Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 975 · 2025-2026

Manal og mora Tamara som vart evakuert frå Gaza til Noreg for medisinsk behandling i desember i fjor ventar framleis på gjenforeining med far og veslebror. Samtidig er tilstanden deira ytterlegare …

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 22. desember 2025. Svaret kom 12. januar 2026.

Til
Utenriksministeren · Espen Barth Eide
Datert
22. desember 2025
Besvart
12. januar 2026

Spørsmål

Manal og mora Tamara som vart evakuert frå Gaza til Noreg for medisinsk behandling i desember i fjor ventar framleis på gjenforeining med far og veslebror. Samtidig er tilstanden deira ytterlegare forverra.
Kva vil utanriksministeren gjera for å sikra Manal og Tamara - som Noreg har påtatt seg særskilt ansvar for gjennom medisinsk evakuering - den grunnleggande menneskeretten det er å ha eit familieliv?

Begrunnelse

Eg viser til tidlegare spørsmål nr. 2131 (2024-2025) om same sak.
Fire år gamle Manal vart medisinsk evakuert frå Gaza for behandling i Noreg for eit år sidan og kom hit saman med mor Tamara. Far Ahmad og veslebror Rajab er igjen i Gaza.
Ahmad og Rajab har fått opphaldsløyve av UDI, men vedtaket går ut i februar og den humanitære situasjonen i Gaza er frykteleg. Teltet dei bur i er oversvømt grunna vinteren og avløpssystemet som er øydelagt av israelske angrep. Vatn, kloakk og søppel flyt i gatene og madrassane dei søv på er gjennomvåte.
Den Internasjonale Raude Krosskomiteen kan hjelpa faren og veslebroren med å koma seg til grensa, men det er naudsynt med konsulær bistand for å få familien trygt ut av Gaza, gjennom Israel, Jordan eller Egypt og hit til Noreg.
ICRC har uttrykt at dei i visse tilfelle kan hjelpa med delar av evakueringa, men dette gjeld prosessen inne på Gaza. Grensekryssinga ut av Gaza, videre reise gjennom Israel, grensekryssing inn i Jordan og vidare reise til Noreg er umogleg utan konsulær bistand frå norske styresmakter.

Svar

Utenriksministeren Espen Barth Eide, 12. januar 2026

Norske styresmakter har over lang tid bistått personar som kan få konsulær bistand frå Noreg med å reise ut av Gaza. Det er gitt tilbod om assistert utreise til norske borgarar og utanlandske borgarar som er busette i Noreg, samt til nære familiemedlemmer av desse som har gyldig opphald i Noreg og reiser saman med dei. Vi har bistått om lag 300 personar med utreise.
For å kunne bistå denne gruppa personar med assistert utreise frå Gaza, har ein i praksis òg måtta sørgje for vidare transport ut av regionen og til Noreg. Norske styresmakter har måtta yte ein betydeleg grad av konsulær bistand i desse sakene, både når det gjeld sjølve grensekryssinga og med etterfølgjande hjelp til vidare reise.
I sakene som representanten sitt spørsmål gjeld, er mor og dotter i Noreg gjennom Medevac-ordninga, medan far og eit barn er i Gaza. Medisinsk evakuering frå Gaza vart etablert for å hjelpa og tilby behandling til flest moglege pasientar innanfor ein kvote på 100 for å avlasta helsesystemet i Gaza. Val av pasientar og deira oppførte følgjepersonar baserer seg på lister frå Verdshelseorganisasjonen. Diverre er det slik at familiar kan bli splitta i samband med at pasientar får tilbod om medisinsk behandling i Noreg eller andre land gjennom Medevac-ordninga.
I sakene som representanten sitt spørsmål gjeld, dreier det seg om å bistå utanlandske borgarar som nyleg har fått opphaldsløyve i Noreg, men som ikkje er busette i Noreg, med både grensekryssing og vidare hjelp. Norske styresmakter kan dessverre ikkje påta seg å yte same type bistand til denne gruppa som til norske borgarar. Ei innvilga opphaldsløyve i Noreg gir ein rett til innreise i riket, men norske styresmakter kan ikkje påta seg å sørgje for at alle som har fått ei løyve, kan kome seg hit og ta i bruk løyvet. Det gjeld både personar som oppheld seg på Gaza og andre stader det kan vere vanskeleg å reise til Noreg frå.
Eg har tidlegare svara på spørsmål om bistand til utreise frå Gaza for dei denne saka gjeld, samt andre personar i liknande situasjon. Eg viser her til mine tidlegare svar til representant Fiskaa den 13.05.2025, samt til representant Hege Bae Nyholt den 26.11.2025.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.