Skriftlig spørsmål nr. 2627 · 2022-2023
Eg viser til svar på spørsmål 2507, om operasjonen utført av norske styrkar i Afghanistan i 2007, der målet var å ta til fange ein Taliban-leiar. Når – og korleis – vart Task Force 51/Forsvarets …
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Bjørn Arild Gram, 22. juni 2023. Svaret kom 29. juni 2023.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Forsvarsministeren · Bjørn Arild Gram
- Datert
- 22. juni 2023
- Besvart
- 29. juni 2023
Spørsmål
Eg viser til svar på spørsmål 2507, om operasjonen utført av norske styrkar i Afghanistan i 2007, der målet var å ta til fange ein Taliban-leiar. Når – og korleis – vart Task Force 51/Forsvarets spesialkommando (FSK) første gong klar over at personen dei hadde pågripe var Mohammad Naseem, og ikkje Taliban-leiaren Qari Nejat, og når og korleis vart Forsvarsdepartementet klar over dette?
Begrunnelse
Statsråden skriv i svaret på spørsmål 2507 at Forsvarsdepartementet (FD) ikkje fekk opplysningane direkte frå FSK, då dei rapporterte til Forsvarets Operative Hovudkvarter. Opplysningane har likevel nådd fram til FD. I brevet datert 12. november 2010 frå FD (omtalt i første spørsmål) går det fram at departementet visste at den pågripne var Mohammad Naseem allereie i 2008.
Svar
Forsvarsministeren Bjørn Arild Gram, 29. juni 2023
Task Force 51 (TF 51) var underlagt hovudkvarteret i International Security Assistanse Force (ISAF HQ) og utførte oppdrag på ordre frå dette hovudkvarteret. Forsvaret opplyser at amerikanske spesialstyrkar støtta dette oppdraget og at afghanske styresmakter frå National Directorate of Security (NDS) utførte pågripinga. TF 51 tok kontroll på området. Afghanske styresmakter gjennomførte identifisering og pågriping i samsvar med dei normale prosedyrane som var etablert for slike operasjonar.
Forsvaret opplyser at TF 51 redeployerte til Norge kort tid etter at dette oppdraget vart utført. TF 51 var ikkje kjent med at noko skulle vera uklart knytt til personen som NDS hadde pågripe.
Departementet vart gjort kjent med namnet Naseem Mohammad i rapportering frå Kgl. norsk ambassade i Kabul, 5. juni 2008, adressert til Utanriksdepartementet, med informasjon til mellom anna Forsvarsdepartementet.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.