Stortinget
Spørsmål til regjeringen
Representantene kan stille statsrådene skriftlige spørsmål, spørsmål i spørretimen og interpellasjoner, som debatteres i Stortinget. Her er spørsmålene med begrunnelse og statsrådens svar, slik de står hos Stortinget.
Spørsmål stilt eller besvart av Olve Grotle ·
53 spørsmål
- 2. juli 2025Ser finansministeren alle dei negative konsekvensane fjerning av fritaket for CO₂-avgifta for fiskerfartøy i fjerne fartøy som bunkrar i Norge vil ha for fiskeria våre og fiskeindustrien vår, bunkersstasjonane langs kysten vår og beredskapen vår, og kva vil finansministeren nå gjere?
- 24. apr. 2025Er fiskeri- og havministeren samd i at deltakarlova er for firkanta og rigid ved generasjonsskifte, og vil ministeren i så fall endre praksis ved fritaksbehandling og/eller ta initiativ til nødvendig endring av regelverket?
- 22. apr. 2025Kan eg be om ein tabell som viser dei 50 verksemdene i Sogn og Fjordane som betalte mest skatt i 2023 og kor mykje dei betalte?
- 22. apr. 2025Kan eg be om ei oversikt over tal på trafikkontrollar politiet (UP) har gjennomført i Sogn og Fjordane GDE dei siste fem åra, og kva type kontrollar dette har vore?
- 2. apr. 2025Spørsmålet går til næringsministeren. Arbeidarpartiet og Senterpartiet sørgde i regjering for at ein frå 1. januar 2024 gjekk frå kronetoll til prosenttoll for enkelte landbruksvarer. Som følgje av dette auka tollen på kålrot, for å ta eit eksempel, frå 21 pst. i 2023 til over 280 pst. i 2024. …
- 12. feb. 2025Høgre har frå første stund vore kritisk til bruk av normprisråd i havbruksnæringa. Vi har sagt at det vil bli eit kostbart byråkrati for det offentlege og tidkrevjande arbeid for selskapa, og vi har advart mot ei tilfeldig og uriktig skattlegging. Prisrådet har no kome med sine første forslag til …
- 25. nov. 2024Kan eg be om ein tabell som viser kor mange TWh ny kraft det er gjeve konsesjon på kvart år dei siste 20 åra (inkludert talet som er gjeve så langt i 2024)?
- 14. okt. 2024Kan statsråden forsikra at det snarast blir gitt klarsignal om reetablering av villrein i Nordfjella sone 1?
- 11. okt. 2024Har samferdsleministeren forståing for situasjonen på Kaupanger i Sogndal kommune slik denne er skildra i brevet til Statens vegvesen av 7. juli 2024, og kan han stadfeste at svv i saka har høve til å fastsette at 60 km-sona skal bli gjort permanent og at det ikkje er noko regelverk som hindrar dette?
- 17. sep. 2024Historikken med dei to vedtaka har så lang derimot vist at Bremanger kommunen har kome til kort i sine freistnader på å få til ordning som kan hindre ulykker i via ferrataen i Hornelen. Kan klima- og miljøministeren stadfeste at Bremanger kommune gjennom endring av reguleringsplanen har høve til …
- 11. sep. 2024Fiskeri- og havminister har tidlegare blitt utfordra på å omgjere vedtaket om nedtrekk på 6 % av tillatt produksjonskapasitet i produksjonsområdene 3 (fra Karmøy til Sotra) og 4 (Nordhordland til Stad), utan at det har blitt gjort. Eg legg til grunn at ministeren likevel fortløpande vurderer om det …
- 9. sep. 2024Kva vil statsråden gjere for å sikre berekraftig kystfiske etter pelagiske artar som brisling, makrell, hestmakrell og sild utanfor vassdrag med oppgang av anadrom laksefisk?
- 30. aug. 2024Kan finansministeren kome med ei oversikt som viser dei 50 verksemndene i Sogn og Fjordane som betalte mest skatt i 2022 og kor mykje dei betalte?
- 27. juni 2024Den siste tida har vi sett at fleire lakseeksportørar er tekne for eksport av produksjonsfisk til utlandet. Det utan at feilretting er gjennomført og utan dispensasjon frå Mattilsynet, som er klare brot på regelverket. Kva gjer statsråden for å sikre at eksportforbodet mot produksjonsfisk vert …
- 9. feb. 2024Kan statsråden opplyse om kor mykje billegare enn budsjettert dei to prosjekta RV5 Kjøsnestunnelen og E39 Myrmel-Lunde samla sett vart i 2024-kroner, kva meiner statsråden er årsaka til at prosjekta vart billegare, og meiner han det er lærdom i korleis ein har bygd veg i Sunnfjord dei siste ti åra …
- 24. jan. 2024Viser til svaret til statsråden på skriftleg spørsmål 977, der han ikkje svarer på spørsmålet om timinga av forslaget, som gjer det vanskeleg for næringa å sikre nok materiell til sesongen 2024. Samt få tak i nok sjåførar. Kan eg be om at statståden svarer på korleis han meiner norsk reiseliv og …
- 19. jan. 2024Eg viser til regjeringa si innføring av tolkinga av rammene for midlertidig persontransportkabotasje ret før jul m.v. 1.1.24. Dei fleste planane for sesongen 2024 var allereie lagde då Samferdselsdepartementet offentleggjorde si endring. Normalt må nyanskaffingar bestillast seinast august/september …
- 6. des. 2023Då regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk blei presentert i september i fjor, fekk det straks konsekvensar. Vi såg bortfall av investeringar på titals milliardar, oppseiingar og konkursar, og viktige planar for vekst i ei meir berekraftig og grønare retning blei lagde på is. Samtidig …
- 26. nov. 2023Kva er status for søknaden om godkjenning av programfaget, klima- og miljøfag, og kva vil statsråden gjere for å sikre ei snarleg avklaring på søknaden?
- 16. nov. 2023I vår vedtok Stortinget grunnrenteskatt på havbruk. Som kjent er det òg fastsett at det skal opprettast eit prisråd, og i juni sende Finansdepartementet eit forslag om prisråd for havbruk og inntektsfastsetting i grunnrenteskatten på høyring. Det er nå nokre få veker til prisrådet skal fungere, men …
- 27. sep. 2023Kan statsråden seie noko om kva vurderingar som blir gjort vedkomande Olaskjeret, kva evt. konsekvensar grunnstøytinga den 25. september 2023 vil ha så seie for desse vurderingane, og kva tiltak statsråden ser for seg må gjerast for å fjerne/hindre risikoen for fleire ulykker og grunnstøytingar?
- 21. aug. 2023Tal frå politiet.no viser at det har blitt 24 færre politiårsverk i Vest politidistrikt frå juli 2022 til juli 2023. Kan justisministeren opplyse kva tenestestader i Vest politidistrikt som har fått ein reduksjon i politiårsverk det siste året?
- 21. aug. 2023Kan statsråden kome med statistikk for kor mange årsverk som jobbar i politiet i Sogn og Fjordane si geografiske driftsening i juni 2023 samanlikna med juni 2021 og juni 2022?
- 9. juni 2023Kva har regjeringa tenkt å gjere for å få til reelle forhandlingar med dei andre kyststatane som endar opp i semje om kvotefordelinga før dette fiskeriforbetreingsprosjektet endar i 2024?
- 25. mai 2023Kva er det som gjer at E39 Hafstadfjelltunnelen, som Statens vegvesen den 15. mai løfta opp i ei prioriteringsliste over tiltak som skulle prioriterast i 2023, berre 10 dagar seinare får stopp i planleggingsarbeidet, og er vedtaket om å sette planleggingsarbeidet på vent eit resultat av generelle …
- 13. apr. 2023Ei av dei store utfordringane framover er mangel på arbeidskraft. 2/3 av NHO sine medlemsbedrifter manglar folk med rett kompetanse. Offentleg sektor sin del av Fastlands-BNP er over 60 pst., samtidig som offentleg sysselsetting ligg an til å auke. Kommunane skal vekse, helse- og omsorgssektoren …
- 17. mars 2023Meiner statsråden at vedtaket om å avlive stammen av villgjeiter i Høyanger kommune er riktig, eller kan evt. andre tiltak vere formålstenleg?
- 17. mars 2023Vi merker nå ei stor bekymring hos folk langs kysten som følgje av at årets fangstkvote på vågekval enno ikkje er fastsett, og det knappe to veker før fangstsesongen startar. Kan statsråden seie noko om kor tid vi kan vente at årets kvote blir fastsett?
- 22. feb. 2023Den 27. september i fjor uttalte fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran til IntraFish at sjømatnæringa må bidra tungt dersom ein skal nå målet til regjeringa om auke i norsk eksport med 50 pst. innan 2030, utanom olje og gass. Dagen etter kom forslaget frå regjeringa til grunnrenteskatt på …
- 26. jan. 2023Kan ein undervegs i ein prosess med direktetildeling opne for tilbod frå fleire tilbydarar, og kva vurderingar må i så fall gjerast etter innkjøpsregelverket?
- 4. jan. 2023I Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Biomarint forum og fleire andre sine høyringsinnspel til regjeringa sitt forslag til grunnrenteskatt på havbruk blir det bedt om at regjeringa greier ut andre modellar, mellom anna ein alternativ modell som ein variant av den færøyske grunnrenteskattmodellen. Ein …
- 14. des. 2022Kor mange bedrifter har søkt på ordninga om energitilskuddsordningen for bedrifter, og kor mange har søkt og ikkje fått innfridd tilskot?
- 17. nov. 2022Sjømatindustrien er avhengig av å leie inn arbeidskraft pga. sesongbetont arbeid. Vinterfisket varer fra januar til 30. april, og da er det ofte behov for mange flere arbeidere og ofte mangel på arbeidskraft over hele landet. Det var særlig tydelig under pandemien, da det ikke var arbeidskraft å …
- 19. okt. 2022Då regjeringa i september kunngjorde eit skjerpa skatteregime på havbruk, kom dette fullstendig overraskande på næringa. Forutan den historisk høge skatteauken var det i tillegg eit brot med det som har vore eit kvalitetsstempel hos oss, nemleg å leggje til rette for føreseielege og breie forlik …
- 5. okt. 2022Kan statsråden forsikra at det ikkje er mogeleg å få gjennomført arbeidet innanfor nokolunde same tidshorisont som nå skissert, og likevel greie å halde vegen delvis open, kan statsråden forsikra at alle omsyn til lokal, regional og nasjonal trafikk blir vurdert før ein eventuelt går inn for å …
- 22. juni 2022Kan samferdsleministeren forsikra at dei samferdsleprosjekta i Sogn og Fjordane som er komen med i NTPen Stortinget behandla i juni 2021 blir realisert, og med oppstart i første del av NTPen?
- 16. juni 2022Det er uttrykt bekymring for leppefiskreguleringa for 2022. Dette gjeld både prosessen fram mot vedtak, behovet for regulering, og måten dette er gjort på som blir hevda å ha motsett effekt av det som er tenkt. Meiner fiskeri- og havministeren at reguleringa er i samsvar med regelverket, og at den …
- 10. juni 2022Kan utenriksministeren forsikre stortinget om at nytt lovforslag om norske løns- og arbeidsvilkår på skip i norske farvatn og på norsk sokkel ikkje er i strid med Noreg sine folkerettelege og EØS-rettslege plikter?
- 10. juni 2022Ser statsråden at forslaget til ny lov om norske løns- og arbeidsvilkår vil kunne føre til færre cruiseturistar og dermed svekke næringsgrunnlaget for distrikts-reiselivet langs Norskekysten?
- 19. mai 2022I Hurdalsplattforma vil regjeringa styrke tilverking av fisk i Noreg. Tveiterås-utvalet meiner at: "[…]tollsatsene norsk sjømatindustri møter i eksportmarkedene jevnt over høyere desto høyere bearbeidingsgraden er. Det er rimelig å anta at en reduksjon av tollsatsene for bearbeidede produkter vil …
- 4. mai 2022Måndag denne veka kom Økokrim med trusselvurderinga si for 2022. Her skriv dei m.a. dette om fiskerikrim: Og vidare: Tidlegare i veka var fiskeriministeren ute i VG og kommenterte saka. Han sa då at han skal gjennomføre ei omfattande reform av ressurskontrollen. Men ei slik reform er alt arbeidd …
- 27. apr. 2022Kva vil statsråden gjere for å sikre at landstraum for cruiseskip vert etablert i Flåm innan 2022?
- 17. mars 2022Eit panel med internasjonale forskarar gjennomførte for ei tid sidan ei evaluering av trafikklyssystemet som regulerer veksten i havbruksnæringa. Panelet er kritisk til presisjonen til dagens system og gir tydelege tilrådingar om nødvendige forbetringar. På kva måte og kor tid kjem statsråden til å …
- 3. mars 2022Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti la inn rv. 15 Strynefjellet (ny tunnel) i sitt framlegg til NTP, med 500 millionar kroner til oppstart i første periode. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og andre parti har òg sagt at dei støttar prosjektet med oppstart i første periode. I Loen den 11. februar …
- 27. jan. 2022Sjømatrådet og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering er statlege aksjeselskap. Dei er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet, men blir begge finansierte fullt ut gjennom avgift på eksport av norsk sjømat. Det er derfor viktig at næringa sjølv er representert i styra i selskapa, og …
- 19. jan. 2022Tidlegare denne månaden kom det nye eksporttal som viser eventyrlege tal for norsk eksport av sjømat i 2021. Totalt eksporterte Noreg 3,1 millionar tonn sjømat til ein verdi av over 120 mrd. kr. Havbruket utgjorde 71 pst. av eksportverdien, mens volumet utgjorde 44 pst. Potensialet for vekst er …
- 17. des. 2021RV Naustdal-Erdal er ein svært rassutsett strekning, og vegen var på ny stengt den 15. desember. Ny trafikksikker tunell ligg inne i NTP med oppstart i første perioden, og Statens vegvesen har sett i gang arbeidet med å få fastsett den nye traseen. Dette arbeidet har nå stoppa opp pga. ein …
- 10. des. 2021Korleis vurderer fiskeri- og havbruksministeren framlegg til «Forskrift om opptak og bruk av informasjon om bestemt angitte bunnforhold», og kva vil ministeren gjere for at sikre at fiskeri- og havbruksnæringa sine interesser blir tatt i vare og ikkje blir påført uforholdsmessige ulemper som følge av forskrifta?
- 2. des. 2021Frå desember 2023 blir det innført nye utsleppskrav for norske lakseslakteri som følge av at EU fastsette nye utsleppsgrenser (BAT-AEL), som altså skal iverksettast seinast 4. desember 2023. Krava er svært strenge, og det vil krevje svært store investeringar i reinseteknologi å oppfylle krava, i …
- 25. nov. 2021Stortinget bad i 2018 om at det blir innført nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. I vedtak 691 (2020–2021) bad Stortinget regjeringa foreslå tiltak som sikra desse fjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026, blant anna ved at staten sikrar etablering av landstrøm i Flåm som …
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Bare besvarte spørsmål. Skriftlige spørsmål besvares skriftlig, og svaret står her. Spørretimespørsmål og interpellasjoner besvares muntlig i Stortinget, og svaret står i referatet på stortinget.no.