Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 5 · 2023-2024

Det er godt og kaldt ute og rekordtidleg start på skisesongen i Oslomarka. Men globalt går vi mot eit rekordvarmt år, og temperaturrekordar vert slegne månad for månad. Eg vil tilbake til …

Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til statsministeren, Jonas Gahr Støre, 29. november 2023.

Til
Statsministeren · Jonas Gahr Støre
Datert
29. november 2023
Besvart
29. november 2023

Miljøvern · Forurensning · Energi · Olje og gass · Utenrikssaker · Internasjonalt samarbeid

Spørsmål

Det er godt og kaldt ute og rekordtidleg start på skisesongen i Oslomarka. Men globalt går vi mot eit rekordvarmt år, og temperaturrekordar vert slegne månad for månad.

Eg vil tilbake til klimatoppmøtet som eg skjøner at statsministeren reiser til i morgon. Eg vil starte med å seie at det er bra at statsministeren deltar der sjølv, i lag med andre medlemer av regjeringa. Det framstår litt meir uklart kva sluttresultat ein ønskjer å oppnå.

På toppmøtet i Glasgow for to år sidan var det ein viktig prosess og eit viktig vedtak rundt å få til ei nedfasing av den mest forureinande fossile energikjelda, nemleg kolkraft. No er det mange som jobbar for offensive formuleringar rundt nedfasing av annan fossil energi òg.

Noreg har i mange år vore eit aktivt medlem av den internasjonale høgambisjonen for klima, som jobbar for at verdssamfunnet skal skjerpe inn klimapolitikken. Noreg har late vere å skrive under dei fem siste fråsegnene frå den koalisjonen. Det dei har til felles, er at dei nettopp tek til orde for at vi no må begynne å fase ut fossil energi.

I og med at regjeringa sitt mantra, iallfall her heime, er å utvikle og ikkje avvikle oljenæringa, er det nærliggjande å tenkje seg at det er grunnen til at vi no har slutta å signere fråsegner frå denne globalt viktige klimakoalisjonen. Med det stiller vi oss altså på sida til Saudi-Arabia, Russland og andre oljeproduserande land som ikkje ønskjer den typen formuleringar vedtekne på klimatoppmøtet.

Eg vil gjerne spørje statsministeren om han kan greie ut kva som er Noreg si grunngjeving for at vi har slutta å stille oss bak fråsegnene frå høgambisjonskoalisjonen for klima, og meiner han at det er med på å styrkje Noreg sitt klimatruverd inn mot desse toppmøta?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.