Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 4 · 2021-2022

For å vere miskunnsam skulle eg gjerne ha gjeve statsråden ein pause, men er det spørjetime, så er det spørjetime, så spørsmålet går til olje- og energiministeren. Viss vi går litt tilbake i tid, til …

Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til olje- og energiministeren, Terje Aasland, 11. mai 2022.

Til
Olje- og energiministeren · Terje Aasland
Datert
11. mai 2022
Besvart
11. mai 2022

Finanser · Skatter · Energi

Spørsmål

For å vere miskunnsam skulle eg gjerne ha gjeve statsråden ein pause, men er det spørjetime, så er det spørjetime, så spørsmålet går til olje- og energiministeren.

Viss vi går litt tilbake i tid, til våren 2020, då koronabølgja trefte, vart det innført ei såkalla oljeskattepakke i denne salen. Solberg-regjeringa la fram ei ganske nøktern og nøytral skattepakke. Ho vart tilført betydelege mengder steroid under behandlinga på Stortinget, særleg drive fram av partiet til statsråden, Senterpartiet og Framstegspartiet. Oljeprisen, som ein var bekymra for då, kom raskt opp igjen, for å seie det forsiktig, og er no rekordhøg. No går det så det grin langs heile kysten, og ingeniørar, teknologar og andre som kunne ha brukt tida si på å optimalisere og få ned kostnadane på havvindprosjekt og hydrogenproduksjon, er veldig opptekne. Det dei er opptekne med, er å rekke ein tidsfrist for å få skattesubsidiar til ei rekkje utbyggingsprosjekt. Gjennomgangane vi ser no, viser at mange av dei prosjekta som no vert søkte om, er samfunnsøkonomisk ulønsame, men vert bedriftsøkonomisk lønsame på grunn av skattepakka.

Trass i at det er spørjetime, skal eg ikkje vere altfor høg og mørk i spørsmålsstillinga, nettopp fordi dette var ei skattepakke som vart vedteken med eit breitt fleirtal på Stortinget, inkludert dei dåverande regjeringspartia. Eg vil heller invitere statsråden til å reflektere litt rundt korleis han meiner at dette, den affæren vi opplevde, står seg i ettertid. Realitetane er jo at alt det regjeringa snakkar om at dei vil skal skje av teknologiutvikling, fornybar- og havvindutbygging, skjer det fint lite med for tida, fordi ein driv med det ein alltid har drive med – drive fram av god skattestøtte.

Korleis tenkjer statsråden at dette står seg i ettertid?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.