Skriftlig spørsmål nr. 1682 · 2024-2025
Korleis vurderer utanriksministeren den urovekkande utviklinga for skeives rettar i Tyrkia, og kva grep tar norske styresmakter i møte med avsløringane om lovgiving som vil kriminalisere såkalla "promotering" av LHBT+?
Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 20. mars 2025. Svaret kom 27. mars 2025.
- Fra
- Sveinung Rotevatn (V)
- Til
- Utenriksministeren · Espen Barth Eide
- Datert
- 20. mars 2025
- Besvart
- 27. mars 2025
Spørsmål
Korleis vurderer utanriksministeren den urovekkande utviklinga for skeives rettar i Tyrkia, og kva grep tar norske styresmakter i møte med avsløringane om lovgiving som vil kriminalisere såkalla "promotering" av LHBT+?
Begrunnelse
I følgje eit utkast til dokument frå det tyrkiske justisdepartementet, som den skeive menneskerettsorganisasjonen Kaos GL har fått tak i, vil "biologisk kjønn" bli lovfesta og såkalla "promotering" av LHBT+-rettar bli kriminalisert. Vidare vil den tyrkiske regjeringa foreslå fengselsstraff for dei som gjennomfører ekteskapssermoniar mellom to av same kjønn.
Ei føresegn som skal inn i den tyrkiske straffelova medfører at ein "person som offentleg oppmuntrar, rosar eller promoterer haldningar og åtferd i strid med det biologiske kjønnet ved fødsel og offentleg moral skal dømmast til fengsel frå eitt til tre år".
Dersom personar av same kjønn gjennomfører truloving eller ekteskapsseremoni, skal dei dømmast til fengsel frå eitt år og seks månader til fire år, følgjer det vidare av dokumentet.
Andre delar av lovforslaget medfører å auke alderen der ein kan starte prosessen med kjønnsskifte frå 18 til 21 år, og gjere det vanskelegare å endre kjønn på offisielle dokument.
Svar
Utenriksministeren Espen Barth Eide, 27. mars 2025
Eit mogleg lovforslag om innskrenkingar i skeives rettar i Tyrkia er vorten kjent. Ei slik lov, om ho leggjast fram for parlamentet og vedtas, vil kunne vere i strid med Tyrkias internasjonale forpliktingar, mellom anna som medlem av Europarådet og dermed part til Den europeiske menneskerettskonvensjonen og Den europeiske menneskerettsdomstol. Dette vil i så fall vere bekymringsfullt. Noreg støttar aktivt desse institusjonane. Som del av Noregs internasjonale arbeid mot diskriming støttar vi og det skeive miljøet i Tyrkia, mellom anna gjennom finansiell støtte til LHBTI+-organisasjonar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.