Stortinget
Spørsmål til regjeringen
Representantene kan stille statsrådene skriftlige spørsmål, spørsmål i spørretimen og interpellasjoner, som debatteres i Stortinget. Her er spørsmålene med begrunnelse og statsrådens svar, slik de står hos Stortinget.
Spørsmål stilt eller besvart av Sveinung Rotevatn ·
125 spørsmål
- 25. sep. 2025Kva er status for prosessen med oppretting av eit marint verneområde i Korsfjorden?
- 8. sep. 2025Hvor mye av de 60 mrd. kronene som regjeringen lovet til hhv. garantier, lån og egenkapital til et grønt industriløft, er bevilget, hvor mange nye arbeidsplasser har det skapt, hvor mye har eksporten økt, og hvor mye av Norges klimagassutslipp er redusert som følge av dette?
- 1. sep. 2025Når kjem forskrift om velferd for hundar i samband med avl ut på høyring, og kva er årsaka til forseinkinga?
- 22. aug. 2025Kva er dei estimerte kostnadene som følgje av ei treårig forseinking i ferdigstillinga av Regjeringskvartalet, og kva økonomiske konsekvensar vil ytterlegare forseinkingar medføre?
- 22. aug. 2025I Bergensavisen 10. august kan en lese om at turistbusser i Bergen som kjører saktere enn 40 kilometer i timen ikke trenger konsesjon for persontransport. Er dette en korrekt forståelse av regelverket?
- 4. aug. 2025Hvilken statsråd har ansvaret for tollforhandlingene med USA?
- 20. juni 2025Vil statsråden følge anbefalingene fra organisasjonene Skeiv Verden og NOAS om å unnta lhbtiq+ fra berostillelsen av behandlingen av syriske asylsøknader?
- 13. juni 2025Meiner statsråden varslingssystemet generelt, og for arbeidsinnvandrarar spesielt, fungerer godt nok i lys av det som har kome fram i VG om arbeidstilhøva på Melkøya?
- 13. juni 2025Meiner regjeringa at Bergen bør få behalde sine 9 etablerte regnbogeovergangsfelt?
- 16. mai 2025Når vil regjeringa sørge for at "Register over reelle rettighetshavere" blir fullt tilgjengeleg for aktørar med legitim interesse, i tråd med Stortinget sitt vedtak, til beste for kampen mot økonomisk kriminalitet i Noreg?
- 14. mai 2025For snart to år sidan stod alle partileiarane i ein debatt i Arendal, og dei vart bedne om å rekkje opp handa viss dei trudde at Noreg var på god veg til å nå målet om 55 pst. reduksjon av norske klimagassutslepp innan 2030. Det var det berre statsministeren som gjorde. Eg trur både statsministeren …
- 8. mai 2025Kva europeiske land har signalisert om dei ønskjer å bidra til eit europeisk styrkebidrag i Ukraina eller ikkje?
- 28. apr. 2025Vart det ført innsideliste før lanseringa av Norgespris 31. januar, og kven stod i tilfelle på denne lista?
- 20. mars 2025Korleis vurderer utanriksministeren den urovekkande utviklinga for skeives rettar i Tyrkia, og kva grep tar norske styresmakter i møte med avsløringane om lovgiving som vil kriminalisere såkalla "promotering" av LHBT+?
- 19. mars 2025Folk ventar på rentekutt, og det er ikkje så rart, for renteutgiftene er det som slår hardast inn i hushaldningsøkonomien til dei fleste. For ein familie med bustadlån på 4 mill. kr vil f.eks. forskjellen mellom norsk rentenivå no og nivået i nabolanda våre utgjere 90 000 kr i året. Det er eit …
- 25. feb. 2025Er dagens rammeverk for SPU til hinder for at fondet kan selje seg ut av fleire selskap som har økonomisk aktivitet i okkkuperte Palestina, og vil i så fall regjeringa ta initiativ til å skjerpe inn dette slik at investeringane blir meir i samsvar med tilrådingane frå FN?
- 25. feb. 2025Vil regjeringa suspendere norsk bistand til Rwanda i lys av landet si aktive rolle i krigføringa i Aust-Kongo?
- 4. feb. 2025Kor mange av dei uteståande EU-rettsaktene som skal takast inn i EØS-avtalen har regjeringa utarbeida posisjonar til?
- 23. jan. 2025Hvorfor kaller klima- og miljøministeren Stavanger sitt klimamål "urealistisk" når regjeringen senest i juni 2024 gav støtte til kommunens mål om klimanøytralitet innen 2030?
- 13. jan. 2025Hva vil statsråden gjøre for å sikre at nordmenn får brukt betalingstjenester lovlig i utlandet?
- 10. jan. 2025Har "Mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland" nokon sjølvstendig funksjon som etisk rettleiar for SPUs investeringar, eller legg regjeringa til grunn at alle eventuelle føringar som måtte følgje av mandatet per definisjon kjem til uttrykk gjennom dei etiske retningslinene?
- 18. des. 2024Korleis er løyvinga til å oppfylle opplæringslova § 3-1 (språkdelte klassar på ungdomstrinnet) fordelt mellom kommunane?
- 6. des. 2024Kva grep meiner utanriksministeren bør takast for å redusere risikoen for at Noreg blir ståande i ein handelspolitisk skvis mellom USA og EU, og kva ville eit EU-medlemskap bety i denne samanhengen?
- 28. okt. 2024om når regjeringa vil ta grep for å redusere sjukefråværet
- 22. okt. 2024om på kva måte utanriksministeren vil bidra til å forsvara grunnleggjande folkerett i spørsmålet om Marokkos fortsette okkupasjon av Vest-Sahara
- 22. okt. 2024Kva er kostnaden av å ferdigstille regjeringskvartal-parken i pågåande byggetrinn, alternativt som eit mellombels tiltak der ein opparbeider parken og opnar den for publikum uavhengig av oppstart av tredje byggetrinn?
- 10. okt. 2024Regjeringa rår næringslivet i frå å drive handel og næringsverksemd som bidreg til å oppretthalde dei folkerettsstridige israelske busetjingane i Palestina. Gjeld denne frårådinga også innkjøpspolitikken til norske kommunar?
- 4. okt. 2024Kvifor har regjeringa foreslått å endre omrekninga av franske vitnemål gjennom Samordna opptak på ein slik måte at det kraftig svekkar verdien av oppnådde karakterar i Frankrike, og meiner regjeringa at dette vil styrke eller svekke utdanningssamarbeidet mellom Noreg og Frankrike?
- 3. okt. 2024Kor mange fleire personar går heilt eller delvis på ytingar frå det offentlege no samanlikna med då regjeringa Støre vart utnemnd?
- 13. sep. 2024Kva er bakgrunnen for at Noreg ikkje har signert Artemis-avtalen om fredeleg utforsking av verdsrommet generelt, og Månen spesielt?
- 9. sep. 2024Vil statsråden klargjere om det er lovleg å selje alkohol frå ubemanna nærbutikkar, og legge fram ei lovendring som legg til rette for dette dersom så ikkje er tilfelle?
- 22. aug. 2024Kor mange og kva bygningar i statens eige i Oslo står tomme eller ubrukte, og kva planar ligg føre for å ta desse i bruk?
- 7. aug. 2024Vil regjeringen vurdere en tidsfrist for saksbehandling av lønnsgarantiutbetalinger, slik at ansatte som er skadelidende etter konkurser ikke er avhengige av betydelige oppsparte midler for å få endene til å møtes mens de venter på utbetaling fra lønnsgarantifondet?
- 3. juni 2024Kva er retningslinene for skilting av fartsgrense i samband med strekningsmåling av fart?
- 27. mai 2024Kva blir konsekvensen for norske lånekundar av EFTA-domstolen sine nylige avgjersler i spørsmålet om bruk av skjønnsmessige låneklausular i islandske bankar?
- 7. mai 2024Vil regjeringa foreta seg noko for at blir enklare å få norsk personnummer, eventuelt at d-nummer gir fleire rettar til bruk av offentlege tenester?
- 2. mai 2024Regjeringa er opptekne av å få fleire unge i arbeid tidlegare. I perspektivmeldinga 2021 vart det også peika på store samfunnsøkonomiske vinstar av eit slikt tiltak. Mellom anna er det vist til at dersom unge kjem eitt år tidlegare ut i arbeidslivet, vil sysselsetjinga kunne auke med 10 000 …
- 2. mai 2024Er det reglar rundt eksportkontroll eller andre formelle hinder i vegen for at Bergen Engines kan levere LNG-motorar som kan støtte opp under den ukrainske straumforsyninga, og kva vil regjeringa i tilfelle foreta seg for å sørgje for at desse blir rydda av vegen snarast råd?
- 30. apr. 2024Kva er logikken bak at regjeringa føresler å la det planlagte Statens fond Tromsø ta opp eit milliardlån for å investere pengane i aksjar, samstundes som regjeringa føresler å redusere Statens pensjonsfond Norge sin aksjeinvesteringar og sluse pengane inn i statsbudsjettet, tatt i betraktning at …
- 25. apr. 2024Hvorfor er det så mye vanskeligere å få opp farta for utbygging av mer fornybar energi i Norge, deriblant havvind, enn det er i våre naboland i Europa og ser regjeringen i det hele tatt noe problem med at 85 prosent av investeringen i energi skjer fossilt her i landet?
- 24. apr. 2024Kor mange fleire månadar vil regjeringa bruke på å utpeike ein person til å representere Noreg i arbeidsgruppa for CBAM, og vil ein i rekrutteringsprosessen legge særleg vekt på skriftlege dugleikar, i og med at vedkomande – på grunn av regjeringa si somling – ikkje lenger vil få moglegheit til å snakke?
- 19. apr. 2024EØS-utredningen anbefaler at det utarbeides årlige stortingsmeldinger hvor det redegjøres for den seneste politikkutviklingen i EU og aktuelle og kommende saker i EØS. Vil regjeringen følge opp dette?
- 18. apr. 2024Rein energimarknadspakka vil gje meir fornybar energi, sterkare forbrukarrettar og meir energisparing. Kva er problemet med innhaldet i denne rein energi-pakken som gjer dette så vanskeleg for regjeringa?
- 17. apr. 2024Det går for tida føre seg eit opent seminar i regjeringspartia om kva regjeringa eigentleg skal meine om rein energi-pakken frå EU. Dette er ein del av fjerde energimarknadspakke frå 2018, som no, seks år seinare, framleis ikkje teken inn i EØS-avtalen. For ein månad sidan gjekk EUs …
- 11. apr. 2024Hva er regjeringens strategi for å adressere det gradvis mer uklare skillet mellom hva som er innenfor og utenfor EØS, spesielt i lys av ny EU-politikk som karbonavgift på import (CBAM) og hvordan dette vil påvirke Norges handelspolitikk og miljøpolitikk?
- 10. apr. 2024Hva er de samfunnsøkonomiske konsekvensene av å innføre en obligatorisk samfunns- eller militærtjeneste for alle 19-åringer?
- 5. apr. 2024Global advisor-undersøkinga utført av Ipsos viser at 71 prosent av nordmenn meiner at EU har positiv innverknad på verdspolitikken. Er finansministeren blant desse 71 prosentane?
- 14. mars 2024Kommunal- og distriktsdepartementet sitt vedtak om å godkjenne detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot og utskipingshamn ved Inste Bårdvikneset i Bremanger vil rasere eit område med den sjeldne naturtypen boreonemoral regnskog. Departementet skriv i grunngjevinga for å tillate naturøydelegginga …
- 11. mars 2024Kva er det EØS-rettslege handlingsrommet for å tillate sprøyting av avlingar ved hjelp av droner, og korleis jobbar regjeringa med å endre regelverket på området?
- 7. mars 2024Har regjeringa konkludert med at det nye nasjonale kompetansesenteret for dataspelkultur skal lokaliserast til Oslo, og kva er i tilfelle dei «helt åpenbare grunner» til at ein ikkje kan følgje Hurdalsplattformen på dette punktet og legge senteret utanfor Oslo?
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Bare besvarte spørsmål. Skriftlige spørsmål besvares skriftlig, og svaret står her. Spørretimespørsmål og interpellasjoner besvares muntlig i Stortinget, og svaret står i referatet på stortinget.no.