Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 6 · 2024-2025

Spørsmålet går til næringsministeren. Arbeidarpartiet og Senterpartiet sørgde i regjering for at ein frå 1. januar 2024 gjekk frå kronetoll til prosenttoll for enkelte landbruksvarer. Som følgje av …

Olve Grotle (H) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 2. april 2025.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
2. april 2025
Besvart
2. april 2025

Næringsliv · Utenrikshandel · Finanser · Toll · Landbruk · Landbruksprodukter

Spørsmål

Spørsmålet går til næringsministeren.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet sørgde i regjering for at ein frå 1. januar 2024 gjekk frå kronetoll til prosenttoll for enkelte landbruksvarer. Som følgje av dette auka tollen på kålrot, for å ta eit eksempel, frå 21 pst. i 2023 til over 280 pst. i 2024. Dette kjem i tillegg til at vi allereie hadde og har ein kraftig auke i matvareprisane. Frå februar 2024 til februar 2025 steig prisane på matvarer med 7,6 pst. Tal frå Eurostat viser at prisveksten i Noreg på matvarer det siste året er vesentleg høgare enn i EU generelt.

Samstundes som vi er i ei vanskeleg dyrtid, vil altså regjeringa leggje opp til ein politikk som gjer det dyrare for norske forbrukarar. Og ikkje berre det, det sender eit svært uheldig signal til våre handelspartnarar. EU-kommisjonen kritiserte denne omlegginga i fjor. Spørsmålet er no kva amerikanarane vil gjere. I ein svært spent geopolitisk situasjon sender auka norsk toll eit svært uheldig signal.

I industrimeldinga, som nyleg blei lagd fram, står det at vi skal arbeide for det regelbaserte handelssystemet og styrkje dette. Finansminister Jens Stoltenberg snakka på morgonnyheitene i dag om toll og kor skadeleg det er. Anerkjenner statsråden den negative signaleffekten av å auke tollen på matvarer i ei tid der det er viktig å hegne om internasjonal handel?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Olve Grotle →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.