Skriftlig spørsmål nr. 34 · 2022-2023
Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med bompengeselskapet Vegamot funne at det er grunnlag for lågare bompengesatsar på Nordøyvegen enn det er lagt opp til i Prop. 93 S (2021-2022). …
Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 5. oktober 2022. Svaret kom 17. oktober 2022.
- Fra
- Erling Sande (Sp)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 5. oktober 2022
- Besvart
- 17. oktober 2022
Spørsmål
Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med bompengeselskapet Vegamot funne at det er grunnlag for lågare bompengesatsar på Nordøyvegen enn det er lagt opp til i Prop. 93 S (2021-2022). Fylkeskommunen har garantiansvar for prosjektet, ei slik løysing er derfor provenynøytralt for staten.
Kan fylkeskommunen og bompengeselskapet bli samde om ei slik løsning, og kva justeringar av regelverket må eventuelt gjennomførast for at ein reduksjon av takstane på Nordøyvegen skal være mulig?
Begrunnelse
Nordøyvegen er eit ferjeavløysingsprosjekt som består av tre undersjøiske tunnelar, en landtunnel og tre bruer som gjev fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya/Finnøya.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 17. oktober 2022
Når eit bompengeopplegg er vedteke i Stortinget, inngår Vegdirektoratet ein avtale med det aktuelle regionale bompengeselskapet som forpliktar selskapet å stille med midlar til den aktuelle utbygginga mot at bompengeselskapet samstundes får rett til bompengeinnkrevjing innanfor dei ramane Stortinget har lagt. Takstane ved oppstart av innkrevjinga blir fastsett av Vegdirektoratet etter søknad frå bompengeselskapet. I søknaden gjer bompengeselskapet greie for samla lånebelastning og renteutviklinga.
I tråd med styringssystemet som er lagt overfor bompengeselskapa, skal gjennomsnittstaksten i eit prosjekt vurderast på nytt etter eit til to års drift, når trafikken er kjend. Då kan bompengeselskapet søke om å endre gjennomsnittstaksten ut frå prosjektets økonomiske situasjon. Før bompengeselskapet kan søke om endringar i gjennomsnittstaksten, må dette bli lagt føre for fylkeskommunen som garantist for tilslutning. Det må òg ligg føre ei tilslutning frå garantisten før Vegdirektoratet kan handsame søknaden og evt. fatte takstvedtak om endring av gjennomsnittstakstane. Det er altså bompengeselskapet som i dei enkelte tilfelle tar initiativ til å setje i gang prosessen med å endre takstane.
Så lenge takstane settast i tråd med det inntektstrømmane i bompengeinnkrevjinga tillate, finns det derfor allereie eit system for justeringar av gjennomsnittstakstane i eit bompengeprosjekt.
Ut over dette systemet er det ikkje slik at takstane berre kan setjast lågare enn det Stortinget har vedteke. Dersom det skal skje ei takstreduksjon må eit inntektstap anten bli dekka av fylkeskommunale midlar/tilskot, eller i form av ein eigen særskilt garanti frå fylkeskommunen. Ein ev. ny garanti må leggjast fram for Kommunal- og distriktsdepartementet for ny godkjenning då føresetnadene for den allereie godkjente garantien blir endra. Det er ikkje tilstrekkeleg at fylkeskommunen vedtek å ta på seg det fulle ansvaret ved ev. mindreinntekter i bompengeperioden, det vil krevjast ein eigen garanti. Dersom det er ønskeleg frå fylkeskommunens side å yte eit særskilt tilskot, eller stille ein særskilt garanti, må dette skje i samråd med bompengeselskapet Vegamot.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.