Skriftlig spørsmål nr. 2711 · 2021-2022
Kva er status for arbeidet med oppheving av brukthandellova?
Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til næringsministeren, Jan Christian Vestre, 24. august 2022. Svaret kom 1. september 2022.
- Fra
- Sveinung Rotevatn (V)
- Til
- Næringsministeren · Jan Christian Vestre
- Datert
- 24. august 2022
- Besvart
- 1. september 2022
Spørsmål
Kva er status for arbeidet med oppheving av brukthandellova?
Begrunnelse
I 2019 gjennomførte regjeringa Solberg ei høyring med forslag om å oppheve brukthandellova. Bakgrunnen var at lova må mange måtar framstår utdatert i lys av utviklinga med digitale marknadsplassar for omsetjing av brukte varer, samt at den pålegg næringsdrivande unødvendige byrder. Eit døme på det siste kan ein lese om i Bergensavisen 23. august, der ein gjenbruksbutikk for barnekle har måtte stenge på bakgrunn av kravet om at varer må ligge på lager i to veker før dei kan omsetjast.
I dokument nr. 15:1930 (2020-2021) svarar dåverande næringsminister Iselin Nybø dåverande stortingsrepresentant Tore Storehaug at departementet sitt arbeid med brukthandellova var satt på vent på grunn av omprioritering av ressursar i samband med koronakrisa. Det ville vore nyttig om statsråden kan greie ut for om arbeidet er i gang igjen, og korleis han vurderer behovet for å oppretthalde ei eiga brukthandellov.
Svar
Næringsministeren Jan Christian Vestre, 1. september 2022
Takk for spørsmålet. Regjeringa er oppteke av at økonomien må innrettast til å bli meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Handel med brukte gjenstandar har endra seg stort dei siste åra, og eg meiner at brukthandellova ikkje er spesielt godt tilpassa samfunnet i dag. Samtidig er det viktig å ikkje gløyme at formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar. Sal av brukte varer med høg verdi har også økt risiko for heleri.
Departementet har over tid arbeidd med å revidere regelverket. De juridiske ressursane i departementet måtte midlertidig omprioriterast våren 2020 som følgje av koronapandemien. Vi arbeider med saka, og eg tar sikte på å presentere eit forslag som aktivt fremmer sirkulærøkonomien.
Vi skal ta med oss høyringssvara frå 2019, samt hente inn ny og oppdatert kunnskap. Eg har møtt fleire aktørar i bransjen og har dialog med miljøvernorganisasjonar og andre. Det er ennå for tidleg å angi når vi ventar å kunne leggje fram eit forslag for Stortinget.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.