Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2144 · 2024-2025

Kva europeiske land har signalisert om dei ønskjer å bidra til eit europeisk styrkebidrag i Ukraina eller ikkje?

Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 8. mai 2025. Det ble besvart av forsvarsministeren Tore Onshuus Sandvik. Svaret kom 16. mai 2025.

Til
Utenriksministeren · Espen Barth Eide
Besvart av
Forsvarsministeren · Tore Onshuus Sandvik
Datert
8. mai 2025
Besvart
16. mai 2025

Spørsmål

Kva europeiske land har signalisert om dei ønskjer å bidra til eit europeisk styrkebidrag i Ukraina eller ikkje?

Begrunnelse

I februar 2025 byrja ein i Europa å diskutere om det er ønskjeleg at europeiske land skal bidra i ein internasjonal styrke i Ukraina, og kva mandat og rolle ei slik styrke eventuelt vil ha. Etter det underteikna kjenner til, har Noreg enno ikkje avklart si stilling i saka. Underteikna ønskjer å spørje utanriksministeren om hans kjennskap til kva land som har signalisert om dei ønskjer å bidra til eit europeisk styrkebidrag, og gjerne kva mandat dei respektive landa ønskjer, dersom det er mogleg.

Svar

Forsvarsministeren Tore Onshuus Sandvik, 16. mai 2025

Eg viser til brev frå Stortingspresidenten 8. mai 2025 med spørsmål frå representanten Rotevatn om «(K)va europeiske land har signalisert om dei ønskjer å bidra til eit europeisk styrkebidrag i Ukraina eller ikkje?» Spørsmålet var opprinneleg retta til utanriksministeren.
Noreg har stått side om side med Ukraina heilt frå invasjonen til Russland i februar 2022. Vi vil halda fram støtta til Ukraina sin tryggleik også etter ei våpenkvile eller ein fredsavtale. Det mest verdfulle vi kan gjera er å støtta Ukraina sine eigne væpna styrker. Noreg er eit stort givarland, med omfattande støtte med militær utrusting og utdanning, så vel som viktig støtte til Ukrainas eigen forsvarsindustri.
Som kjent tek Noreg, saman med ei rekkje andre land, del i planlegging av ein fleirnasjonal styrke som skal kunna stø og trygga Ukraina etter at krigen i landet som følgje av Russland sitt åtak tek slutt. Fleire forhold må vurderast, og dei andre landa er på ulike stader i sine arbeid med å avgjera deltaking. Difor bør desse landa sjølve uttala seg om eigne planar for deltaking i ein eventuell styrke.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.