Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1168 · 2023-2024

Utanriksministeren har uttrykt at han ikkje trur på sanksjonar. Vil utanriksministeren oppheva sanksjonane mot dei 27 landa Noreg allereie sanksjonerer eller stiller Israel i ein særeigen kategori?

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 7. februar 2024. Svaret kom 13. februar 2024.

Til
Utenriksministeren · Espen Barth Eide
Datert
7. februar 2024
Besvart
13. februar 2024

Spørsmål

Utanriksministeren har uttrykt at han ikkje trur på sanksjonar.
Vil utanriksministeren oppheva sanksjonane mot dei 27 landa Noreg allereie sanksjonerer eller stiller Israel i ein særeigen kategori?

Begrunnelse

SV har fremma forslag om sanksjonar mot Israels folkerettsstridige krig mot Gaza. 6. februar vart det stemt over 30 ulike forslag til sanksjonar i Stortinget - alt frå at Noreg skal ta initiativ til internasjonal våpenembargo til å nekta valdelege busettarar på Vestbreidda innreise. Fleire av forslaga handlar om å ta initiativ til eller støtta internasjonale sanksjonar. Regjeringspartia støtta ingen av forslaga.
Utanriksministeren uttrykte både i stortingssalen under debatten om forslaga 1. februar og i media at han ikkje trur på sanksjonar fordi det gjer dialog om endring vanskeleg.
Ifølgje Utanriksdepartementet har Noreg i dag sanksjonar mot 27 ulike land og regionar. Det gjeld Afghanistan, Belarus, Myanmar, Burundi, Darfur, Haiti, Republikken Guinea, Guinea-Bissau, Irak, Iran, Jemen, Den demokratiske republikken Kongo, Libanon, Libya, Mali, Moldova, Nicaragua, Nord-Korea, Russland, Den sentralafrikanske republikken, Somalia, Syria, Sør-Sudan, Tunisia, Ukraina, Venezuela og Zimbabwe. 18 av desse er underlagt våpenembargo.

Svar

Utenriksministeren Espen Barth Eide, 13. februar 2024

Då vi debatterte dette i Stortinget 1. februar kom det tydeleg frem at regjeringa meiner det er multilaterale, globale og tvingande sanksjonar som har størst moglegheit til å påvirke ein stat til å endre adferd. Eksempel på dette er sanksjonar som FNs Tryggingsråd eller EU har vedtatt.
Noreg har totalt 31 sanksjonsforskrifter. Desse er knytt til situasjonen i særskilde land, men og tema som cyberangrep, menneskerettar og kjemiske våpen. Det varierer og om sanksjonane retter seg mot sjølve landsituasjonen, eller mot einskilde personer i eit land, eller begge deler. Dei sanksjonsregima Noreg er tilslutta, er enten sanksjonar som er vedtatt av FNs Tryggingsråd, eller dei er EU-sanksjonar. Verken Tryggingsrådet eller EU har vedtatt sanksjoner mot Israel.
Eg viser også til mitt svar på Representantforslaget frå SV DOK 8:40 S (2023-2024) og svar på skriftleg spørsmål frå Stortinget nr 640, 817 og 829.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.