsvaret.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.