Skriftlig spørsmål nr. 722 · 2024-2025
Kunnskapssektorens innkjøpssentral SIKT skal på nyåret inngå nye avtalar for innkjøp av datautstyr. For universitetstilsette rundt om i heile landet er det viktig at kontraktane med HewlettPackard og …
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til kunnskapsministeren, Kari Nessa Nordtun, 19. desember 2024. Det ble besvart av forsknings- og høyere utdanningsministeren Oddmund Hoel. Svaret kom 6. januar 2025.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Kunnskapsministeren · Kari Nessa Nordtun
- Besvart av
- Forsknings- og høyere utdanningsministeren · Oddmund Hoel
- Datert
- 19. desember 2024
- Besvart
- 6. januar 2025
Spørsmål
Kunnskapssektorens innkjøpssentral SIKT skal på nyåret inngå nye avtalar for innkjøp av datautstyr. For universitetstilsette rundt om i heile landet er det viktig at kontraktane med HewlettPackard og Ex Libris ikkje vert fornya, då dette er selskap som bidrar til Israels ulovlege okkupasjon av palestinske område.
Korleis vil kunnskapsministeren gjera det tydeleg overfor SIKT at selskap knytt til folkerettsbrot ikkje eignar seg som leverandør til norsk kunnskapssektor, i tråd med DFØs rettleiar av 18. november 2024?
Begrunnelse
531 tilsette ved norske universitet og høgskular ber i Khrono den 12. desember regjeringa om ein hasteinstruks om innkjøpsetisk praksis i offentlig sektor "som viser til ICJ og tar folkemordkonvensjonen til følge". Dei viser til at den norske kunnskapssektoren kjøper og tar i bruk ei rekke varer og tenester frå selskap knytt til Israels folkerettsbrot i palestinske område.
Då SV tidlegare i haust la fram forslag i Stortinget om at offentleg sektor skulle ileggast plikt til å avvisa samhandel med selskap som bidrar til folkerettsbrot, svarte regjeringa at dette vil bli vurdert i ny lov om offentlege innkjøp. Som dei tilsette i universitets- og høgskulesektoren peikar på, vil det ikkje vera tilstrekkeleg å visa til ei komande lov når nye kontraktar skal inngåast på nyåret.
Svar
Forsknings- og høyere utdanningsministeren Oddmund Hoel, 6. januar 2025
Sikt – kunnskapssektorens tenesteleverandør kjøper inn og forvaltar ei lang rekke digitale fellestenester til bruk i kunnskapssektoren. Eg legg til grunn at Sikt som ei statleg verksemd etterlever dei reglar og anbefalingar som gjeld for offentlege innkjøp. Sikt har opplyst om at dei er kjende med dei skjerpa varsemdsvurderingane som skal gjerast når det er risiko for brot på folkeretten.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.