Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1122 · 2023-2024

Korleis vil regjeringa legga press på israelske styresmakter for å avlysa angrepsplanane på Rafah?

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Espen Barth Eide, 2. februar 2024. Svaret kom 12. februar 2024.

Til
Utenriksministeren · Espen Barth Eide
Datert
2. februar 2024
Besvart
12. februar 2024

Spørsmål

Korleis vil regjeringa legga press på israelske styresmakter for å avlysa angrepsplanane på Rafah?

Begrunnelse

Den israelske hærleiinga har annonsert at neste mål i krigen mot Gaza er Rafah. For tida oppheld 1,4 millionar menneske seg i Rafah, og dei fleste av desse er flyktningar som har flykta frå andre stader på Gazastripa. Eit militært angrep på eit lite område med så mange sivile framstår som ei oppskrift på ei ytterlegare forverring av ein allereie pågåande humanitær katastrofe.

Svar

Utenriksministeren Espen Barth Eide, 12. februar 2024

Eg er djupt uroa for rapporter frå media om ein mogleg israelsk bakkeoperasjon i Rafah. Det er over ein million menneske som oppheld seg i og rundt Rafah no. Mange av dei har alt flykta dit frå andre stader i Gaza. Den humanitære situasjonen for sivilbefolkninga i Gaza er frå før katastrofal. Ein bakkeoperasjon vil forverre situasjonen ytterlegare og gjere det endå vanskelegare å levere livsnødvendig humanitær hjelp. Eg frykter at ein bakkeoperasjon vil føre til at endå fleire sivile døyr. Folk har ikkje andre stader å dra.
Eg har lenge vore klar på at krigen har gått for langt og må stoppe. Noreg driv eit aktivt diplomati og taler med Israel, land i regionen og andre sentrale land om korleis vi kan få slutt på krigen. Vi har vore tydelege overfor Israel på konsekvensane av eit angrep på Rafah. Vi har heile tida vore klare på at partane i konflikten må respektere folkeretten og beskytte sivile. Det vil vi halde fram med.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.