Muntlig spørsmål nr. 7 · 2021-2022
Måndag denne veka kom Økokrim med trusselvurderinga si for 2022. Her skriv dei m.a. dette om fiskerikrim: Og vidare: Tidlegare i veka var fiskeriministeren ute i VG og kommenterte saka. Han sa då at …
Olve Grotle (H) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran, 4. mai 2022.
- Fra
- Olve Grotle (H)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
- Datert
- 4. mai 2022
- Besvart
- 4. mai 2022
Fiskerier
Spørsmål
Måndag denne veka kom Økokrim med trusselvurderinga si for 2022. Her skriv dei m.a. dette om fiskerikrim:
Og vidare:
Tidlegare i veka var fiskeriministeren ute i VG og kommenterte saka. Han sa då at han skal gjennomføre ei omfattande reform av ressurskontrollen. Men ei slik reform er alt arbeidd fram og starta opp av Solberg-regjeringa. I september i 2021 varsla dåverande fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen at det i tillegg skulle opprettast ein eigen seksjon i Nærings- og fiskeridepartementet som skulle jobbe med førebygging av fiskerikriminalitet, og at ei viktig oppgåve for den nye seksjonen nettopp ville vere å gjennomføre den nasjonale reforma av fiskerikontrollen.
Så spørsmålet mitt til fiskeriministeren er: Er reforma statsråd Skjæran snakka om tidlegare i veka til VG, den same som den som førre regjering la fram, eller planlegg han ei ny eller ytterlegare ei reform? Kva skal denne reforma i så fall innehalde, og kva er nytt?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Olve Grotle →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.