Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2604 · 2023-2024

Kor mange og kva bygningar i statens eige i Oslo står tomme eller ubrukte, og kva planar ligg føre for å ta desse i bruk?

Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 22. august 2024. Det ble besvart av digitaliserings- og forvaltningsministeren Karianne O. Tung. Svaret kom 30. august 2024.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
Besvart av
Digitaliserings- og forvaltningsministeren · Karianne O. Tung
Datert
22. august 2024
Besvart
30. august 2024

Spørsmål

Kor mange og kva bygningar i statens eige i Oslo står tomme eller ubrukte, og kva planar ligg føre for å ta desse i bruk?

Begrunnelse

Leigemarknaden i Oslo er under stort press. 15.000 står i kø for å få plass i studentbustad, og mange av dei profesjonelle utleigarane sel seg ut av leigemarknaden. Å bygge nytt tar tid, og kan ha til dels store miljøkostnadar både i direkte og indirekte utslepp. I tillegg kjem ulike arealkonflikter. Samstundes veit vi at mange bygningar, både på privat og offentleg hand, til ei kvar tid står ubrukte. Staten er ein stor eigedomsforvaltar, og det er av interesse å vite kor stor del av porteføljen i Oslo som eventuelt ikkje er i bruk eller er planlagt for bruk i næraste framtid.

Svar

Digitaliserings- og forvaltningsministeren Karianne O. Tung, 30. august 2024

Statsbygg har ansvar for 69 ulike eigedommar i Oslo-området. Dette er i hovudsak kultur-, departements- og undervisningsbygg, i tillegg til justisbygg og kongelege eigedommar. I utgangspunktet forvaltar ikkje Statsbygg eigedommar som blir brukte til bustadformål. Dersom det statlege behovet fell bort, er utgangspunktet at eigedommane blir lagt ut for sal i den opne marknaden.
Per i dag er det tre eigedommar i Oslo, som står tomme: Oslo fengsel/Botsen, Nasjonalgalleriet på Tullinløkka og Bankplassen 4. Det blir planlagt for sal av Botsen. For Bankplassen 4 og Nasjonalgalleribygningen er det ei pågåande vurdering for å finna ein strategi for framtidig bruk. Ingen av desse bygningane er eigna for bustadformål.
Universiteta i Oslo forvaltar også statleg fast eigedom i Oslo. Universitetet forvaltar primært formålsbygg, som blir brukt til det formålet verksemdene er sette til å vareta. Universitetet har eit lovfesta ansvar for å leggja forholda til rette for eit godt studiemiljø og arbeida for å betra studentvelferda på lærestadene, i samarbeid med studentsamskipnadene. Sjølv om dette ikkje direkte gjeld tomgang i statlege bygg, så er regelverket ikkje til hinder for at universitetet kan inngå festeavtalar med studentsamskipnader for å leggja til rette for studentbustadbygging. Det er styra ved kvar enkelt institusjon som tek avgjerd i slike saker.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.