Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 598 · 2024-2025

Kva grep meiner utanriksministeren bør takast for å redusere risikoen for at Noreg blir ståande i ein handelspolitisk skvis mellom USA og EU, og kva ville eit EU-medlemskap bety i denne samanhengen?

Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 6. desember 2024. Svaret kom 13. desember 2024.

Til
Utenriksministeren · Espen Barth Eide
Datert
6. desember 2024
Besvart
13. desember 2024

Spørsmål

Kva grep meiner utanriksministeren bør takast for å redusere risikoen for at Noreg blir ståande i ein handelspolitisk skvis mellom USA og EU, og kva ville eit EU-medlemskap bety i denne samanhengen?

Begrunnelse

Den globale handelspolitiske situasjonen er prega av aukande spenningar mellom dei største økonomiane i verda, spesielt mellom USA og EU. Den nye Trump-administrasjonen har varsla ei proteksjonistisk linje, med høge tollsatsar som eit sentralt verkemiddel for å fremje amerikanske interesser. Det kan føre til auka handelshindringar for norske eksportørar som opererer på den amerikanske marknaden.
Samtidig har EU styrkt handelsstrategien sin med fokus på strategisk autonomi og krav om at samarbeidspartnarar etterlever høge standardar innan klima, arbeidsliv og menneskerettar. Det blir jobba iherdig med strategiar for å verne særleg strategiske industriar og produkt, men Noreg er verken ein del av EUs utanrikspolitikk, handelspolitikk eller tollpolitikk.
Noregs sterke økonomiske avhengigheit av EU, kombinert med den utfordrande balansen mellom relasjonen til USA og EØS-avtalen, kan setje oss i ein skvis dersom handelspolitikken mellom dei to blokkene blir meir konfronterande.
Utanriksministeren har tidlegare peika på at det er viktig å knyte Noreg tettare til EU for å sikre stabilitet i handelspolitikken og støtte norske interesser i møte med eit meir proteksjonistisk USA.

Svar

Utenriksministeren Espen Barth Eide, 13. desember 2024

Noreg må halde fram med å jobbe for eit velfungerande regelbasert handelssystem, samt eit godt transatlantisk handelssamarbeid. Samstundes må vi styrkje samarbeidet med dei aktørane som står oss nærast, og som er viktigast for oss.
Det aller meiste av norsk handel går til Europa og særleg til EU. I tida som kjem vert EU endå viktigare for oss, òg på det økonomiske området. Vi må difor oppretthalde våre nære og tette band til medlemslanda i EU og Kommisjonen.
EØS-avtalen gir oss full tilgang til den indre marknaden og er samstundes ein døropnar for vidare samarbeid med EU på andre område. Noregs deltaking i den indre marknaden tydar at vi ikkje bør bli råka av eventuelle tiltak EU måtte setje i verk som følgje av eventuell auka toll frå USA. Det bodskapet vert understreka i dialog med Kommisjonen og medlemslanda. Vi har tett og god dialog med EU om felles interesser i møte med geopolitiske spenningar.
Dersom Noreg var medlem av EU, ville vi som følgje av medlemskapet automatisk ta del i dei handelstiltaka EU set i verk som ein tollunion.
Det blir elles vist til mi utgreiing til Stortinget om Europa og EØS, 14. november 2024 og til næringsministeren si handelspolitiske utgreiing til Stortinget 28. november 2024.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.