Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2076 · 2025-2026

Vil forsvarsministeren informera Stortinget om norsk etterretningsteneste direkte eller indirekte støttar eller gir informasjon til USAs krigføring i Midtausten?

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Tore Onshuus Sandvik, 20. mars 2026. Svaret kom 27. mars 2026.

Til
Forsvarsministeren · Tore Onshuus Sandvik
Datert
20. mars 2026
Besvart
27. mars 2026

Spørsmål

Vil forsvarsministeren informera Stortinget om norsk etterretningsteneste direkte eller indirekte støttar eller gir informasjon til USAs krigføring i Midtausten?

Begrunnelse

Eg viser til mitt spørsmål nr. 1862 om same tema, som forsvarsministeren ikkje vil svara på, sjølv om regjeringa tydeleg har uttalt at Noreg ikkje støttar USA sin folkerettsstridige krig mot Iran, og heller ikkje vil delta i krigen.
Det er i norsk offentlegheits interesse at me får svar på om Noreg likevel støttar opp under krigføringa. Dette er eit enkelt ja/nei-spørsmål. Og dersom forsvarsministeren likevel ikkje vil gi eit offentleg svar, finst det måtar å informera Stortinget.

Svar

Forsvarsministeren Tore Onshuus Sandvik, 27. mars 2026

La meg først understreke at regjeringa sin politikk knytt til den pågåande konflikten i Midtausten ligg fast. Som forsvarsminister har eg på vegne av regjeringa det øvste ansvaret for Etterretningstenesta si verksemd som ein del av Forsvaret. Eg er oppteken av at kontroll er avgjerande for å skape og oppretthalde legitimitet for, og tillit til, Etterretningstenesta.
I mange saker knytt til etterretnings- og tryggingstenestene er vi forhindra frå å kommentere høve offentleg av omsyn til skjerming. Noreg har fleire gode etterretningssamarbeid, mellom anna med USA. Det har vi hatt i mange tiår, under skiftande regjeringar både i Noreg og USA. Eg gjentek at ein klar føresetnad for utlevering av etterretningsinformasjon til andre statar er at utleveringa er i norsk interesse og at lov om Etterretningstenesta har klare reglar for informasjonsutveksling.
Det er etablert eigne rutinar for korleis Stortinget skal orienterast om høve som gjeld Etterretningstenesta og som samtidig opprettheld behovet for skjerming etter reglane i tryggingslova. Dette er ein del av eit veletablert kontrollregime knytt til Etterretningstenesta sitt virke, kor også den parlamentariske kontrollen er godt ivaretatt.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.