Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2933 · 2022-2023

Kan statsråden kome med statistikk for kor mange årsverk som jobbar i politiet i Sogn og Fjordane si geografiske driftsening i juni 2023 samanlikna med juni 2021 og juni 2022?

Olve Grotle (H) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Emilie Mehl, 21. august 2023. Svaret kom 25. august 2023.

Til
Justis- og beredskapsministeren · Emilie Mehl
Datert
21. august 2023
Besvart
25. august 2023

Spørsmål

Kan statsråden kome med statistikk for kor mange årsverk som jobbar i politiet i Sogn og Fjordane si geografiske driftsening i juni 2023 samanlikna med juni 2021 og juni 2022?

Begrunnelse

NRK skriv måndag 07. august at det i juni 2023 er 170 færre politiårsverk i distrikta samanlikna med juni 2021. Politiet sin eigen bemanningsstatistikk viser berre oversikt over heile Vest politidistrikt. Derfor ber eg statsråden vise fram bemanningsstatistikk for den eigne geografiske driftseininga, Sogn og Fjordane.

Svar

Justis- og beredskapsministeren Emilie Mehl, 25. august 2023

Eg kan opplyse om at driftseininga Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt i juni 2021, juni 2022 og juni 2023 hadde til saman høvesvis 163, 162 og 161 årsverk. Dette er berre årsverk knytt til Sogn og Fjordane driftseining.
Samla tal på årsverk med arbeidsplass på ein tenestestad i Sogn og Fjordane, inkludert driftseininga, i juni 2021, juni 2022 og juni 2023 var til saman høvesvis 192, 194 og 203.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Olve Grotle →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.