Skriftlig spørsmål nr. 974 · 2025-2026
Kva er det rettslege grunnlaget for dispensasjonar som slepp havgåande fartøy inn bak fjordlinjene, og vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av dispensasjonspraksisen for å sikra at han er …
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 22. desember 2025. Svaret kom 12. januar 2026.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
- Datert
- 22. desember 2025
- Besvart
- 12. januar 2026
Spørsmål
Kva er det rettslege grunnlaget for dispensasjonar som slepp havgåande fartøy inn bak fjordlinjene, og vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av dispensasjonspraksisen for å sikra at han er i tråd med Stortingets intensjonar knytt til sjøsamiske interesser, kystfiskarar og vern av sårbare bestandar?
Begrunnelse
Fjordlinjene er fastsett for å skjerma gytefelt, kystnære økosystem, sjarkflåten og tradisjonelt sjøsamisk fiske. Dispensasjonar skal berre bli gitt i særlege tilfelle. Når store fartøy får dispensasjon kvart einaste år, mistar ordninga sin funksjon.
Det er reist alvorleg tvil om det er lovleg å gi dispensasjonar som slepp store havgåande fartøy inn bak fjordlinjene, herunder i nasjonale laksefjordar. Når dispensasjonar blir gitt som ein etablert praksis, kan dette reelt innebera ei skjult forskriftsendring, utan høyring, utan konsekvensutgreiing og utan demokratisk behandling i Stortinget.
Samtidig verkar det ikkje som at det blir gjort tilstrekkelege vurderingar av den samla belastninga på fjordøkosystema, slik naturmangfaldlova krev. Det er vidare reist spørsmål om manglande konsultasjonar med sjøsamiske interesser, fråvær av kultur- og næringsvurderingar og manglande analysar av konsekvensar for sjøsamisk fiske.
Statsråden bør derfor gjennomgå praksisen og gjennomføra konsultasjonar med samiske interesser, slik lova krev. Før dette er gjennomført bør nye dispensasjonar stoppast.
Svar
Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 12. januar 2026
Fjordlinjereguleringa og høvet til å dispensere er fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet i haustingsforskrifta § 31 og har heimel i havressurslova.
Haustingsforskrifta § 31 første ledd slår fast eit generelt forbod mot fiske innanfor fjordlinjene for fartøy på eller over 15 meter største lengd. Forbodet er grunngitt i omsynet til å verne kysttorsk og småsild samt omsynet til å verne den minste flåtegruppa. Under utarbeidinga av fjordlinjereguleringa såg ein likevel at eit absolutt forbod kunne gjere det vanskeleg å få utnytta kvoten på vandrande bestandar som sild og makrell, som ofte trekkjer inn i fjordane. Av den grunn er Fiskeridirektoratet gitt fullmakt til å gi dispensasjon frå forbodet på nærare vilkår som skal sikre at ein dispensasjon er foreinleg med dei omsyna fjordlinjereguleringa skal ivareta, jf. haustingsforskrifta § 31 tredje ledd. Dispensasjonsheimelen lyder:
«Dersom det er nødvendig av hensyn til praktisk gjennomføring av fisket, og det er vurdert som forsvarlig ut fra biologiske og økosystembaserte betraktninger, kan Fiskeridirektoratet i særlige tilfeller gjøre unntak fra forbudet i første ledd i bestemte fiskerier for bestemte fartøygrupper i bestemte områder for et bestemt tidsrom.»
Ved vurderinga av om det skal givast dispensasjon frå fjordlinjeforbodet har Fiskeridirektoratet halde seg strengt til ordlyden i dispensasjonsheimelen.
Situasjonen dei siste åra har vore at silda har vore vanskeleg tilgjengeleg utanfor fjordlinjene, og dispensasjon frå fjordlinjene har vorte rekna som nødvendig for å sikre at den største flåten får fiska opp kvotene sine.
Fiskeridirektoratet har brukt store ressursar på å sikre at dispensasjonane frå fjordlinjeforbodet har vore foreinlege med biologiske omsyn og omsynet til den minste flåtegruppa. Fjordlinjene har ikkje blitt opna før det har blitt gjennomført eit prøvefiske i regi av Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste for å undersøkje bifangst av botnfisk (torsk, hyse og sei) i sildefangstane og storleiken på silda. Sjøtjenesta er til stades på fiskefeltet og overvaker fisket. Kystvakta har òg bistått i samband med opning av fjordlinjene. Fisket innanfor fjordlinjene er såleis eit godt kontrollert fiskeri.
Fjordlinjene blir ikkje opna før data frå prøvefisket viser ein bifangstprosent som er på eit akseptabelt nivå. Fiskeridirektoratet opererer med svært strenge bifangstgrenser for botnfisk, særleg for torsk. Når det gjeld omsynet til å verne småsild, er erfaringane frå prøvefiske at det ofte er større sild innanfor fjordlinjene enn utanfor, og at det såleis er biologisk gunstig å gi dispensasjon frå fjordlinjene. Opning for fiske innanfor fjordlinjene har òg vore biologisk gunstig ikkje berre fordi ein kan fiske på større sild, men også fordi det har vore meir bifangst av botnfisk i fangstane utanfor fjordlinjene enn innanfor. Dette har samanheng med at silda har stått tettare innanfor fjordlinjene.
Fiskeridirektoratet følgjer fisket tett, og opninga av fjordlinjene har ikkje hindra dei mindre kystfartøya i å fiske kvoten sin. Områda innanfor fjordlinjene er nokså store fjordområde der det er god plass. Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste har ikkje erfart at opning av fjordlinjene har ført til reiskapskollisjonar eller til at den minste flåten har blitt fortrengd frå fiskefelt.
Fiskeridirektoratet har fleire års erfaring med at havfiskeflåten og stor kyst driv fiske innanfor fjordlinjene i Troms og Finnmark. Slik Fiskeridirektoratet vurderer det, tilseier ikkje biologiske forhold at det bør setjast eit absolutt forbod mot at havfiskeflåten fiskar innanfor fjordlinjene. Sidan Fiskeridirektoratet ikkje har erfart at den minste kystflåten blir fortrengd på feltet når fjordlinjene blir opna, meiner Fiskeridirektoratet heller ikkje at omsynet til den mindre flåten kan grunngi eit slikt absolutt forbod.
Når det gjeld spørsmålet om konsultasjon med sjøsamiske interesser, er det gjennomført konsultasjon då fjordlinjereguleringa blei utarbeidd. Sjølve dispensasjonane frå fjordlinjeforbodet byggjer på stadlege vurderingar frå fiskefeltet, og det er vurderingar som blir gjort fortløpande og som det ofte hastar å få gjennomført. Fiskeridirektoratet har lagt til grunn at dette er vurderingar som ikkje utløyser noko krav om konsultasjon.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.