Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1092 · 2024-2025

Kor mange av dei uteståande EU-rettsaktene som skal takast inn i EØS-avtalen har regjeringa utarbeida posisjonar til?

Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 4. februar 2025. Svaret kom 12. februar 2025.

Til
Utenriksministeren · Espen Barth Eide
Datert
4. februar 2025
Besvart
12. februar 2025

Spørsmål

Kor mange av dei uteståande EU-rettsaktene som skal takast inn i EØS-avtalen har regjeringa utarbeida posisjonar til?

Begrunnelse

Drøye 600 rettsakter står på vent for å bli tatt inn i EØS-avtalen. Før dette kan skje, vurderer regjeringa om den enkelte rettsakta er å rekne som EØS-relevant, slik Noreg ser det, om regjeringa støttar å ta den inn i EØS-avtalen, og eventuelt om ein vil jobbe for særskilte tilpassingar før dette blir gjennomført. Eg ber om ei oversikt over kor mange av dei uteståande rettsaktene i EØS-etterslepet regjeringa har utarbeida posisjonar til, og kva posisjonane er.

Svar

Utenriksministeren Espen Barth Eide, 12. februar 2025

Det såkalla EØS-etterslepet omfattar i dag litt over 600 rettsakter. Dette talet endrar seg stadig ettersom nye forordningar og direktiv som er EØS-relevante, fortløpande blir gjeldande i EU, og ettersom nytt EØS-relevant regelverk blir teke inn i EØS-avtalen. Nye norske posisjonar på dette regelverket blir òg fortløpande utarbeidde og kan òg endre seg i dialogen med EU og EØS/EFTA-partnarane våre, Island og Liechtenstein. Per i dag har regjeringa utarbeidd posisjonar på omlag 250 av dei rettsaktene som enda ikkje er innlemma i EØS-avtalen.
Det er vedlagt ei oversikt i tabellform over dei rettsaktene dette gjeld. Dei er inndelte etter fagområde, rettsaktnummer (celex), dato for ikraftsetjing i EU og norsk posisjon. Nærmare informasjon om kvar einskild rettsakt og norske posisjonar får ein ved å søkja på rettsaktnummeret (celex) på regjeringa.no og Europalov.no. Dersom det er behov for meir informasjon enn den som finst der, må ansvarleg fagstatsråd kontaktast.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.