Skriftlig spørsmål nr. 1148 · 2022-2023
Kan ein undervegs i ein prosess med direktetildeling opne for tilbod frå fleire tilbydarar, og kva vurderingar må i så fall gjerast etter innkjøpsregelverket?
Olve Grotle (H) stilte spørsmålet til næringsministeren, Jan Christian Vestre, 26. januar 2023. Svaret kom 2. februar 2023.
- Fra
- Olve Grotle (H)
- Til
- Næringsministeren · Jan Christian Vestre
- Datert
- 26. januar 2023
- Besvart
- 2. februar 2023
Spørsmål
Kan ein undervegs i ein prosess med direktetildeling opne for tilbod frå fleire tilbydarar, og kva vurderingar må i så fall gjerast etter innkjøpsregelverket?
Begrunnelse
Innkjøpsregelverket opnar for å direktetildele kontraktar i enkelte tilfelle. Dersom ein endrar prosessen undervegs og får tilbod frå fleire tilbydarar, kan ein bevege seg over i ein konkurransesituasjon, utan at det er reell konkurranse.
Svar
Næringsministeren Jan Christian Vestre, 2. februar 2023
Eg forstår representanten sitt spørsmål til berre å gjelde innkjøpsregelverket. Innkjøpsregelverket skal fremme effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Det skal også bidra til at det offentlege opptrer med integritet, slik at allmenta har tillit til at offentlege innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte. Dei grunnleggjande prinsippa i innkjøpsregelverket, konkurranse, lik behandling, proporsjonalitet, føreseielege forhold og moglegheit for å etterprøve prosessen, er verkemiddel for å fremme formålet i lova. Ei rekke føresegner i regelverket gir uttrykk for desse prinsippa.
Innkjøpsregelverket inneheld både unntak frå regelverket, og unntak frå plikten til å kunngjere kontrakten. Regelverket gjeld til dømes ikkje for kontraktar som oppdragsgjevar inngår med tilbydar som han sjølv har kontroll over. Videre er det til dømes heimel for å direktetildele der det berre er éin tilbydar. I det første tilfellet er tilbod frå fleire tilbydarar i prinsippet mogeleg. I det siste tilfellet vil ikkje forutsetninga for å direktetildele være til stades der tilbod frå fleire tilbydarar er mogeleg. Om oppdragsgjevar kan opne for tilbod frå fleire tilbydarar, avheng av den spesifikke heimelen for å gjere unntak frå heile eller deler av regelverket.
Der regelverket berre inneheld unntak frå plikten til å kunngjere kontrakten, kan likevel grunnleggjande prinsipp gjelde. Korleis dei grunnleggjande prinsippa og anna regelverk kjem til bruk, må avgjerast konkret ut i frå den spesifikke heimelen.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Olve Grotle →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.