Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 3 · 2022-2023

Forsvaret fyller særleg samfunnskritiske funksjonar, og privatisering kan dermed få store konsekvensar. Risikoen med å splitta opp ansvar og fagmiljø og med å mista kontroll med kven som gjer kva, og …

Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Bjørn Arild Gram, 19. oktober 2022.

Til
Forsvarsministeren · Bjørn Arild Gram
Datert
19. oktober 2022
Besvart
19. oktober 2022

Forsvar

Spørsmål

Forsvaret fyller særleg samfunnskritiske funksjonar, og privatisering kan dermed få store konsekvensar. Risikoen med å splitta opp ansvar og fagmiljø og med å mista kontroll med kven som gjer kva, og kven som har tilgang på informasjon, er enda meir alvorleg i Forsvaret enn i dei fleste andre sektorar. Når kvar eining berre skal gjera akkurat det dei har fått i oppdrag og får betalt for, når kvar aktør fyrst og fremst skal tenkja på eiga inntening, går det fort ut over sikkerheita, kontrollen og kvaliteten på det arbeidet som blir gjort. Risikoen for at andre enn dei som skal ha tilgang på eit område eller på informasjon, faktisk får det, aukar. Eg går ut frå at statsråden er einig i alt dette.

Likevel har me ikkje sett teikn til at regjeringa tek grep for å styrkja dei fagmiljøa som er særleg utsette for privatiserings- og oppsplittingsiveren til den førre regjeringa. Det gjeld bl.a. vedlikehald, IKT og cyberforsvar, og det gjeld reinhald. Den førre regjeringa konkurranseutsette reinhaldet. Kva blei resultatet? Jo, bl.a. at vektarar måtte fotfølgja reinhaldspersonell fordi dei mangla sikkerheitsklarering. Sikkerheitsklarerte arbeidsfolk som hadde gjeve av sine beste år og si beste helse for å sikra eit godt reinhald i Forsvaret, blei altså utsette for meiningslaus høgreideologi.

Regjeringa har lovt at dei vil ta reinhaldarane tilbake i Forsvarets eigne rekkjer, og her hadde regjeringa ein gyllen sjanse til å halda ord, når kontraktane med dei private selskapa no snart går ut. I staden blir det altså enda ein runde med konkurranseutsetjing. Ein kan lura på kvifor det tek så lang tid å oppfylla eigne lovnader, og kvifor regjeringa vel å utsetja reinhaldarane for enda meir usikkerheit og samtidig utsetja Forsvaret for dei negative konsekvensane av at reinhald blir utført av andre enn Forsvaret sjølv. Så spørsmålet er: Når vil det bli gjeve eit oppdrag til Forsvarsbygg eller ein annan etat om å starta arbeidet med å innkontraktera reinhaldet?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.