Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 4 · 2023-2024

Då regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk blei presentert i september i fjor, fekk det straks konsekvensar. Vi såg bortfall av investeringar på titals milliardar, oppseiingar og …

Olve Grotle (H) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Cecilie Myrseth, 6. desember 2023.

Til
Fiskeri- og havministeren · Cecilie Myrseth
Datert
6. desember 2023
Besvart
6. desember 2023

Fiskerier · Havbruk · Finanser · Skatter

Spørsmål

Då regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk blei presentert i september i fjor, fekk det straks konsekvensar. Vi såg bortfall av investeringar på titals milliardar, oppseiingar og konkursar, og viktige planar for vekst i ei meir berekraftig og grønare retning blei lagde på is. Samtidig blei det òg klart at modellen regjeringa la fram, ville gje mange utfordringar. Det ville skape eit stort og unødvendig byråkrati, ressursbruk og usikkerheit og utgjere ein fare for at næringa måtte betale meir skatt enn dei reelle inntektene skulle tilseie.

Over eitt år etter at regjeringa lanserte sin modell, og eit halvt år etter at grunnrenteskatten blei vedteken av Stortinget, rår det framleis stor usikkerheit. Eit av hovudproblema er internprisingsproblematikk, som særleg gjeld dei integrerte selskapa. Ettersom grunnrenteskatten er avgrensa til ein bestemt del av verdikjeda, nemleg sjøfasen, vil det oppstå internprisingsutfordringar for alle innsatsfaktorar som blir leverte internt i eit konsern. Dette gjeld smolt, fôr, fiskehelse, brønnbåttenester, administrative og konsernsentrale tenester, slakting og prosessering, transport til marknaden, for å nemne nokre. At modellen er svært komplisert og vanskeleg, ser vi òg i selskapa sine estimat over kor stor del av overskotet dei må betale i grunnrenteskatt – faktisk sprikjer det frå 4,5 til over 20 pst. Dette siste kan gje eit godt inntrykk av kor vanskeleg innføring av grunnrenteskatt kan bli i praksis. Det er som Bård Misund, professor på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger, nyleg skreiv i IntraFish:

Spørsmålet til fiskeri- og havministeren må då bli om ho synest det kaoset som no rår kring heilt grunnleggjande skattereglar for havbruksnæringa, er akseptabelt.

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Olve Grotle →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.