Skriftlig spørsmål nr. 2024 · 2022-2023
Er regjeringa i gang med utgreiinga av utfordringane ved samarbeid med private aktørar i forsvarssektoren, når vil utgreiinga vera ferdig, og vil regjeringa involvera Stortinget i vurderingane?
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Bjørn Arild Gram, 21. april 2023. Svaret kom 2. mai 2023.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Forsvarsministeren · Bjørn Arild Gram
- Datert
- 21. april 2023
- Besvart
- 2. mai 2023
Spørsmål
Er regjeringa i gang med utgreiinga av utfordringane ved samarbeid med private aktørar i forsvarssektoren, når vil utgreiinga vera ferdig, og vil regjeringa involvera Stortinget i vurderingane?
Begrunnelse
Solberg-regjeringa var pådrivar for privatisering av oppgåver i Forsvaret, såkalla strategiske samarbeid. Vedlikehald av materiell og IKT-drift er eksempel på oppgåver den førre regjeringa meinte var eigna for å setta ut til private og sivile aktørar. Slike samarbeid reiser ei rekkje problemstillingar som framleis ikkje er skikkeleg greia ut eller vurdert.
Eit samla Storting ba i desember 2020 regjeringa leggja fram ei utgreiing om bruk av ikkje-militært tilsette og tilhøve knytt til krigens folkerett og ikkje-militært personell som legitime militære mål innan 2022. I Hurdalsplattformen gjekk den noverande regjeringa vidare og la til fleire kriterium i ei slik utgreiing. Regjeringspartia lova der å
«gå gjennom Forsvarets samarbeid med private aktørar, med omsyn til blant anna sikkerheit, beredskap, kompetanse og krigens folkerett.»
Regjeringa informerte i november 2022 om at arbeidet ikkje er ferdigstilt, og at dei vil koma tilbake til Stortinget på eigna måte seinare. No er me i april 2023. I mellomtida blir avklaring av større vedlikehaldsoppgåver i Forsvaret sett på vent, og Forsvaret risikerer å mista endå fleire fagfolk.
Svar
Forsvarsministeren Bjørn Arild Gram, 2. mai 2023
Det er starta ei brei utgreiing om sivile sin status i krise/krig. Denne utgreiinga tar for seg sivilt tilsette i forsvarssektoren, sivile leverandørar og sivile kontraktørar. Arbeidet er i ferd med å bli ferdig og eg vil då koma attende til Stortinget om saka på egna måte.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.