Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2337 · 2022-2023

Kva er det som gjer at E39 Hafstadfjelltunnelen, som Statens vegvesen den 15. mai løfta opp i ei prioriteringsliste over tiltak som skulle prioriterast i 2023, berre 10 dagar seinare får stopp i …

Olve Grotle (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 25. mai 2023. Svaret kom 2. juni 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
25. mai 2023
Besvart
2. juni 2023

Spørsmål

Kva er det som gjer at E39 Hafstadfjelltunnelen, som Statens vegvesen den 15. mai løfta opp i ei prioriteringsliste over tiltak som skulle prioriterast i 2023, berre 10 dagar seinare får stopp i planleggingsarbeidet, og er vedtaket om å sette planleggingsarbeidet på vent eit resultat av generelle og/eller konkrete politiske føringar, signal eller vedtak?

Begrunnelse

E39 Hafstadfjelltunnelen (E39 Storehaugen - Førde) i Sunnfjord kommune ligg inne i eksisterande NTP med oppstart i første periode. Den 15. mai 2023 offentleggjorde Statens vegvesen prioriteringane sine på utbyggingsprosjekt på riksvegnettet i 2023. Her låg E39 Hafstadfjelltunnelen låg inne som nr. 11 på prioriteringslista, og prosjektet hadde dermed blitt løfta fleire plassar opp samanlikna med førre prioriteringsliste. Gjennom Firda er det i dag blitt kjent at Statens vegvesen offisielt set arbeidet med E39 Hafstadfjelltunnelen på vent, og artikkelen må forståast slik at planleggingsarbeidet nå stoppar opp. Av artikkelen går det fram at ordførar Jenny Følling (SP) i Sunnfjord kommune i dagens formannskap karakteriserer det som «uhøyrt at dei set planlegginga av eit prioritert prosjekt på vent». Slik artikkelen er å forstå vil stopp i planleggingsarbeidet kunne medføre at prosjektet ikkje kan starte opp slik det er føresett i NTP.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 2. juni 2023

Regjeringa har i Prop 1 S (2022-2023) for Samferdselsdepartementet lagt til grunn at det dei nærmaste åra vil vere mindre rom for å starte opp store investeringsprosjekt på samferdselsområdet enn det som følgjer av Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022–2033, og det vil ta lengre tid å gjennomføre dei prioriterte prosjekta. Det inneber mellom anna at vegporteføljen i Nasjonal transportplan 2022–2033 som Statens vegvesen har ansvaret for, ikkje kan gjennomførast i det tempo og omfang som meldinga legger opp til. Statens vegvesen må difor tilpasse sin planleggingsaktivitet framover til at det er begrensa rom for vekst samanlikna med det som blei lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2022–2033.
Statens vegvesen legg kvart år, i månadsskiftet april/mai, fram ein offentleg porteføljeprioritering av store vegprosjekt som er under planlegging. Prosjekta som inngår i porteføljen er prosjekt med kostnad over 1 mrd. kroner, som ligg inne med planlagt oppstart i første seksårsperiode etter Stortinget sin handsaming av Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033. Den reviderte porteføljeprioriteringa som Statens vegvesen presenterte i mai 2023 vil inngå i grunnlaget for regjeringa sitt arbeid med statsbudsjettet for 2024. Eg har merka meg at prosjektet E39 Storehaugen-Førde er prioritert som nummer elleve, som er høgare på lista enn i fjor, men og at det er fleire store vegprosjekt prioriterte før denne strekninga.
Regjeringa vil etter planen legge fram ein ny stortingsmelding om Nasjonal transportplan våren 2024, som skal gjelde for perioden 2025-2036. I samband med den nye transportplanen vil regjeringa ta stilling til prioritering av oppstart og gjennomføring av store vegprosjekt som skal inngå i porteføljen til Statens vegvesen. Prosjektet E39 Storehaugen-Førde er eit av en rekke store riksvegprosjekt som det er lagt opp til å vurdere i arbeidet med den nye Nasjonal transportplan 2025-2036. Eg vil ikkje no føregripe regjeringa sine politiske prioriteringar av store vegprosjekt i den komande Nasjonal transportplan 2025-2036, eller i arbeidet med statsbudsjettet for 2024.
Eg har merka meg at Statens vegvesen i eit brev til Sunnfjord kommune har orientert om at arbeidet med det faglege grunnlaget for bompengesaka for prosjektet E39 Storehaugen-Førde er sett på vent til finansieringa og prioriteringane for prosjektet i neste Nasjonal transportplan er avklart. Det er viktig at det faglege grunnlaget for saka bygger på mest mogleg oppdatert og riktig informasjon om både kostnad, framdrift og finansiering av prosjektet før lokale styresmakter behandlar vedtak om bompengefinansiering.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Olve Grotle →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.