Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2047 · 2021-2022

Kan finansministeren gi ei oversikt over samla auke eller reduksjon i klima- og miljøinnsatsen i framlegget til revidert nasjonalbudsjett?

Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til finansministeren, Trygve Slagsvold Vedum, 12. mai 2022. Svaret kom 24. mai 2022.

Til
Finansministeren · Trygve Slagsvold Vedum
Datert
12. mai 2022
Besvart
24. mai 2022

Spørsmål

Kan finansministeren gi ei oversikt over samla auke eller reduksjon i klima- og miljøinnsatsen i framlegget til revidert nasjonalbudsjett?

Begrunnelse

I Prop. 115 S (2021-2022) vert det gitt ei oversikt over dei ulike omprioriteringane regjeringa foreslår i samband med revidert nasjonalbudsjett. Det blir likevel ikkje gitt eit samla tal på kor mykje klima- og miljøinnsatsen blir styrka eller svekka samanlikna med statsbudsjettet for 2022 som vart vedteke av Stortinget i desember 2021. Ut frå ei gjennomlesing kan det synest som den samla innsatsen blir monaleg svekka, jf. kutt til både klima- og skogprosjektet, restaurering av viktige naturtypar, skogvern m.v. Men det ville vore nyttig med ei samla framstilling. Eg ber om at det blir gitt ei separat oversikt over endringar i klima- og miljøinnsatsen som går over bistandsramma.

Svar

Finansministeren Trygve Slagsvold Vedum, 24. mai 2022

Med «auke eller reduksjon i klima- og miljøinnsatsen» legg eg til grunn at det vert meint endringar i løyving på budsjettpostar som kan ha effekt på utslepp eller opptak av klimagassar. Det finst fleire måtar å vurdere dette på. Eg gjer rekning med at representanten ønskjer ei oversikt basert på den som finst i kap. 17 Klimaeffekt av framlagt budsjett i KLDs Prop. 1 S for 2022. Ut frå metoden som der er brukt kan ein setje opp tabellane under.

Foreslått endringar i løyvingar som kan påverke klima- og miljøinnsatsen, eksklusiv bistand:

Kap. og post (departement) Formål Nærmare forklaring Foreslått endring i mill. kr
920.50 (NFD) Norges forskningsråd, Tilskott til næringsretta forskning Redusert løyving til Forskningsrådet -22,6
923.01 (NFD) Havforskningsinstituttet, Driftsutgifter Meir kunnskap som grunnlag for lokalisering av havvind og havbruk til havs for å bringe fram kunnskap om effektar på miljø og økosystem og legge til rette for sameksistens med andre næringar. 10,0
5325.52 (NFD) Innovasjon Noreg (Ny), Tilbakeføring frå kondemneringsordninga for skip Avvikle kondemneringsordninga for skip -53,4
1100.21 (LMD) Landbruks- og matdepartementet, Spesielle driftsutgifter Oppstart av Bionova utsettast til 2023 -30,0
1137.50 (LMD) Forskning og innovasjon, Forskningsaktivitet, Norges forskningsråd Redusert løyving til landbruks- og matforsking -10,0
1420.01 (KLD) Miljødirektoratet, Driftsutgifter Gjennomføring av EUs grøne giv 5,0
1420.35 (KLD) Miljødirektoratet, Statlege erverv, skogvern Redusert løyving til skogvern -50,0
1420.38 (KLD) Miljødirektoratet, Restaurering av myr og anna våtmark Redusert løyving til restaurering av myr og anna våtmark -20,0
1800.21 og 1810.21 (OED) Olje – og energidepartementet, Oljedirektoratet, Spesielle driftsutgifter
Havvind – forundersøkingar Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord 70,0
1830.51 (OED) Forsking og næringsutvikling, Infrastruktur og marknadsutvikling for hydrogen Reduksjon i løyving til hydrogeninfrastruktur -25,0
1840.72 (OED) CO2-handtering, Langskip – fangst og lagring av CO2 Langskip – oppstart av fangstprosjekt ved avfallsforbrenningsanlegget på Klemetsrud i Oslo og aukte kostnader til bygging av fullskala anlegg for karbonfangst ved Norcem sin sementfabrikk i Brevik 390,0


Omprioritering innanfor bistandsramma som kan påverke klima- og miljøinnsatsen:

Kap.post (departement) Formål Nærmare forklaring Mill. kr
162.72 (UD) Fornybar energi Omprioritering til innanlandske flyktningutgifter -40,0
163.70 (UD) Miljø og klima Omprioritering til innanlandske flyktningutgifter -50,0
163.71 (UD) Bærekraftige hav og tiltak mot marin forsøpling Omprioritering til innanlandske flyktningutgifter -96,0
1482.73 (KLD) Klima- og skogsatsinga Omprioritering til innanlandske flyktningutgifter -300,0


Eg vil elles peike på at det vert gjort store satsingar på klima og miljø i jordbruksavtalen 2022.
Oversikt over ordningar på jordbruksavtalen med klima- og/eller miljøformål, mill. kroner
Kap. 1150 2022 2023 Endring
Post 50 Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 147 170 23
Post 50 Drenering av jordbruksjord 68 68 01
Post 50 Tiltak i beiteområde (organisert beitebruk) 26 31 5
Post 50 PRESIS 4 4 0
Post 50 Klima- og miljøprogram 28 37 9
Post 50 Utvalde kulturlandskap og Verdsarvområda 23 25 2
Post 50 Biogass 12 13 1
Post 50 Klimasmart Landbruk 0 10 10
Post 50 Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket 112 162 50
Post 50 Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel 12 14 2
Post 50 Utviklingsmidlar økologisk landbruk 31 15 -16
Post 74.16 Beitetilskott 1 078,00 1 349,0 271
Post 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskottet 4 258,10 5 360,5 1 102,4
Post 74.19 Regionale miljøprogram (RMP) 601,1 786,1 185
Post 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk 130,2 146,6 16,42
SUM 6 530,4 8 191,2 1 660,8
1 Satsen vert aukt, men sidan det er nok midlar på ordninga er det ikkje trong til aukt avsetnad i 2023.
2 Av ordninga er 5 mill. kroner flytt til kap. 1150, post 73 Norsk Landbruksrådjeving, 5 mill. kroner er flytt til Klima- og miljøprogrammet og 6 mill. kroner er flytt til nasjonale tilretteleggingsmidlar

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.