Skriftlig spørsmål nr. 2506 · 2021-2022
Vil Noreg i Tryggingsrådet ta initiativ til at det opprettas ein handlingsplan overfor Israel og Palestina for å stoppe dei grove brota på barnekonvensjonen som FNs kontor for barn og væpna konflikt rapporterer om?
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Anniken Huitfeldt, 30. juni 2022. Svaret kom 8. juli 2022.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Utenriksministeren · Anniken Huitfeldt
- Datert
- 30. juni 2022
- Besvart
- 8. juli 2022
Spørsmål
Vil Noreg i Tryggingsrådet ta initiativ til at det opprettas ein handlingsplan overfor Israel og Palestina for å stoppe dei grove brota på barnekonvensjonen som FNs kontor for barn og væpna konflikt rapporterer om?
Begrunnelse
I fjor kom FNs kontor for barn og væpna konflikt (CAAC) med ein alarmerande rapport som slo fast at det føregår store brot på folkeretten og barnekonvensjonen i Israel og Palestina. I rapporten dokumenterast drap og lemlesting av barn, trakassering og valdsbruk mot arrestera born og rekruttering av barn som informantar. CAAC slår fast at det i hovudsak er snakk om israelske styrkers overgrep mot palestinske barn.
På bakgrunn av desse dystre funna kom CAAC med ei rekkje råd for å oppretthalde barnerettslege standardar, stoppe alle formar for mishandling av arrestera barn og stoppe forsøk på rekruttering av barn som informantar med meir. Råda er i liten grad fylgt opp. Noreg kan utgjere ein forskjell ved å bruke si rolle i Tryggingsrådet for å få på plass ein handlingsplan.
Svar
Utenriksministeren Anniken Huitfeldt, 8. juli 2022
Eg deler uroa di for palestinske barn som er fråtekne fridomen sin i Israel. Utanriksdepartementet følgjer nøye med på situasjonen.
I fjor vart både Israel og Palestina omtala i den årlege rapporten til FN-generalsekretæren om barn i væpna konflikt på grunn av alvorlege folkerettsbrot mot barn. Fleire konfliktpartar på båe sider fekk sterke oppmodingar om å endre åtferd. Like fullt vart ingen av dei listeførte. Kontoret til generalsekretærens spesialrepresentant for barn i væpna konflikt er i dialog med konfliktpartane på båe sider.
For at ein skal inngå ein handlingsplan i samråd med FN, er det ein føresetnad at partane er listeførte i generalsekretæren sin årlege rapport. Det er generalsekretæren i FN som avgjer kven som skal på lista, og kven som skal takast av. Avgjerda om dette byggjer på verifiserte tal og statistikk som gjeld konfliktpartar som har gjort seg skuldige i ein eller fleire av dei såkalla «seks grove folkerettsbrota mot barn i væpna konflikt». Partar som vert granska, vert oppmoda til å inngå handlingsplanar. Inngåing av ein handlingsplan og gjennomføring av han er kriterium som må vere følgde opp for at ein part etter kvart kan fjernast frå lista. Generalsekretæren sin årlege rapport om barn i væpna konflikt er venta i løpet av kort tid.
Vi tek opp barn sin situasjon jamleg i orienteringar, konsultasjonar og andre møte som gjeld Israel og Palestina i Tryggingsrådet.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.