Skriftlig spørsmål nr. 3181 · 2022-2023
Muraren Mohammed Naseem vart hausten 2007 feilaktig pågripen av Forsvarets spesialkommando (FSK) i Afghanistan. Når - dato og klokkeslett - rapporterte Task Force 51/Forsvarets Spesialkommando til Forsvarets Operative Hovudkvarter at personen dei hadde pågripe var Mohammad Naseem?
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Bjørn Arild Gram, 18. september 2023. Svaret kom 29. september 2023.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Forsvarsministeren · Bjørn Arild Gram
- Datert
- 18. september 2023
- Besvart
- 29. september 2023
Spørsmål
Muraren Mohammed Naseem vart hausten 2007 feilaktig pågripen av Forsvarets spesialkommando (FSK) i Afghanistan.
Når - dato og klokkeslett - rapporterte Task Force 51/Forsvarets Spesialkommando til Forsvarets Operative Hovudkvarter at personen dei hadde pågripe var Mohammad Naseem?
Begrunnelse
17. september 2007 gjennomførte soldatar frå Forsvarets spesialkommando (FSK) ein større operasjon i Tagab-dalen nordaust for Kabul. Målet for operasjonen var å pågripa ein Taliban-leiar som heitte Qari Nejat. I fjor haust vart det kjent i media at feil mann vart tatt til fange under operasjonen.
Mannen som vart pågripen var ein murar som heitte Mohammad Naseem. I eit brev frå Forsvarsdepartementet datert 12. november 2010, heiter det:
"Angjeldende norske styrker opplyser at det ikke ble brukt noen form for makt mot vedkommende. Taktisk utspørring av Naseem ble heller ikke gjennomført i og med at tolk ikke var tilgjengelig under operasjonen."
I svar på skriftleg spørsmål 2507 opplyste statsråden at:
"I tråd med etablerte rutinar rapporterte FSK til Forsvarets Operative Hovudkvarter og ikkje til FD."
Svar
Forsvarsministeren Bjørn Arild Gram, 29. september 2023
Eg viser til brev frå Stortingets president av 19. september 2023 med spørsmål frå stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa:
«Muraren Mohammed Naseem vart hausten 2007 feilaktig pågripen av Forsvarets spesialkommando (FSK) i Afghanistan. Når - dato og klokkeslett - rapporterte Task Force 51/Forsvarets Spesialkommando til Forsvarets Operative Hovudkvarter at personen dei hadde pågripe var Mohammad Naseem?»
I brevet viser Fiskaa til svaret mitt på skriftleg spørsmål 2507 der eg opplyste at:
«I tråd med etablerte rutinar rapporterte FSK til Forsvarets Operative Hovudkvarter og ikkje til FD».
Spørsmålet om tidspunktet for rapportering er knytt til andre forhold ved operasjonen, og kan ikkje svarast på utan å komme inn på gradert informasjon. Eg viser difor til svaret mitt på spørsmål nr 2507, om at opplysningar i graderte rapportar frå gjennomførte operasjonar ikkje kan frigjevas.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.