Muntlig spørsmål nr. 4 · 2023-2024
La meg starte med å ønskje statsråden til lykke, og ikkje minst lykke til med ein viktig jobb for klima og natur. Mitt spørsmål handlar om samanhengen mellom nettopp dei to. Den førre, borgarlege …
Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til klima- og miljøministeren, Andreas Bjelland Eriksen, 15. november 2023.
- Fra
- Sveinung Rotevatn (V)
- Til
- Klima- og miljøministeren · Andreas Bjelland Eriksen
- Datert
- 15. november 2023
- Besvart
- 15. november 2023
Landbruk · Skogbruk · Miljøvern · Naturvern · Forurensning
Spørsmål
La meg starte med å ønskje statsråden til lykke, og ikkje minst lykke til med ein viktig jobb for klima og natur. Mitt spørsmål handlar om samanhengen mellom nettopp dei to.
Den førre, borgarlege regjeringa inngjekk ein forpliktande klimaavtale med EU. Han handla om å redusere klimagassutsleppa våre i ulike sektorar, men han handla også om å stoppe tapet av natur i Noreg, fordi nedbygging av skog, våtmarker og anna grønt areal bidreg til store utslepp, og det er ein viktig del av klimaløysinga å forhindre det. Det betyr at vi har eit utsleppsbudsjett også for kor mykje natur vi kan øydeleggje. Her ligg Noreg svært dårleg an.
Med politikken til regjeringa per i dag ligg vi an til å få eit utsleppsgap på 6,7 millionar tonn årleg i denne stortingsperioden. ESA har allereie retta sterk kritikk mot Noreg for manglande oppfølging av klimaavtalen med EU generelt og denne delen, som handlar om skogareal, spesielt. Difor har Venstre i heile denne stortingsperioden etterlyst kva regjeringa har tenkt å gjere med det.
På fredag kom svaret. Då la klima- og miljøministeren fram ein proposisjon i statsråd der ein ber om fullmakt frå Stortinget til å kjøpe skogkredittar og utslippseiningar frå europeiske land som er flinkare til å ta vare på naturen sin enn vi er. Den berekna prislappen for norske skattebetalarar er førebels på 3 mrd. kr – dersom det i det heile finst kredittar å kjøpe, då, for det er også høgst usikkert, noko regjeringa sjølv seier.
Spørsmålet mitt til klima- og miljøministeren vert difor: Er verkeleg løysinga til regjeringa på naturtap i Noreg å betale andre land for å ta vare på sin natur, og kva kjem regjeringa til å gjere dersom ein ikkje får kjøpt slike skogkredittar?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.